Hopp til innhold

OECD: – Lågare bustadprisar kan skape problem for norsk økonomi

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) oppmodar norske styresmakter til å førebu ein kriseplan for det som kan skje som følgje av nedgangen i bustadmarknaden.

OECD landrapport for Norge.,

Visegeneralsekretær i OECD, Mari Kiviniemi, saman med finansminister Siv Jensen.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Dette kom fram då visegeneralsekretær Mari Kiviniemi i OECD i dag leverte rapporten sin om norsk økonomi til finansminister Siv Jensen (Frp). OECD er likevel klar på at norsk økonomi er i ei positiv utvikling, trass i lågare oljeprisar.

Finske Kiviniemi gav mykje ros til norsk økonomisk politikk, men ho oppmoda likevel den norske regjeringa til å førebu ein kriseplan for ei mogleg hard landing i bustad- og kredittmarknaden, som følgje av lågare bustadprisar.

– Målretta grep

OECD meiner at ein slik kriseplan kan inkludere ei mogleg utsetjing av ei planlagt normalisering i pengepolitikken og målretta grep i skattepolitikken. Visegeneralsekretæren sa blant anna at det er ein fare for at dei lågare bustadprisane kan føre til lågare forbruk, og at det igjen kan skape problem i finanssektoren.

OECD landrapport for Norge

Visegeneralsekretær Mari Kiviniemi i OECD hadde mykje positivt å seie om norsk økonomi.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Ho meinte likevel at tiltaka den norske regjeringa har sett i verk gjer at sjansen for ei hard landing er mindre sannsynleg. Mari Kiviniemi sa at nedgangen i bustadprisane har mange positive sider for økonomien, men åtvara samstundes om at eit kraftig prisfall kan få alvorlege konsekvensar.

OECD er også uroa over den høge auken i gjelda til norske privatpersonar.

Mari Kiviniemi minte også om at det er viktig for norsk økonomi med ein overgang frå ein oljeøkonomi til eit meir framtidsretta næringsliv. Dette vil vere heilt naudsynt for å sikre at velstandsnivået i Noreg skal førast vidare, sa ho.

Les heile OECD-rapporten her

– OECD viktig for Noreg

Finansminister Siv Jensen sa på si side at ho var glad for at OECD stadfestar at norsk økonomi er i betring, og ho tok rapporten til inntekt for politikken regjeringa fører.

– Eg merka meg at OECD deler vårt syn på behovet for omstilling i norsk økonomi, sa ho blant anna. Ho streka samstundes under at oljenæringa vil vere ein viktig del av den norske økonomien i mange år framover.

Jensen gjorde det også klart at samarbeidet med OECD er viktig for Noreg.

OECD råder Norge til å beholde velferdsstaten

– Mjuk landing

Carl O. Geving i Norges Eiendomssmeglerforbund.

Carl O. Geving er administrerande direktør i Norges Eiendomsmeglerforbund.

Foto: CF-Wesenberg

Administrerande direktør Carl O. Geving i Norges Eiendomsmeglerforbund er ikkje nøgd med OECD-analysen av den norske bustadmarknaden. Han meiner det ser ut som om organisasjonen har sove i timen.

– Det verkar som om dei går på autopilot. Det er openbart at OECD ikkje har teke innover seg at bustadmarknaden faktisk har vore gjennom ein korreksjon i 2017. Alt tyder på at marknaden er i ferd med å gå inn for ei mjuk landing, og at vi vil sjå ei meir normal utvikling i 2018, seier han til NRK.

Han er samd i at hushaldningane si høge gjeld gir grunn til uro, men meiner likevel at OECD svartmålar situasjonen.

– Så lenge norsk økonomi utviklar seg positivt og rentene held seg relativt låge, er bustadmarknaden robust. Det er ingen grunn til å ta sterkare grep enn det regjeringa alt har gjort gjennom bustadlån-føreskrifta og skjerpt skattlegging av sekundærbustader, seier Geving.

AKTUELT NÅ