Hopp til innhold

Nazistar marsjerte på Karl Johan

Slik har ikkje paradegata sett ut sidan den tyske okkupasjonen.

Nazister Karl Johan
Foto: Hans Erik Weiby / NRK

63 år etter den tyske okkupasjonen flagra nazibanner igjen på Stortinget i dag. Om lag 300 statistar med naziuniformar marsjerte på Karl Johans gate.

NETT-TV: Tyske soldater marsjerer på Karl Johan

Hakekors på Stortinget

Stortinget med naziflagg

Eit naziflagg hang to timar på toppen av Stortinget.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Årsaka er innspelinga av filmen om livet til motstandshelten Max Manus. Butikkar i området var dekka til med falske fasadar som skulle illustrere 1940. Karl Johans Gate var strippa for gateskilt.

Stortinget var ikledd eit banner med påskrifta "Deutschland siegt an allen Fronten" - Tyskland sigrar på alle frontar.

I tillegg fekk eit hakekorsflagg vaie frå taket på stortingsbygningen i to timar.

Garden nekta

Presidentskapet ved Stortinget har godkjent opphenginga etter spørsmål frå filmprodusenten, på vilkår om at det skjedde på ein dag det ikkje var møte i Stortinget.

Nazistar i Oslo

Gunnar 'Kjakan' Sønsteby framfor Stortinget som er omgitt av tyske soldatar

Foto: lise aaserud / SCANPIX

Garden har sagt nei til å medverke med statistar som kunne marsjere i gatene. Forsvaret meiner det er for sensitivt at norske soldatar går kledd i naziuniformar.

Axel Hennie spelar moststandsmannen Max Manus i filmen som er basert på Manus sine eigne bøker om Den andre verdskrigen. Under krigen utførte han ei rekkje sabotasjeaksjonar i Noreg. Manus døydde i 1996.

Tilbake til Nyheter-forsiden

AKTUELT NÅ