Hopp til innhold

Ny statsråd får hard motstand: – Redd Noreg taper

Den nye regjeringa vil ha ei storsatsing på utdanning i heile landet. Men universitetsleiarar fryktar politisk overstyring, lokaliseringsdebattar og svekka kvalitet.

Forelesning på NTNU Ålesund, SIKT-konferansen 2016

HEILE LANDET: Frå ei forelesning ved NTNU i Ålesund, ein av fleire lærestader som er blitt samanslått i eit større universitet.

Foto: Frode Berg / NRK

– Regjerngsplattforma er svært distriktspolitisk, seier rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo.

– Det er kanskje ikkje anna å vente, seier Sunniva Whittaker , som representerer 32 høgskular og universitet som leiar i Universitets- og høgskulerådet (UHR).

For heile landet

Tenester for heile Noreg har vore eit sentralt poeng for Senterpartiet i valkampen. No skal partiet styre høgare utdanning og forsking ved statsråd og Sp-nestleiar Ola Borten Moe.

Innanfor høgare utdanning peikar regjeringsplattforma først og fremst på behovet for utdanningar i distrikta.

  • Gjenopprette utdanningstilbod på Nesna i Nordland
  • Krav til universitet og høgskular om å ha desentraliserte tilbod
  • Stortinget bør inn dersom eit universitet vil legge ned ein lærestad
Sunniva Whittaker

DILEMMA: Sunniva Whittaker, styreleiar UHR.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Eg ser eit dilemma her, seier Whittaker.

Ho meiner både kvaliteten og økonomien kan bli råka av den nye regjeringa sin sterke politiske vilje til å styrke desentraliserte utdanningar.

– Det hadde kanskje vore lurare å diskutere med dei utdanningsinstitusjonane som finst, korleis dei skal ivareta behovet for desentralisert utdanning.

Kven skal betale?

For sjølv om Whittaker, som til dagleg er rektor ved Universitetet i Agder, også ønskjer utdanningstilbod spreidd over heile landet, fryktar ho regjeringa sin politikk kan bli både dyr og dårleg.

– Vi er uroa for kva det vil koste å gjenopprette ein høgskule på Nesna.

Den same bekymringa har rektoren ved Universitetet i Bergen, Margareth Hagen.

– Det må kome ei ekstrafinansiering for å reetablere Nesna. Kven skal betale for dette? Vi håpar det ikkje er resten av denne sektoren, seier Hagen til NRK.

Regjeringa, eller den ferske statsråden for høgare utdanning, Ola Borten Moe, har ikkje noko svar klart enno på korleis dei skal finansiere Nesna, men varslar at dei kjem tilbake til dette i komande budsjettprosessar.

La nesna leve

SYMBOLET: Utdanningstilbodet på Nesna vart nedlagt av Nord universitet i 2019. Regjeringa vil gjenopprette det.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

Internasjonal konkurranse

I utdanningssektoren uttrykker fleire at dei er nøgde med andre punkt i regjeringsplattformen.

Desse punkta blir drege fram av fleire:

  • Mål om avbyråkratisering og tillitsreform
  • Auke finansieringa for universitet og høgskular
  • Tre prosent av den norske økonomien skal gå til forsking og utvikling

Men rektor Stølen ved Universitetet i Oslo saknar fleire ambisjonar som løftar blikket frå desentraliserte utdanningar her til lands.

Etablering av nytt studietilbud for tros- og livssynsledere på universitetet i Oslo

AMBISJONAR: UiO-rektor Svein Stølen meiner kunnskapssamfunnet er globalt.

Foto: Vidar Ruud

– Eg saknar ikkje minst store ambisjonar internasjonalt. Kunnskapssamfunnet er globalt, seier han til NRK.

Han er redd for at regjeringa sitt fokus vil gå utover satsing på forsking i toppklasse som hevdar seg internasjonalt.

– Det blir satsa massivt i Kina, Europa og USA. Viss Noreg vel å tenke meir på refordeling av ressursar mot det regionale, er eg redd vi taper.

Politisk overstyring

Under regjeringsforhandlingane åtvara Universitets- og høgskulerådet mot politisk innblanding i kvar det skal vere utdanningstilbod. Dette er nemleg noko utdanningsinstitusjonane i stor grad har makt til å bestemme sjølv.

No har leiar Sunniva Whittaker merka seg at regjeringa vil ha politisk styring av kvar det skal vere lærestader.

– Det er problematisk fordi universiteta og høgskulane er ansvarlege både for økomien og kvaliteten i dei utdanningane dei har. Ingen legg ned noko dei meiner kan bere seg.

– Men kvifor skal det ikkje vere Stortinget som bestemmer kvar vi har høgare utdanning her i landet?

– Vi har 32 høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg. Så er spørsmålet kva som er samfunnsøkonomisk mest forsvarleg å gjere for å breie tilbodet vidare ut. Vi har mange verkemiddel for å få til desentraliserte tilbod allereie, eg synest dette er godt ivaretatt, seier Whittaker.

Avtroppande statsråd for høgare utdanning, Henrik Asheim (H) meiner den nye regjeringa på dette området opnar for at utdanningspolitikken på Stortinget får meir preg av lokaliseringsstrid og at stortingsrepresentantar vil bli opptekne av å kjempe for læretilbod i sin heimregion.

– Tillitsreform er ei fin overskrift, men viss alt under har preg av meir politisk styring, så betyr det jo mindre tillit.

– Dette er eit langt steg å gå, seier UiO-rektor Svein Stølen til NRK.

– Heile forskings- og høgare utdanningspolitikken kjem til å bli meir politisert enn i dag. Eg trur det er uheldig.

Ingen motsetnad

NRK møtte ny statsråd for forsking og høgare utdanning, Ola Borten Moe (Sp), då han fekk nøklane til sitt nye kontor av Henrik Asheim.

Regjeringsskifte 2021

SKIFTE: Nytt nøkkelkort, nye blomar og ny politikk når Ola Borten Moe (Sp) får stolen til Henrik Asheim (H).

Foto: Martin Andersson/kd / NTB

På veg ned i statsrådstolen ser ikkje Moe det store dilemmaet.

– Enkelte stemmer i sektoren utrtrykker uro for meir politisk styring av utdanningsinstitusjonane. Kva seier du til dei?

– Vi understrekar også behovet for og verdien av akademisk fridom. Sjølvsagt er det innanfor nokre rammer, det ser ein i regjeringsplattforma, vi understrekar at det skal vere eit utdanningstilbod over heile landet.

– Blir det viktigare kvar det er utdanningar enn innhaldet i utdanningane når Sp er i regjering?

– Det er viktig å seie at det er ikkje nødvendigvis eit motsetningsforhold i dette. Folk bur over heile Noreg, dei skal ha tenester, arbeidsplassar og aktivitet som etterspør den kompetansen og teknologien som denne sektoren produserer. Då skulle det berre mangle at det ikkje er eit utdanningstilbod til stades over heile landet.

AKTUELT NÅ