Hopp til innhold

Regjeringa strammar grepet rundt israelske busettingar – polet vurderer å stanse sal

Noreg frårår no økonomisk aktivitet som er i strid med folkeretten, og Vinmonopolet vurderer å stoppe sal frå ulovlege busettingar.

Bq4_gJpTcfA

Vinmonopolet vurderer å stoppe sal frå dei ulovlege israelske busettingane

Foto: NTB

– Vi frårår no norsk næringsliv å drive handel og næringsverksemd som bidrar til å halde oppe dei folkerettsstridige israelske busettingane, seier utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) til NRK torsdag morgon.

Seinare presiserer Barth Eide at regjeringas fraråding også gjeld investeringar.

Vinmonopolet seier det er eit nytt signal fra regjeringa som dei er positive til. Dei vurderer no å stoppe sal frå dei ulovlege busettingane:

– No vil vi sjå nærare på kva dette betyr for oss. Vi vil involvere styret for å få behandla saka der så raskt som praktisk mogleg i eit ekstraordinært styremøte, seier administrerande direktør Elisabeth Hunter til NRK.

Vinmonopolet selde i fjor 93 liter vin frå Vestbreidda og 3700 liter frå Golanhøgdene, ifølgje selskapets eigne tal.

– Kva betyr dette salet for Vinmonopolet i omsetning?

– Det betyr svært lite. Dette er produkt Vinmonopolet ikkje har valt sjølv å ta inn i sortimentet, men er lansert av grossist. Det er berre eit par grossistar, og nokre få produkt som har vore omsette i det siste, seier Hunter.

Noreg frårår altså økonomisk aktivitet som forårsakar eller medverkar til alvorlege handlingar som er i strid med folkeretten.

Med det siktar ein til brot på grunnleggande menneskerettar og humanitærretten sine reglar om vern av sivile i væpna konflikt.

Eide: – Ingen stad på jorda der den humanitære situasjonen er så desperat

Eide seier at oppfordringa kjem no, fordi det har vore ei veldig dramatisk utvikling i Midtausten ikkje minst på Vestbreidda.

– Der har vi sett at ei rekke busettingar har blitt utvida, nye blir etablerte og vi ser stadig meir busettarvald. Dette er heilt i strid med folkeretten, humanitærretten og menneskerettane, og vi er opptatte av at ein ikkje skal bidra til det, seier Eide

Han beskriv situasjonen i Gaza på same måte som fleire hjelpeorganisasjonar:

Akkurat no er det ingen stad på jorda der den humanitære situasjonen er så desperat som i Gaza.

Espen Barth Eide.

Eide på veg inn til «Nyhetsmorgen» på NRK torsdag.

Foto: OLE N. OLSEN / NRK

Ønsker å gå lenger

Amnesty skriv i ei pressemelding at fråråding er eit steg i rett retning.

– Å handle med busettingar er ulovleg, så forbod er einaste rett linje her, seier John Peder Egenæs, generalsekretær i Amnesty International.

I tillegg skriv Amnesty at dei forventar at Vinmonopolet og alle andre som førar varer frå busettingar stoppar all handel med dei frå og med i dag.rårådinga frå regjeringa skal derfor følgast, slik vi ser det.

Fleire av partia på Stortinget er positive til utspelet til Eide. Men dei seier dei skulle ønske at regjeringa kunne gå enda lenger.

Partileiar i SV, Kirsti Bergstø, seier ho skulle ønske at det blei gjort meir, og at investeringane til oljefondet også burde ha vore omfatta av dette.

Også Bjørnar Moxnes i Raudt peiker på dette.

I spørsmålsrunden på Stortinget torsdag, peikar han også på oljefondet, og spurde kvifor regjeringa ikkje frårår også investeringar i dei okkuperte områda.

NHO støttar frårådinga frå utanriksministeren.

– Situasjonen i Gaza er uakseptabel, og ein må gjere alt ein kan for å stoppe det. Og vi støttar jo naturlegvis frårådinga til regjeringa, og ber også norske bedrifter følge frårådinga om å handle i desse områda, seier Ole Erik Almlid, dagleg leiar i Næringslivets Hovedorganisasjon, NHO.

