Hopp til innhold

Spyttklyse avgjer kjærleiksskjebne!

Vil du vere sikker på at du har kapra drømmekvinna eller drømmemannen? No kan ei spyttklyse ta deg eit skritt nærare ekte kjærleik.

DNA
Foto: Matthias Kulka / © Matthias Kulka/zefa/Corbis

Det er det sveitsiske firmaet Gene partner som tilbyr å undersøkje par og single sin HLA-profil. Ved å samanlikne den med partnaren eller ein potensiell kjæraste, kan ein straks få svar på om ein deler dyne med den rette. Men Marit Otterlei ved det medisinske fakultetet på NTNU, seier dette berre er tull.

- Dei lover langt mer enn dei kan stå inne for. Det er ingenting som tyder på om HLA-profilen kan seie om kjærleiken held eller ikkje i eit parforhold.

Skal også fungere på single

Tanken til sveitsarane er at folk skal ta ein DNA prøve gjennom ei spyttklyse. Basert på resultatet får du ein GenePartner ID, og når du møter andre GenePartner-brukarar, kan du skrive inn IDen til personen i matching-systemet på genepartner.com, og få vite kor bra de passar saman.

DNA-flørt

På Genepartner.com ligg det ute eksempel som viser korleis ein skal finne drømmemannen eller drømmekvinna. Grønn ball = perfekt match, gul = god match, medan raud er full skjerings. Ikkje så kjekt om du finn ut det i ettertid, kanskje.

Foto: genepartner.com

Genforskar Otterlei er skeptisk til forskninga.

- Dei tek munnen for full. Det gjenstår å sjå om para som matchar og finn den såkalla ekte kjærleiken på denne måten framleis er like lykkelige om nokre år, eller om det ender i skilsmisse, flirar ho.

Ho trur dei som prøver dette, anten dei er nordmenn eller ikkje, får seg ei overrasking.

- Eg trur det ligg an til at dei blir skuffa, viss dei trur på dette.

Har forska på fleire hundre par

Forskarane i Sveits meiner på si side at resultata er til å stole på. På nettstaden skriv dei at formelen dei bruker er basert på forskning med fleire hundre par, og at dei har analysert mønstret i dei genetiske kombinasjonane, og funnet suksessforhold.

Kristin Spitznogle

Samlivsekspert Kristin Spitznogle åtvarar mot DNA-dating på genepartner.com

Foto: Marius Fiskum / post@fototopia.no / tlf: 915 77 502

Samlivsekspert Kristin Spitznogle åtvarer likevel mot å tru på ein slik deterministisk tilnærmingsmåte til kjærleik.

- Moderne kjærleik har forholdsvis vanskelege vilkår, men kjærleikslengselen er der, så eg kan god forstå at ein prøver å finne nye, kreative måtar på å finne løysingar på den store gåta kjærleiksmysteriet. Men dette trur eg nok er for utilstrekkelig.

Ho har ikkje tru på at DNA-dating blir ein hit.

- Løysinga til sveitsarane er alt for ressurskrevjande. Folk som har data i årevis og har spandert drinker på damer vil jo kanskje si at dette er kostnadseffektivt, men eg tviler.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger