På flyplassen i Krakow i Polen ventar passasjerar på å få sjekke inn på dei siste flyavgangane før nye karantenereglar for arbeidsinnvandrarar til Noreg trer i kraft frå midnatt.
Men også norske medisinstudentar, som studerer i byen Martin nabolandet i Slovakia, nyttar høvet til å kome seg heim før det blir innført strengare restriksjonar der.
– Det er mange som studerer medisin i Slovakia, men dei fleste har vel nærast rømt landet no. Det kjennest tryggare å kome heim, seier Marielle Steffensen, som kom med ei av dei siste drosjene som fekk kome over grensa før Slovakia stengde ned fredag.
Universitetet stenger også ned, men det betyr ikkje tidleg juleferie for studentane.
– Vi må følge undervisning over nett, og då tenkte vi at vi like gjerne kunne reise heim, seier Endre Gjertsen til NRK.
Nye karantenereglar
Dei siste vekene har det vore ein kraftig auke i talet på koronasmitta i Noreg. Ein del av denne smitten skuldast utanlandske arbeidarar som kjem frå land med høg smitte. Desse har til no hatt fritak frå karanteneplikta.
Men frå midnatt natt til laurdag blir det innstrammingar. Då må arbeidstakarar frå det EU kallar raude land i karantene i ti dagar. Andre arbeidstakarar frå utlandet må teste negativt kvar tredje dag og bu på einerom dei ti første dagane.
- Les:
Ved innsjekkinga i Krakow er det ein del polske arbeidarar som no sjekkar inn på nokre av dei siste avgangane før dei nye reglane trer i kraft.
Ein av dei er Peter, som valde å reise tidlegare enn planlagt på grunn av dei nye restriksjonane som blir innført ved midnatt.
– Eg skulle eigentleg ta eit fly laurdag, men eg booka om til i dag på grunn av dei nye reglane. No kan eg reise på jobb så snart eg har fått testresultatet. Dette er siste sjanse til å unngå ti dagar med tapt arbeid og pengar, seier han.
Må bli i Noreg for å ta igjen det tapte
Dei nye reglane skaper utfordringar både for dei utanlandske arbeidarane i Noreg, og for dei norske arbeidsgjevarane.
Aurel Peptanaru frå Romania har jobba som sveisar hos Notech AS i Sandefjord dei siste ti åra. Han var i Noreg i april og har ein ny tur no i haust.
– Problemet no er at vi må ti dagar i karantene utan å få betalt. Då eg kom hit i april, fekk eg takka vere staten lønn også i karantenetida, seier han.
Peptanaru seier han må bli ti ekstra arbeidsdagar i Noreg for ta igjen det han taper på å ikkje få betalt under karantenen.
For bedrifta Notech AS bil dei nye reglane bety 15 prosent auka lønnsutgifter til dei personane det gjeld.
– Vi har i tillegg ein del kostnadar knytt til mat, ekstra bustader og ekstra bilar til transport, seier dagleg leiar Dag Abrahamsen.
Karantenereglane skaper ein del vanskar for Sandefjord-bedrifta. Etter planen skal ei ny gruppe arbeidarar komme til Noreg neste fredag og rotere med dei som er her i dag.
– For å sleppe for mange rundar med karantene, ligg det an til at dei som er hos oss no blir her litt lenger, og tek ein lengre juleferie, og dei som avspaserer no kjem seinare og blir nærmare jul, seier han.