Brevet

Serieovergriparen fekk med brev frå politiet. Det brukte han til å hevde uskulda si.

Evelyn Holst med brevet

Brevet sende han til offeret

Mannen med politibrevet

Mannen med politibrevet

Då praten byrja å gå om serieovergriparen, gjekk han til politiet for å stanse rykta. Med seg fekk han eit stempla brevark der han fekk hevde si uskuld.

Året er 2009 og ein mann oppsøker politiet.

Det er snakk om at han har forgripe seg på ei ung jente, og dei rykta vil han ha slutt på.

Kort tid etterpå kjem han ut frå politikammeret med eit stempla brevark.

Brevet skal han bruke for kva det er verdt.

– Brevet gjorde alt så mykje verre, og burde ha vore eit gigantisk raudt flagg for politiet, seier Evelyn til NRK.

Ho var 14 år gamal då mannen med politibrevet valdtok henne.

– Dei kunne ha stoppa han den dagen han gjekk inn på lensmannskontoret, seier ho.

Tolv år seinare erkjenner politiet det same – mannen burde fått kritiske spørsmål.

Ikkje eit brev med politilogo der han fekk hevde si uskuld.

– Det er eit brev som aldri skulle ha vore skrive, seier politisjef Linn Hilde Fosso (les heile svaret lengre ned).

I dag sonar mannen ei fengselsstraff på 12 år, for valdtekt og grove overgrep mot i alt fem jenter.

Blant desse Stine Reksten frå Sunnfjord, som etterforska sin eigen overgripar og sørga for at politiet kom på sporet av han.

Mannen hadde stor tillit i lokalsamfunnet, der han mellom anna hadde leiande roller i Røde Kors.

Sverige-turen

I dag er Evelyn 28 år gamal.

Etter mange år har ho bestemt seg for å fortelje historia om overgrepa.

Første gongen det skjedde var 13. juni i 2007.

Evelyn gjekk på ungdomsskulen og alle i klassen måtte finne seg ein stad å ha ein arbeidsdag.

Medan dei andre fann seg jobb i ein butikk eller på eit kontor, skulle ho få vere med ein familievenn på lastebiltur til Sverige.

– Vi køyrde lastebil til ein stad som heiter Skultuna. Det gjekk heilt greitt på vegen dit. På vegen tilbake så hadde vi eit siste stopp før grensa.

Den høgre handa til Evelyn skjelv på armlenet når ho prøver å finne orda.

– Der ... skulle vi sjå på film i bilen. Han sat bak meg, så begynte han å røre ved meg på brysta. Eg stivna til, og eg får høyre at han gjer det for mitt eige beste.

Etter Sverige-turen var Evelyn taus. Heilt taus. Kroppen og tankane låste seg i sinne og skuldkjensle.

Det skulle gå mange år før nokon fekk vite alt.

Mor til Evelyn, Lill, er med under intervjuet.

– Eg har mange, mange gonger tenkt på kva eg kunne ha gjort for å hjelpe Evelyn. Kva eg gjorde gale for at ho skulle bli utsett for dette, seier ho.

Ho er sint på mannen som forgreip seg på dottera hennar. Ho er også sint på politiet.

– Hadde dei tatt dette på alvor, så kunne dei stoppa han mange år før han blei tatt.

– Men kunne ikkje du ha gått til politiet også då?

– Eg ringde, men kva skulle eg seie? Evelyn var taus, eg forstod at det hadde skjedd noko. Men ho ville ikkje fortelje, heller ikkje til meg.

Serieovergriparen.

I LOKALAVISA: Serieovergriparen var stadig å sjå i lokalavisene. Særleg i samband med aktiviteten i Røde Kors, der han hadde leiande roller i hjelpekorpset.

– Skulle aldri ha vore skrive

På andre sida av Mjøsa er Linn Hilde Fosso politisjef i Vest-Oppland.

Ho innrømmer at brevet aldri skulle ha blitt skrive.

Fosso innleier med å forsikre om at det blei gjort ei grundig og god etterforsking av sakene mot mannen etter at han blei meld og pågripen i 2018.

Vi ber ho skru tida tilbake til 15. mai 2009, då den røslege og overfor omverda joviale mannen går inn døra til lensmannskontoret på Gran.

Ei kort stund etter går han ut att same døra, men med eit brev i handa.

– Vurderinga var at dette var ein person som følte seg krenka og fekk råd i forhold til det.

– Kor vanleg er det at ein vaksen menn kjem til eit lensmannskontor og fortel at det går rykte om at han er overgripar og at han ikkje vil melde til politiet dei rykta som går?

– Eg trur ikkje det er veldig vanleg. At folk føler seg krenka, er ein relativt vanleg årsak til at ein kontaktar politiet.

Vi finn fram ein kopi av brevet overgriparen fekk med seg. Vi ber ho lese det høgt.

Linn Hilde Fosso les opp brevet.

Linn Hilde Fosso les opp brevet.

– Kva tenker du om det du las no?

– Det er ein type brev eg ikkje har sett tidlegare. Det er ein type brev eg ikkje har erfaring med at politiet brukar eller gir ut.

– Kva tykkjer du om at det skjedde?

– Når dette blir skrive ned med politiet sin logo, så er det klart at det er ein bodskap som kan bli tolka. Det er det ingen tvil om.

– Korleis tenker du at det kan bli tolka?

Fosso tenker seg grundig om før ho svarar:

– Det er ikkje vanleg. Det kan definitivt vere at ein legg meir politiinvolvering i det enn det som er rein fakta her.

Etter at NRK gjorde politiet merksame på brevet har dei sikra at dette ikkje er ein vanleg prosedyre, seier Fosso.

– Eg ser at det brevet med ein politilogo, kan gje ei oppleving som inneber noko heilt anna enn kva det faktisk var og at det er ein type brev som aldri skulle ha vore skrive og som kan gje feil signal.

NRK har vore i kontakt med personen i politiet som skreiv under på brevet.

Vedkomande har i dag ein sentral posisjon ved eit anna politidistrikt, og ønskjer ikkje å kommentere det som skjedde den gongen.

Vedkomande kan heller ikkje hugse det som skjedde.

NRK har gitt den dømde mannen moglegheit til å kommentere denne saka.

Håpet lever

Evelyn tar imot oss heime i den fine, vesle leilegheita ho bur i.

Etter rettssaka i 2020 har livet trass alt blitt lettare for ho og dei andre offera i saka. Blant anna fordi dei har laga sin eigen, vesle klubb.

Jentene møtes jamleg, dei chattar på Snapchat og Facebook.

– Eitt år har gått og eg har blitt eit anna menneske, seier ho.

Ho seier det hjelper at politiet innrømmer at dei gjorde ein feil. Ho legg til:

– Håpet er det siste som nokon kan ta frå deg.

Veit du noko eg bør vite?

Har du tips i denne eller andre saker? Ta kontakt, vi behandlar all informasjon konfidensielt.