Hopp til innhold

No kan du få førarkortet på mobilen

Tida då du må ha med deg eit fysisk førarkort når du set deg bak rattet er over. No lanserer Statens vegvesen appen «Førerkort».

Digitalt førarkort

DIGITALT FØRARKORT: Slik vil førarkortet sjå ut i appen.

Foto: Statens vegvesen

Frå og med 1. oktober kan du vise fram førarkortet på mobilen dersom du blir stoppa i trafikkontroll.

Statens vegvesen og Samferdselsdepartementet har lansert ein app som gjer at du kan laste ned førarkortet digitalt.

– Vi har erfart at du av og til kan vere uheldig og få ei bot på 500 kroner dersom du har gløymt førarkortet heime, og det er det eigentleg ingen grunn til i den tidsepoken vi lever i, seier Synnøve Vebostad, leiar av førarkortkontoret i Vegdirektoratet.

Vebostad forklarar at det digitale førarkortet vil vere like gyldig som det fysiske kortet når det gjeld å dokumentere retten til å køyre.

Mindre å halde styr på

Ein av dei som gler seg til å ta i bruk den digitale løysinga er køyreskuleelev Tristan Troy Rasay.

Tristan Troy Rasay

KØYRETIME: Tristan Troy Rasay har enno ikkje sertifikat for bil, men når han får det, kjem han til å laste det ned på mobilen.

Foto: Birgitte Vågnes Bakken / NRK

Han er i ferd med å ta sertifikatet, og fortel at han definitivt kjem til å laste ned appen når han, forhåpentlegvis, får «lappen».

– Det synest eg er ei veldig grei løysing, for eg mistar ting heile tida!

Rasay fortel at han sjeldan går rundt med lommebok. Det meste han treng har han i mobilen.

– Eg har ikkje nøklar til huset og betalar stort sett med mobilen, så det å ha éin ting mindre å ta vare på, er eigentleg ganske herleg. Men det er kanskje ikkje like greitt for bestemor og bestefar, undrar han.

Frivillig

For dei som er uroa for om dei laste ned appen, eller for om det fysiske kortet ikkje lenger vil gjelde, kan Vebostad forsikre om at appen er heilt frivillig.

– Du vel sjølv om du vil aktivere det digitale førarkortet, men det føreset at du har eit fysisk kort. Det er i tillegg gratis.

Det kan likevel vere lurt å behalde det fysiske kortet, i alle fall enn så lenge.

– Det digitale kortet er berre gyldig i Noreg, så du må i alle fall vere sikker på at du ikkje treng det for å reise andre stadar, forklarar Vebostad.

Statsråden: – Vil gjere kvardagen enklare

– Eg har faktisk fått lov til å tjuvstarte på ein «dummy»-versjon. Men med det samme dette blir tilgjengeleg, blir eg ein av dei fyrste til å få på plass denne appen, seier samferdselsminister Jon Georg Dale til NRK.

Noreg er eit av dei fyrste landa i Europa som tar i bruk digitalt førarkort, ifølgje Samferdselsdepartementet.

– Då slepp ein plagsomme ting som bøter, dersom ein har gløymt førarkortet heime, men har med seg mobilen. Det er små enkle grep for folk i kvardagen, seier Dale.

– Er dette også rekna som eit fullverdig ID-kort?

– Det er slik at det sertifikatet som vi har no, vil vi bruke i kontrollsituasjoner på vegen. Det er godkjent som identifikasjon til det føremålet.

Enklare og raskare

I tillegg til at den digitale løysinga gjer førarkortet lett tilgjengeleg for folk gjennom mobilen, kan ordninga også gjere prosessen med å få førarkort litt raskare, fortel Vebostad.

– I ganske nær framtid vil det vere slik at når du har køyrt opp, vil du kunne betale, og så laste ned og aktivere det mellombelse digitale førarkortet på mobilen med éin gong. Så vi tek på ein måte bort eit av ledda i prosessen.

AKTUELT NÅ