Hopp til innhold

Norsk våpenekspert: – Du skal aldri sikte på nokon

Under pandemien jobba han med spesialeffektar og våpenbruk i den siste James Bond-filmen. No synest han det er heilt utruleg at Alec Baldwin klarte å skyte og drepe ein filmfotograf.

Daniel Craig og Pål Morten Hverven.

007: Pål Morten Hverven var stuntansvarleg for spesialeffektar i den siste James Bond-filmen. Daniel Craig var i Noreg for å spele inn scener til filmen «No time to die».

Foto: NTB / Imdb

– Du skal aldri sikte på nokon, seier Pål Morten Hverven til NRK.

Han reagerer sterkt på at den kjende skodespelaren Alec Baldwin losna skot med eit film-våpen og trefte filmfotografen Halyna Hutchins (42). Ho døydde på sjukehuset kort tid etter.

Den fatale hendinga skjedde i New Mexico under innspelinga av filmen «Rust».

I mange år har Hverven vore ein av dei mest sentrale spesialeffekt-folka i norsk filmbransje og den folk hentar inn når det skal brukast våpen på innspeling.

– Vi behandlar det alltid som våpen. Sjølv om det er ein kopi eller noko anna, så har vi alltid rutine for å behandle det som våpen, slår Hverven fast.

Han utelukkar ikkje at våpenet som Alec Baldwin brukte kan ha vore skarpladd, men meiner det er for tidleg å spekulere i kva som gjekk gale i New Mexico.

– Hovudregelen er at vi aldri har skarpe våpen på sett.

Alec Baldwin

FORTVILA: Alec Baldwin etter den fatale skyteepisoden i New Mexico fredag.

Foto: Jim Weber / AP

Blei drepen i 1993

I staden for brukar filmbransjen våpenkopiar eller ekte våpen som heilt eller delvis er plomberte.

– Det kan vere ulike behov. Om ein kan, så brukar du eit plastvåpen eller eit leiketøy som det ikkje er så nøye med. Av og til må du ha detaljbilde av eit våpen, då må ein gå til noko som er meir ekte.

Sist noko liknande skjedde var då Brandon Lee blei skoten på filmsettet til filmen «The Crow». 28-åringen var son til actionhelten Bruce Lee.

Våpenet, ein .44 magnum, som drap Brandon Lee var ikkje skarpladd. I dette tilfellet var våpenet ladd med lauskrutt, men det låg att eit fragment frå ei anna ladning i løpet.

Trykket frå lauskrutteksplosjonen var meir enn sterkt nok til å drive fragmentet inn i Lee og drap han.

Feilen her låg dermed i rutinene for å kontrollere våpenet før bruk. Ingen hadde skarp ammunisjon i våpen på settet.

Etter den brutale hendinga i New Mexico fredag, var familien til Brandon Lee raskt ute med sine kondolansar.

– Ingen skal nokon gong bli drepne av eit skytevåpen på eit filmsett, står det i tweeten dei la ut.

Brandon Bruce Lee på Twitter
Foto: @brandonblee / Twitter

– Veldig strenge reglar

Espen Horn er produsent og eigar av Motion Blur som produserer Troll for Netflix.

Han er ein av dei som reagerte sterkt då nyheita om Alec Baldwin sitt fatale skot blei kjend.

– Eg blei heilt sjokkert. Dette er jo ikkje noko som skal skje, seier Horn.

Han er no i gang med Netflix-serien «Troll» og der har dei svært strenge rutinar dei følgjer.

– Vi har jo veldig strenge reglar og heilt spesifikke, utdanna menneske som tar vare på våpen, eksplosiv og anna som går innanfor spesialfeltet. Dette skal ikkje skje.

Stunt- og filmvåpen Pål Morten Hverven er i alle fall tydeleg på at dei gjer alt for å unngå ulukker, enten det er med våpen eller andre spesialeffektar.

Dei kontaktar alltid politiet på førehand og har eigne tryggingssoner på filmsettet.

– Kunne dette skjedd i Noreg?

– Ikkje om dei rutinane vi brukar blir følgt. Dette er heilt eksepsjonelt.

AKTUELT NÅ