Hopp til innhold

Vart nekta toaletthjelp – måtte krabbe gjennom flyet

Ferieidyllen til Ane og Kjersti vart brott øydelagt då dei måtte krabbe gjennom flyet fordi personalet nekta dei trillehjelp til toalettet. – Totalt uakseptabelt, seier handikapforbundet.

Video 470801e3-ab8e-4b51-a83c-bed9f44b3129.jpg

Ane og Kjersti Giholt Gustavsen vart nekta hjelp til det mest nødvendige. Foto: Lucian Muntean/NRK

Ane og Kjersti Gisholt Gustavsen hadde vore på ferie på Gran Canaria. Dei er tvillingsøstrer, og sit begge i rullestol. På flyturen på veg heim til Noreg opplevde dei noko som skulle setje ein alvorleg dempar på feriestemninga.

Jentene måtte på toalettet, noko som for dei fleste er ein sjølvsagt ting å gjere. Dette skal kunne gå problemfritt også for funksjonshemma, då det finst ein rullestol på alle fly som skal vere til hjelp til toalettbesøk.

Personalet ville passe på ryggen

Søstrene fekk likevel beskjed om at det var ingen av personalet om bord som kunne operere denne stolen, fordi dei då ville vere i fare for å øydeleggje ryggen. Men må ein, så må ein.

– Det enda med at eg måtte gå, og søstera mi måtte krabbe til toalettet.

– Kva tenkte dykk når dette skjedde?

– Nei, du blir jo fortvila. Det er menneskeleg å gå på toalettet. Så då blir ein veldig fortvila.

Søstrene presiserer at det var berre trillinga dei få metra til toalettet dei trengte hjelp til.

– Det var veldig lite som måtte til for at den turen skulle bli bra. Det kjentes veldig nedverdigande. Rett og slett.

– Må ha personleg assistent

Flyselskapet Thomas Cook forsvarar seg med at dei funksjonshemma er nøydd å ha med ein personleg assistent dersom rullestolen skal bli brukt.

BRITAIN/ Aircraft from Thomas Cook stand on the tarmac at Manchester Airport

Policyen til flyselskapet Thomas Cook seier at berre personlege assistentar kan operere rullestolen på flyet. Dette meiner handikapforbundet er brot på europeisk lov.

Foto: PHIL NOBLE / REUTERS

– Då dei bestilte reisa fekk dei vete at det ikkje ville bli noko assistanse under flyginga, og heller ikkje assistanse under toalettbesøket. Dette er ein unødvendig konflikt som kunne ha vore unngått dersom ein hadde følgt den rettleiinga som låg klar, seier Torben Andersen, som er kommunikasjonssjef i Thomas Cook Airlines Scandinavia.

Dette reagerer Norges Handikapforbund sterkt på.

– Dette er klart i strid med både norsk og europeisk lov. Dette lovverket slår fast at flyselskapa har ansvar for å hjelpe passasjerane til og frå toalettet, dersom dette er naudsynt. I tillegg er dette ein oppførsel som på det menneskelege planet er heilt uakseptabel, seier Tore Amblie Bjørback i Noregs handikapforbund.

– Samferdselsministeren må på bana

Tore Amblie Bjørback

Tore Amblie Bjørback er samferdselspolitisk rådgjevar i Noregs handikapforbund, og reagerer sterkt på måten søstrene vart behandla.

Foto: NRK

Bjørback seier at dette er eit aukande problem blant funksjonshemma som flyr.

– Berre dei siste par månadene har me hatt inne 4–5 saker der det har vore snakk om uakseptabel oppførsel mot flypassasjerar. Eg meiner det er på tide at samferdselsministeren kjem på banen, og seier ifrå korleis ho meiner det bør vere i dette landet.

For søstrene har denne episoden ført til at dei vil tenkje seg om to gonger før dei bestemmer seg for kvar neste feriedestinasjon vil vere.

– Det har ført til at me tenkjer meir på kvar me kan reise utan å bry så veldig mange andre. Og det er ikkje noko god kjensle, seier Kjersti.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger