Hopp til innhold

NHO spår kraftig økonomisk vekst frå KI: – Tal ut av lause lufta, svarer økonom

Kunstig intelligens kan skape milliardvekst for Noreg dei neste åra, ifølgje ny rapport. Men økonomiprofessor er skeptisk.

Ole Erik Almlid talar på Pir i Ålesund på ein konferanse for NHO, næringslivet, LO og politikarar.

NHO-sjef Ole Erik Almlid.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Det er venta at kunstig intelligens (KI) vil gjere at den norske økonomien kjem til å vekse dei neste åra.

KI kan blant anna automatisere ein del oppgåver som før trengde menneske, finne meir effektive løysingar og skape nye produkt folk vil betale for.

Men som tidlegare revolusjonerande teknologiar er det og vanskeleg å sei nøyaktig kor stor effekt KI vil ha på økonomien.

NHO har bedt Samfunnsøkonomisk analyse (SØA) om å rekne ut kor mykje verdiar generativ kunstig intelligens kan skape for Noreg.

Les også Filosofi nesten like populært som medisin

Skolen i Aten av Rafael

Kan gi KI-boost

Rapporten viser at generativ KI vil kunne skape verdiar for 2000 milliardar kroner fram mot 2040. Det kjem i tillegg til det Noreg allereie produserer.

– Den mest konkrete endringa vi får av å bruke generativ KI er at vi får da ein verdiskaping på toppen av det vi gjer elles, seier NHO-direktør Ole Erik Almlid.

I tillegg reknar dei at gevinstane frå annan digitalisering av samfunnet kan skape ytterlegare 3600 milliardar kroner.

KI og digitalisering vil med andre ord gje Noreg 5600 milliardar i inntekter dei neste 16 åra, ifølge rapporten. Det utgjer 2,3 prosent av all verdiskaping i heile perioden.

– Vi vil på toppen av det igjen få ei auking i produktiviteten som vil bety at heile økonomien får ei forbetring i verdiskapinga, seier Almlid.

Les også Bruker kunstig intelligens som leksehjelp:– Det er helt klart fremtidens læring

MAI Learning

Stoler ikkje på tala

Professor i samfunnsøkonomi Jo Thori Lind er derimot skeptisk til tala i rapporten.

– Det dei gjer i rapporten er at dei tar eit tal ganske ut av lause lufta. Dei seier at veksten i produktivitet går opp med 1,5 prosent ekstra i året om ein klarer å få generativ KI til å fungere, seier han og legger til:

– Det er kanskje eit truverdig tal, men det er litt sånn «tenk på eit tal» øving.

Så du ville ikkje festa veldig stor lit til konklusjonen deira?

– Nei, det vil eg ikkje. Det talet er alt for usikkert. Det talet kan kanskje vere kjempehøgt, men ein kan også tenke at talet er null eller kanskje negativt for den slags skyld.

Han meiner at ein ikkje har nok kunnskap til å kunne rekne ut den økonomiske gevinsten av KI.

Rolf Røtnes hos Samfunnsøkonomisk Analyse AS.

Fagdirektør hos Samfunnsøkonomisk analyse Rolf Røtnes.

Foto: Samfunnsøkonomisk Analyse AS

Fagdirektør hos Samfunnsøkonomisk analyse Rolf Røtnes er ueinig at talet er tatt «ut av lause lufta».

– Det er det anslaget som ligg i midten av dei mange innslaga som har kome om korleis generativ KI vil påverke økonomien når teknologien blir tatt i bruk fullt ut.

Les også «KI-generert» er årets ord

Bilde av en hånd som holder en mobil. Mobilskjermen viser KI-programmet Chat GPT.

Kven tener på KI-vekst?

Det er ikkje berre usikkerheit rundt om KI vil lede til vekst, men også kven som vil tene på ei slik vekst.

Økonomiprofessor Jo Thori Lind er bekymra for at KI kan lede til auka arbeidsløyse i fleire bransjar da maskiner erstattar menneske.

– Kor mykje av dette som fell på vanlege arbeidarar eller til og med vanlege små bedrifter er framleis veldig uklart.

Han meiner og det er ein fare at KI ikkje vil kome folk flest til gode, men heller gjere nokon få veldig rike.

– Det kan fort bli at den som da eig algoritmen, eller den som kontrollerer den generative kunstig intelligens-algoritmen, får veldig mykje av overskotet som blir generert.

AKTUELT NÅ