Almlid siger at det ikkje er mange norske næringsaktørar som handlar i dei ulovlege busettingane og at dei økonomiske konsekvensane derfor vil bli små.

Israelsk bosetting Givat Zeev, nær Ramallah på Vestbredden

Den israelske busettinga Givat Zeev, nære Ramallah på Vestbreidda.

Foto: AHMAD GHARABLI / AFP

Rekordmange busettarar

Ifølgje den israelske avisa Haaretz har Israel godkjent 3475 nybygg på den okkuperte Vestbreidda i 2024.

Dette talet er det høgste sidan Oslo-avtalen på 90-talet. I førre veke varsla finansminister Bezalel Smotrich fleire godkjende busettingar, etter at ein palestinar skal ha drepe ein israelar og såra fleire andre på Vestbreidda.

Desse busettingane er ulovlege. Det er slått fast av FNs sikkerheitsråd.

Også i 2023 blei det oppført rekordmange busettingar på Vestbreidda. 12.359 nybygg blei godkjende i fjor.

Denne intensiveringa er noko av grunnen til at Noreg no kjem etter fleire land, og strammar grepet.

Tostatsløysing

Espen Barth Eide seier dette undergrev utsiktene for ei tostatsløysing.

– Eit av dei viktigaste hindera for tostatsløysinga er nettopp den israelske okkupasjonen som ei samla verd meiner er folkerettsstridig.

Tidlegare denne veka tok Eide imot 1100 underskrifter frå næringslivet om krigen i Gaza.

Oppropet for menneskerettar på Gaza kom frå fleire delar av næringslivet. I ein kronikk i VG skreiv dei at næringslivet har eit sjølvstendig ansvar for det som skjer der nede.

Espen Barth Eide.

Eide på veg inn til «Nyhetsmorgen» på NRK torsdag.

Foto: OLE N. OLSEN / NRK

Varer er ikkje alltid merkte riktig

Å ikkje handle med eller drive verksemd med, nokon som er tilknytt israelske busettarar eller som handlar i strid med folkeretten, kan vere lettare sagt enn gjort:

Sjølv om varer kjem frå Vestbreidda eller ulovleg okkuperte område i Israel, er varene merkte som israelske.

I 2022 kravde regjeringa merking av israelske busettarprodukt frå Vestbreidda og Golanhøgda. Men framleis er produkt merkte med Israel som produksjonsland.

15 EU-land har tidlegare kome med råd til næringslivet om handel med busettarar.

Israelske bosetting på den okkuperte vestbredden

Bosettingane byrjar gjerne slik, med nokon provisoriske brakker på toppen av ein ås.

Foto: Ksenia Novikova / NRK
Israelske bosetting på den okkuperte vestbredden

Bosettingane veks fort og kan bli til mindre og større byer.

Foto: Ksenia Novikova / NRK
Israelsk bosetting utsikt

Fra høgda har bosettarane god oversikt over palestinske naboar.

Vakthold i en isralesk bosetting

Uniformerte vakter med våpen passar på.

Les også – Jeg føler ingenting når jeg ser bilder fra Gaza

Bosetteren Daniella Weiss vil ta over hele Midtøsten

Om korleis han forventar Israel tek nyheita, seier Eide:

– Dei liker naturlegvis ikkje dette, akkurat som dei føler at dei no er utsette for eit stort press. Men det er jo også litt av poenget, sier Eide.

Har innført innreiserestriksjonar

5. desember byrja USA å nekte visum til ekstremistiske israelske busettarar som angrip palestinarar.

USA har også fryst midlane til valdelege busettarar.

Les også Strid om israelsk vin bør ut av Vinmonopolet

AamgaPUe-0k

Tidlegare i februar innførte også Frankrike sanksjonar mot israelske busettarar som brukar vald mot palestinske sivile på Vestbreidda. 28 sivile har også fått innreiseforbod i landet.

Den tyske utanriksministeren har også sterkt fordømt godkjenninga av busettingar i Vestbredden, og har bede israelske styresmakter om å trekke tilbake løyve.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger