Hopp til innhold

Norsk politi seier nei til banebrytande overgreps-forsking

Kvaliteten på avhøyr av overgrepsutsette barn er framleis ikkje god nok i Noreg, meiner forskarar. Likevel vil ikkje politiet vere med på å utvikle ny teknologi som kan gjere dei verdsleiande i avhøyrsteknikk.

Avatarprosjektet OsloMet

NY METODE: Slik ser det førebels ut når politifolk eller andre øver seg på å bli betre på å avhøyre barn i overgrepssaker.

Foto: OsloMet

– Vi skulle gjerne hatt dei med.

Det seier forskingsleiar og førsteamanuensis ved OsloMet, Gunn Astrid Baugerud.

Ho leiar no eit stort, tverrfagleg forskingsprosjekt sett saman av forskarar frå OsloMet og SimulaMet med kompetanse på barnevern, psykologi og ulike område innanfor teknologi.

– Studium syner at kvaliteten på avhøyr av overgrepsutsette born er framleis ikkje der vi ønskjer at den skal vere her i landet.

Samarbeid med Australia

Prosjektet skal utvikle eit digitalt opplæringsprogram, på sikt med lyd, tekst og ein digital barne-avatar, som vil gjere det mogleg å øve seg på barneavhøyr.

Men dette har Politidirektoratet førebels sagt nei til å vere med på.

I staden har forskarane alliert seg med politiet i Australia og norsk barnevern, når dette skal testast ut.

For sjølv om det har skjedd mykje bra innan dette feltet i Noreg, er det framleis ein veg å gå for å bli gode nok, meiner forskaren.

– Barna får i for liten grad høve til å fortelje fritt i avhøyret. Det blir ikkje følgd opp i stor nok grad, og det blir stilt for lite opne spørsmål. Det blir til dels framleis stilt for mange leiande spørsmål, seier Baugerud.

Gunn Astrid Baugerud

KREVJANDE: Gunn Astrid Baugerud legg ikkje skjul på at det å avhøyre barn er vanskeleg og krevjande. Difor er det ekstra viktig at evnene og kunnskapen til dei som skal gjere det blir halden i hevd, meiner ho.

Foto: Pål Arne Kvalnes / OsloMet

Vil sjå eit «digitalt barn»

Reint praktisk vil det seie at den som skal avhøyre barnet kan setje seg framfor dataskjermen og trene på dei rette spørsmåla.

På skjermen vil det vere ein «digital person» som oppfører seg som eit barn.

– Slik sett blir samhandlinga meir dynamisk, og nærare ein verkeleg, reell avhøyrssituasjon.

At norsk politi i alle fall førebels ikkje er med i prosjektet får ingen praktiske konsekvensar.

Men Baugerud legg ikkje skjul på at ho meiner at dei burde ha vore med for å sikre at kunnskapen når dei som på sikt skal kunne bruke den.

– Vi skulle veldig gjerne hatt dei med, seier ho.

Målet er å setje i gang med omfattande studium og forsøk alt i 2022

Dei norske forskarane har i samarbeid med australske forskarar fått innpass hos australsk politi, som er rekna for å vere verdsleiande i etterforsking av overgrep.

Når barna kommer får de et eget venterom. Dette er deres private rom hele den tiden de er på Barnehuset. Her er det leker og aktiviteter som barna kan bruke.

TILRETTELAGT: Norsk politi brukar i stor grad det som blir sekvensielle avhøyr på barnehusa. Det vil seie at dei brukar svært god tid for å få barnet til å opne seg om det som har skjedd.

Foto: Ruth Marie Skulbru / NRK

Meiner dei ikkje har ressursar

Den norske forskinga skal også koplast saman med velutprøvd forsking og metodar som alt er i bruk i Australia.

– Vi veit i dag mykje om barn sin kapasitet til å fortelje om det dei har opplevd eller blitt utsette for, heilt ned i treårsalderen, seier forskaren.

Politidirektoratet (POD) seier til NRK at forskingsprosjektet er spennande, men dei slår fast at dei ikkje vil vere med - i rak motsetnad til sine australske kolleger.

– Dersom politiet hadde delteke i prosjektet ville dette ha bunde opp fleire avhøyrarar enn det vi har kapasitet til, seier seksjonsleiar Liv Johanne Atterås til NRK.

Ho meiner også at politiet må utvise varsemd med å delta i prosjekt som potensielt kan ha kommersielle interesser.

– For stort sprik

Kvart blir det gjennomført hundrevis av avhøyr på dei såkalla Barnehusa rundt om kring i Noreg. Her er det trente politifolk som spør barn om vonde og vanskelege opplevingar.

Då må kvaliteten på spørsmåla vere på topp, og då må det trenast mykje, påpeikar Baugerud.

– Når dei brukar rett metode i avhøyret fortel barnet meir korrekt, og ofte med fleire detaljar. Det finst mykje bakgrunnskunnskap på kva som fungerer, men så ser vi ut frå forsking i politi og barnevern at dei ikkje klarar å følge metodikken i naudsynt grad.

Denne kritikken har politiet bite seg merke i, meiner seksjonsleiar Atterås i POD.

Ho peikar særleg på Riksadvokaten sin gjennomgang av avhøyr av barnehagebarn.

– Her kjem fram at det var dårleg kvalitet på dei gjennomførde tilrettelagde avhøyra. Politidirektoratet jobbar med å kartleggje kva tiltak det er behov for å setje i verk for å utbetre kvaliteten på dei tilrettelagde avhøyra, seier Atterås.

Men forskar Gunn Astrid Baugerud meiner at spriket mellom metode og praksis er for stort.

– Politiet i Noreg har kome langt på dette feltet, også i internasjonal samanheng, men det er framleis eit behov for å komme nærare anbefalt metode og vi meiner det er ein veg å gå, seier forskaren.

Veit du noko eg bør vite?

Har du tips i denne eller andre saker? Ta kontakt, vi behandlar all informasjon konfidensielt.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger