Nordmenn stel for 800 millionar i julestria

Handelsnæringa reknar med at nordmenn vil stele for 800 millionar kroner i løpet av julehandelen i år.

Vi stjeler mer og mer i butikkene før jul og i år forsvinner trolig varer for mer enn 800 millioner kroner.
Det betyr høyere priser og i verste fall konkurser og tapte arbeidsplasser.

VIDEO: Nordmenn er verstingar.

Dette går fram av ei fersk nordisk undersøking, som Centre for Retail Research (Senteret for detaljhandelsforsking) har laga på oppdrag for norske Infratek.

Undersøkinga er gjort i heile Norden og omfattar svar frå 571 forhandlarar, som igjen representerer 11.532 butikkar. Julehandelen blir definert som den seks veker lange perioden frå midten av november til slutten av desember.

Svinn gir høgare prisar

Å setje opp prisane er ein naturleg konsekvens av det høge svinnet. Det kostar kvar husstand her i landet i underkant av 360 kroner kvar, noko som er dobbelt så mykje som i nabolanda våre.

Undersøkinga viser at dei tilsette står for 30 prosent av tjuveria, dei resterande 70 prosent er det kundane i butikkane som står for. I heile Norden viser utrekningane at dei tilsette stel for nesten 700 millionar kroner.

Roy Tuhus i Infratek Sikkerhet.

Roy Tuhus i Infratek kallar utviklinga i butikktjuveri for trist og tragisk.

Foto: Inger Kristine Lee / NRK

Roy Tuhus er ekspert på svinn i butikkar og nordisk direktør for produktleiing og forretningsutvikling i Infratek Sikkerhet. Han kallar utviklinga av butikktjuveri for trist og tragisk.

Konkurs-rekord i 2013

– Det er ein aukande materialistisk tankegang, dei som har mykje vil gjerne ha meir. Mange av dei som stel tenkjer kanskje at butikkane tener nok frå før, og at å stele eit par ting ikkje betyr så mykje. Men dette stemmer ikkje. Det er sterk konkurranse, og 2013 var ei rekordår for konkursar i norsk varehandel. I verste fall fører tjuveria til konkurs og tapte arbeidsplassar, seier Roy Tuhus til NRK.

Han fortel at barberprodukt toppar lista over det som blir borte i butikkane. Så kjem småelektronikk, belte og hanskar og liknande. Det blir stole minst av CD/DVD-ar og sko.

Tuhus opplyser at det er to kategoriar butikktjuvar. Det er det han kallar vanlege menn og kvinner, som plukkar med seg tilfeldige ting i lommer eller gøymer ting under kleda. Og så er det dei som går meir profesjonelt til verks.

LES OGSÅ: – Vil stjele for 364 mill. i jula

LES OGSÅ: Tiltalt for grovt tyveri fra gullsmedbutikk

Metallfolie i vesker og klede

– Dei meir profesjonelle har metallfolie i vesker og klede for å unngå sporingssystema, men heldigvis har vi teknologi som kan avsløre dette også. Desse personane stel meir systematisk og tek med seg større kvantum, seier Tuhus

Han synest det verkar som at stadig fleire finn det greitt å kjøpe tjuvegods eller å stele varer for å leggje under juletreet som gåver til familie og vener.

Butikktjuveri i Norden.

LES OGSÅ: Stjal pepper og purre - må møte i retten

LES OGSÅ: Tiltalt for grovt tyveri fra gullsmedbutikk

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger