Hopp til innhold

Nordmenn bur seg på kamp mot IS i Syria

I løpet av hausten kan norske spesialstyrkar vere i kamp mot ekstremistgruppa IS, inne i Syria. For første gong snakkar sjefen for Forsvarets spesialstyrkar om oppdraget dei no førebur seg på.

Forsvarets spesialkommando

TRENAR: 60 norske spesialsoldatar, her under ei kontraterrorøving i Rena leir, skal snart til Jordan. Der skal dei trene syriske militsgrupper som skal kjempe mot IS. Sjefen for spesialstyrkane ser ikkje vekk frå at soldatane kan kome i stridsliknande situasjonar saman med militsgruppene.

Foto: Didrik Linnerud/HMKG / Forsvaret

Om nokre veker er 60 norske spesialsoldatar på plass i Jordan. Der skal dei trene opp syriske opprørarar til bakkekrig mot ekstremistgruppa IS.

I oppdraget frå regjeringa ligg det òg at dei norske soldatane skal kunne følgje militsgruppene i kamp på syrisk jord.

Kontreadmiral Nils Johan Holte, sjef for Forsvarets spesialstyrker
Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Sjefen for Forsvarets spesialstyrkar, Nils Johan Holte, ser ikkje bort frå at soldatane kan kome i stridsliknande situasjonar saman med gruppene dei skal trene opp:

– Vi er budd på det. Dersom operasjonen kjem inn i ein fase som tilseier at gruppene vil gå til offensiv handling mot ISIL, skal vi, etter ein politisk prosess, kunne følgje dei inn i Syria.

– Det vil vel vere eit svært risikofylt oppdrag?

– Det er risiko knytt til dette, og det ligg til grunn for dei overordna vurderingane som er gjort, seier Holte.

Veit ikkje kven dei skal trene

Men i første omgang skal dei norske spesialstyrkane lære syriske soldatar å krige. Holte seier dei skal lære dei elementær soldatdugleik, og å planlegge og gjennomføre operasjonar.

– Vi snakkar om syrarar som har tatt til våpen for å fordrive ISIL frå deira land, seier Holte.

Men akkurat kven som skal få opplæring veit han ikkje. Det er koalisjonsstyrkane, med USA i spissen, som har gjort ei utveljing – og kvar enkelt person og gruppe skal vere nøye vurdert.

– Dersom det kjem fram at ein av dei har delteke i terrorhandlingar, eller brote lovar og reglar på anna vis, vil det vere uakseptabelt og diskvalifisere dei for opptrening.

Ein risiko for at IS kan plassere folk

Spesialstyrkane har trent lokale soldatar før, både i Kabul og Bagdad. Erfaringa derfrå er ein fordel, meiner Holte.

For han vedgår at det er ein reell risiko for at soldatane dei trenar opp, kan vende seg mot dei norske spesialsoldatane.

– Er du trygg på at IS ikkje greier å plassere folk på innsida av dei militsgruppene de skal trene opp?

Det er ein risiko for at det kan skje. Det er ein grunn til at vi sender svært erfarne spesialoperatørar som veit kva dei skal sjå etter og som kan gjere fortløpande vurderingar der og då.

– Å ikkje gjere noko er verre

Dersom dei norske spesialsoldatane hamnar inne i Syria, blir det vurdert som eit oppdrag med høg risiko. Men ifølgje Forsvaret er det noko som må gjerast.

– Alternativet er å ikkje gjere noko. Og det alternativet blir vurdert som verre, seier Holte.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger