Hopp til innhold

Emre er ikkje mann eller kvinne – ny minister ser på eit tredje kjønn

Likestillingsministeren varslar at dei skal sjå på moglegheita for eit tredje juridisk kjønn. – Stort å kunne bli anerkjend.

Emre Lundmark, styremedlem i Fri Innlandet

IKKJE-BINÆR: Emre Lundmark (46) ville søkt om å bli registrert under eit tredje juridisk kjønn, dersom det eksisterte.

Foto: Åshild Slåen / NRK

Førre veke sa kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen til Blikk at dei straks skal byrje ei utgreiing rundt ei mogleg innføring av ein tredje kjønnskategori i Noreg.

For Emre Lundmark er det noko hen nesten ikkje tør å tenke på.

– Det er stort dersom eg kunne blitt anerkjend som det kjønnet eg føler eg har hatt heile livet, seier Emre.

To alternativ

Emre har sjølv aldri passa inn i kategoriane mann eller kvinne, og identifiserer seg som ein ikkje-binær transperson.

– Eg har mykje feminint og maskulint ved meg, men eg er noko som er utanfor desse binære boksane, seier hen.

NRK forklarer

Kva er eit tredje juridisk kjønn?

Kva er eit tredje juridisk kjønn?

To alternativ

I Noreg blir det kryssa av enten kvinne eller mann når eit barn blir født. Det er dette som står i passet ditt eller på nasjonalt ID-kort. 

Kva er eit tredje juridisk kjønn?

Endre juridisk kjønn

Frå 2016 har det vore mogleg å søke om å endre juridisk kjønn, dersom du er over 16 år. Før måtte du ha ei medisinsk ugreiing, diagnose og behandling for å få lov til å gjere dette.

Kva er eit tredje juridisk kjønn?

Eit tredje alternativ

Nokre personar meiner dei ikkje passar heilt inn i kategoriane mann eller kvinne, og ønsker seg difor eit tredje alternativ. Forskjellige land gjer det på forskjellige måtar. I Danmark kan ein få fullstendig fritak frå den såkalla tokjønnsmodellen ved å bli identifisert som "X" i passet. I Nepal og India er derimot det tredje kjønnet spesifisert og likestilt med dei to andre.

Kva er eit tredje juridisk kjønn?

Kven vil dette vere aktuelt for?

Transpersonar med ein kjønnsidentitet som ikkje passar inn i kategorien mann eller kvinne, er ei gruppe som truleg vil nytte seg av eit tredje kjønnsalternativ. Det kan også gjelde personar som er intersex, det vil seie folk som er født med forskjellige kjønnskarakteristika som ikkje berre samsvarer med mann eller kvinne.

Sjekk kva dei forskjellige partia har programfesta om kjønn og legning

Kvardagen hadde vore litt enklare, trur Emre, dersom staten offisielt anerkjende at det er ein moglegheit å ikkje vere mann eller kvinne.

– Å leve som ein annan identitet enn den du faktisk er, gjer noko med deg. Du føler deg feil, og må alltid forsvare kven du er. Det er ei påkjenning kvar dag.

  • Også i kyrkja kjem det inn nye tradisjonar:

Har vore oppe fleire gonger

Seinast i februar var det oppe eit lovforslag frå SV i Stortinget om å innføre eit tredje juridisk kjønn. Raudt, SV og MDG var dei einaste som stemte for dette forslaget, alle andre stemte mot.

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen

LANG VEG: Anette Trettebergstuen var også med i debatten om tredje kjønn i 2016, då Stortinget stemte over Regjeringa si likestillingsmelding.

Foto: Ilja C. Hendel / Kulturdepartementet

– Dette er ikkje noko vi kan gjere over natta, vi må gå grundig inn i alle relevante problemstillingar, seier likestillingsminister Anette Trettebergstuen om kvifor dei no byrjar med ei utgreiing.

Jonas Gahr Støre var også tydeleg i valkampen om at Arbeidarpartiet ville sjå på eit tredje juridisk kjønn som eit alternativ. Trygve Slagsvold Vedum og Erna Solberg var meir nølande.

Trettebergstuen seier dei straks vil starte arbeidet med utgreiinga. Resultatet kan danne grunnlaget for eit lovforslag, men ho kommenterer ikkje på om ho trur dei kan få med seg Senterpartiet på dette.

– Det er jo kjent kor eg står i saka, men no tar vi éin ting om gongen.

Mogleg fleirtal

Raudt, SV, MDG og Venstre har alle programfesta at dei støttar å innføre eit tredje juridisk kjønn. Dersom Arbeidarpartiet sluttar seg til dette etter utgreiinga, er det 80 stortingsmandat. For å få fleirtal må ein ha 85 mandat.

Det står ingenting om eit tredje kjønn i partiprogrammet til Senterpartiet, og Hurdalsplattforma nemner det heller ikkje. Parlamentarisk leiar Marit Arnstad, seier dette er eit tema som partiet ikkje har teke stilling til, men at dei ikkje er imot ei utgreiing.

Marit Arnstad

KAN BLI FRITT: Senterpartiet har ikkje noko standpunkt i saka, men det er mogleg at representantane kan bli stilt fritt.

Foto: Mats Rønning / NRK

Eit eventuelt lovforslag kan difor gå mange vegar.

– Dette kan vere eit spørsmål av verdimessig karakter der våre representantar i tråd med vår tradisjon vil bli stilt fritt, seier Arnstad.

Dersom det skulle skje blir det opp til kvar enkelt stortingsrepresentant frå Senterpartiet kva dei vil stemme.

Ein prosess

Før det skjer er det likevel mykje som må bli sett på. Advokat Lars Arnesen, som skreiv lovkommentaren til lova om å endre juridisk kjønn, meiner eit sentralt spørsmål er kva slags modell ein skal ta utgangspunkt i.

Lars Arnesen, advokat

FORSKJELLIGE MODELLAR: Lars Arnesen seier det er ein skilnad i kor mykje ein må endre på norske lover, ut frå kva slags juridisk kjønnsmodell ein tek utgangspunkt i.

Foto: Privat

– Det er tre hovudalternativ, ein enkel modell der det er x i passet, ein meir fullverdig modell der den tredje kategorien går inn i alle lover og forskrifter, eller ein meir kjønnsnøytral modell, der ein kuttar ut å bruke juridisk kjønn i det heile tatt, seier Arnesen.

Kva modell ein tek utgangspunkt i vil avgjere kor omfattande ei eventuell lovendring blir.

Eit anna aspekt er korleis det passar inn med diskrimineringslovgiving. Anniken Sørlie ved Universitetet i Oslo har blant anna forska på rettane til transpersonar i Noreg. Ho påpeikar at det ikkje har vore ein grundig gjennomgang av norsk lovverk når det tidlegare har blitt gjort endringar i rettane til LHBT-personar.

Anniken Sørlie

GRUNDIG ARBEID: Postdoktor Anniken Sørlie frå juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo meiner det er behov for ei grundig utgreiing og gjennomgang av norsk lov.

Foto: Høgskulen i Østfold

– Lover som ser like ut på papiret, kan slå ulikt ut for LHBT-personar. Det vil vere nødvendig å endre lover med kjønnsspesifikt språk, slik at ein ikkje avgrensar rettane til ikkje-binære personar samanlikna med binære personar, seier Sørlie.

Ho trekk opp bioteknologilova om assistert befrukting som eit eksempel der kjønnsspesifikt språk avgrensar tilgangen personar som endrar juridisk kjønn har på behandling.

Kan endre kvardagen

Emre Lundmark, styremedlem i Fri Innlandet

VIL REISE: Emre har lyst til å kunne reise til land som India og Nepal med eit visum der informasjon samsvarer med kjønnsidentiteten deira.

Foto: Åshild Slåen / NRK

For Emre er det fleire ting som hadde blitt enklare dersom hen kunne bli registrert under eit tredje juridisk kjønn, men det viktigaste er skilnaden i kvardagen.

– Det hadde vore fint å ikkje måtte forklare for gud og kvarmann at eg ikkje er ei kvinne.

Flere saker fra Innlandet