Hopp til innhold

No kjem mensen-emojien

Ville du sendt ein emoji med ei blodig truse eller eit bind til ein ven? Då dei nye emojiane vart lanserte denne veka var ein mensbloddrope ein del av pakken.

Mens-emoji

AVSTEMMING: Slik såg forslaga til mens-emojien ut. Folk kunne røyste på det biletet dei likte best.

Foto: Plan

Denne veka vart dei nye emojiane for 2019 lanserte, og det klare fokuset i denne pakken er å skape inkluderande emojiar. Her finn vi alt frå rullestolar, til protesar og høyreapparat – og menstruasjon.

Den nye emojien blir tilgjengeleg på iphone i mars.

Når NRK snakkar med folk på gata i Oslo om den nye mensen-emojien, er det mange som ler og seier dei nok hadde kvidd seg for å bruke den.

– Æsj, det er ikkje akkurat ein emoji eg kunne tenkt meg å bruke, seier Mahmoud (23).

– Korleis kjem den til å sjå ut? ler Hannah (28).

Viktig for jenter og kvinner

Emojiar starta som smilefjes, og har utvikla seg til å bli mange små teikn som vi krydrar sms-ar og chat-samtalar med. Men i dag er det så mange menneske som brukar desse biletteikna at dei òg har blitt symbol- og språkpolitikk. Mange aktørar kjemper hardt for å få kampsakene sine gjort om til desse små biletteikna og spreie bodskapen sin på denne måten.

Generalsekretær i Plan Norge Kari Helene Partapuoli seier det er viktig at vi tør å snakke om mensen. Ho fortel at når vi snakkar om ting vi synest er pinlege, hjelper vi til med å fjerne tabu rundt det. Det kan bety mykje for jenter og kvinner både her heime og rundt om i verda.

Kari Helene Partapuoli, generalsekretær i Plan International Norge

PÅDRIVAR: Kari Helene Partapuoli er generalsekretær i Plan Norge. Dei har jobba for å få ein mensen-emoji.

Foto: Astrid Hexeberg/Plan International Norge

– I ein del samfunn blir jenter og kvinner sett på som ureine når dei har menstruasjon, og dei blir haldne borte frå skule, arbeid og familie. I ekstreme tilfelle, til dømes i Nepal, har dei såkalla mensenhytter der jenter blir plasserte, fortel Partapuoli.

Kompromiss

I 2017 hadde Plan ei internasjonal røysting der publikum røysta fram det symbolet dei likte best for mensen. Resultatet vart ei truse med to bloddropar.

Det er organisasjonen Unicode Consortium som godkjenner og regulerer slike biletteikn. Plan sende vinnar-emojien til dei, men der vart den avvist. No lanserer dei sin eigen versjon ein einskild bloddrope.

Emoji

MENSEN: Slik ser den nye menstruasjons-emojien ut.

– Eg trur at det at det vart eit kompromiss viser kor stort behov det er for ein emoji på dette feltet og for å snakke om mensen. Det er symptomatisk på at dette framleis er eit tabubelagt tema, seier Partapuoli.

Dei NRK snakka med på gata vart overraska over utsjånaden til emojien.

– Eg veit ikkje om eg hadde skjønt kva det var om eg ikkje var blitt fortalt det, seier Øystein (40).

Kunne tatt den lenger

Ei av dei som synest biletteiknet skulle gått mykje lenger er Fatema Al-Musawi, administrator for feministgruppa Den selskaplige på Facebook.

Fatema Al-Musawi

FEMINIST: Fatema Al-Musawi

Foto: Ellen Reiss / Minotenk

– Folk toler å sjå ei teikning av eit bind med litt blod. Ein einskild bloddrope symboliserer jo ingenting, det kan symbolisere kva som helst, seier Al-Musawi.

Ho meiner ein framtidig menstruasjons-emoji må vere enda tydlegare.

– Vi er trass alt i ei tid der vi snakkar høgare om ting, og mensen er i alle fall ikkje noko som bør vere tabu, meiner Al-Musawi.

Partapuoli i Plan seier bloddropen berre er det første skrittet, og gler seg til at den nye emojien kjem i løpet av året.

– Dei emojiane som symboliserer kvinner er gjerne høge hælar og flagrande skjørt. Det er ganske unikt at vi klarer å få gjennom ein emoji som så tydeleg handlar om kvinnekroppen og om ei kvinnerelatert problemstilling.

AKTUELT NÅ