Hopp til innhold

Koronatest på norske flyplassar: 1190,- Heathrow: 430,- Kastrup: 280,-

Mange land og flyselskap krev fersk koronatest når du skal ut å fly. Slike testar får du på norske flyplassar, men til stivare prisar enn uti Europa.

Ein passasjer vart testa ved ankomst i januar i år. Slik testing ved ankomst er gratis, men ofte må du punge ut sjølv om du skal teste deg før avreise.

Ein passasjer vart testa ved framkomst i januar i år. Slik testing ved framkomst er gratis, men ofte må du punge ut sjølv om du skal teste deg før avreise.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Då me kom til Noreg tok me ein gratis test, men når me no skal tilbake til Belgia måtte me ta ein ny test som kosta oss 200 euro, fortel Daniële Danckers når NRK møter ho i Frognerparken.

Det er nokre timar sidan ho tok testen, men ho er framleis ganske sett ut av at ho måtte betale rundt 2.100 kroner for ein koronatest. Det måtte også dei tre andre i reisefølget.

Daniëlle Danckers og Laurens Vanlandschoote avsluttet norgesferien i Frognerparken.

Daniëlle Danckers og kjærasten Laurens Vanlandschoote måtte ut med fire gonger så mykje pengar for å teste seg i Noreg, samanlikna med heimlandet Belgia.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

– Det er snakk om ordentleg mykje pengar. Me vart heilt sjokkerte i dag tidleg då me fekk vite prisen, sa Danckers, før ho nokre timar seinare på dagen reiste heim frå ferien i Noreg.

Testen måtte belgiarane ta for å kunne sette seg på flyet heim att til Belgia, og i Belgia er det krav om ein gyldig PCR-attest som ikkje er eldre enn 72 timar.

Det er ein dyrare test enn ein del andre, og spesielt om ein må ha svar raskt. I Belgia kosta den same testen 50 euro (cirka 520 kroner), fortel Danckers.

Paris, København og London er langt billigare

NRK si oversikt viser at det er store prisforskjellar i Europa, og at Noreg kjem ut som eit av dei dyraste landa i samanlikninga.

Prisane som er samanlikna er (1) pris for ein ekstra rask PCR-test, der ein får svar innan 1-6 timar. Dette er same test som dei fleste nordmenn tek om dei får symptom på korona, og som ofte tek 1-2 dagar å få svar.

Og (2) pris for antigentestar. Desse testane er ikkje anbefalt av Folkehelseinstituttet fordi den er mindre presis, men blir likevel brukt ein del for å få utført mange og raske testar.

Priser for koronatestar på ulike flyplassar

Flyplass

PCR-test 1-6 timar, inkl. attest

Antigen-hurtigtest

Gardermoen (Dr.Dropin)

2500,-

1195,- inkl. attest

Flesland (Volvat)

2500,-

1190,- inkl. attest

Værnes (Kry)

Ikkje eit tilbod

1190,- inkl. attest

Sola (Klinikk Spero)

2600,-

1250,- inkl. attest

Kastrup, Købenahvn

1470,-

280,-

Arlanda, Stockholm

1950,-

715,- inkl. attest

Schiphol, Amsterdam

2400,-

720,- inkl. attest

Heathrow, London

720,- (men svar dagen derpå)

430,-

Charles de Gaulle, Paris

730,-

315,-

Frankfurt

1350,-

300,-

Roma

630 (svar innan 36 timar)

210,-

Aten

630,- (svar innan 24 timar)

210,-

Ekspander/minimer faktaboks

På utgiftssida opplyser Helsedirektoratet til NRK at det kostar cirka 40 kroner for utstyret som trengst for å gjere ein vanleg PCR-test.

I tillegg kostar det cirka 180 kroner for å få analysert ein test ved eit laboratorium, og dette er ein kostnad staten ofte tek på seg, også når testane er utført av private aktørar.

Men testar som skal føre fram til ein såkalla «fit-for-flight»-attest vert ikkje refundert av det offentlege, ifølge Helsedirektoratet. Dei fleste aktørane ved flyplassane tek seg ekstra betalt for slike attestar.

qSnqAcB43xk

Koronatestar kan du finne på nesten alle flyplassar. Her frå Berlin. Ved framkomst er testane som oftast gratis, og støtta av staten. Men ofte må du ha fiksa ein eigen test før avreise.

Foto: STEFANIE LOOS / AFP

Det finst nokre gratis alternativ

Ein del nordmenn, spesielt blant dei som ikkje er fullvaksinerte, må punge ut for å teste seg for korona om dei skal ut på reise.

Det er i utgangspunktet berre gratis med koronatest i Noreg om ein har symptom på sjukdommen. Men fleire stader i landet har det offentlege sponsa ulike private aktørar, slik at det er mogleg for alle med norsk ID eller opphaldsløyve (d-nummer) å ta gratis test.

På den private koronatest-marknaden er det liten prisvariasjon i Noreg. Enkelte aktørar er litt billigare enn andre, og nokre rabattar eksisterer. Men i sum er prisnivået høgare i Noreg enn mange andre land i Europa.

Dobbelt så dyrt å betale som privatperson

I tillegg til antigen-testar og ekspress-testar, så finst det også vanlege PCR-testar, som det tek eit par dagar å få svar på. Om du skal ta ein slik test hos ein private aktør i Noreg, så kostar den rundt 1000 kroner, utan «fit-to-fly»-attest.

For å kunne samanlikne har NRK spurt Oslo kommune kva dei betaler for å få utført ein test av ein privat aktør. Dr.Dropin, som er den største aktøren i Oslo, får mellom 290 kroner og 423 kroner for kvar test dei gjennomfører. I tillegg har det offentlege utgifter til analysering av testen.

I Danmark bestemmer lufthamna prisen

I oversikta skil Danmark seg ut i positiv retning, med låge prisar for antigen-testar på Kastrup.

Avinor, som drifter både Gardermoen, Flesland, Værnes og Sola, opplyser til NRK at dei ikkje har stilt krav om prisnivået, men at det er krav om at testinga ved flyplassen ikkje skal vere dyrare enn i den lokale marknaden elles.

Avinor vil ikkje la seg intervjue, men kommunikasjonsansvarleg ved Oslo Lufthavn skriv i ein e-post til NRK at det er prisane i den norske marknaden som er førande for prisnivået på flyplassane.

Avinor svarer ikkje på kva dei tenker om at flypassasjerar betaler meir på Avinor sine flyplassar enn på andre flyplassar i Europa, og for andre spørsmål om prissettinga viser Avinor vidare til dei ulike leverandørane for svar.

Forklarer prisane med høgt lønsnivå

Kommunikasjonsdirektør i Volvat, Mille C. Henriksen, skriv i ein e-post at det på generelt grunnlag er vanskeleg å samanlikne prisar. Særskild på tvers av landegrenser.

Henriksen viser til at lønnsnivå, pris på utstyr og leige av lokale kan variere mellom landa. Ho viser også til at ein ikkje veit om testinga ved dei ulike flyplassane får statleg støtte i andre land. Slik støtte finst ikkje i Noreg.

Andreas Bakke i Kry forklarer den store prisforskjellen med at personalkostnader er den klart største kostnaden, og at lønnsnivået i Noreg er generelt høgt.

– Det er mange tilsette som skal vere på jobb for å drive eit godt testtilbod. For å drive ordentleg koronatesting er det alt frå legar, sjukepleiarar, testpersonell og administrativt tilsette involvert. Det er rett og slett ein personellintensiv operasjon, seier Bakke.

Også Parsa Shirkhani ved Klinikk Spero på Sola viser til høgt lønsnivå som ei forklaring.

– Klinikk Spero bruker berre helsepersonell til å utføre og analysere testane. Våre sjukepleiarar har i gjennomsnitt 10 år ansiennitet. Lønnskostnader til ein sjukepleiar, med tillegg, er over ein million i året, mens det i utlandet sikkert berre er halvparten så mykje, skriv Shirkhani i ein e-post til NRK.

Han viser også til at prisen på utstyret som trengst for å ta ein PCR-test er dyrt, og at det også er utgifter knytt til leige av lokale, smittevernutstyr, handtering av avfall og administrative oppgåver.

NRK har ikkje fått svar frå Dr.Dropin.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger