Hopp til innhold

Nasjonalt tryggingsorgan: Har tidlegare avslørt planar for å slå ut delar av kraftnettet

Nasjonalt tryggingsorgan seier at dei opp igjennom historia har avdekt konkrete planar om å slå ut delar av den norske kraftforsyninga.

Kraftledninger ved et boligfelt på Skedsmokorset.

PLANAR: Tryggingstenesta har avslørt konkrete planar for å slå ut delar av det norske kraftnettet. Bilete viser kraftleidningar ved eit bustadområdet på Skedsmokorset.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Tryggingstenesta har avslørt konkrete planar for å slå ut delar av det norske kraftnettet.

Det seier Vigdis Grønhaug, assisterande direktør i Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) på Energidagane til NVE torsdag, skriv Teknisk Ukeblad.

Fredag morgon presiserer pressevakt i NSM Herman Ringstad til NRK at dette ikkje er avslørt nyleg. Det er opp igjennom historia at det har blitt avslørt slike sabotasjeplanar.

– Kraftnettet er eit mål for sabotasje. Kraftbransjen er noko av det mest verdifulle vi har, seier Grønhaug.

Det finst ikkje noko anna livsviktig verksemd der samfunnet kan lammast i lang tid med enkle midlar, ifølge ho.

Les også Regjeringa garanterer for straumkablane «om noko skulle hende»

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) på Kårstø i Rogaland

– God beredskap

Grønhaug meiner bransjen mellom anna må spørje seg om kor mange russarar som jobbar i kraftsektoren i Noreg i dag, og kor mykje kinesisk teknologi som blir nytta.

– Vi veit at det jobbar russarar der. Dei er jo då ein innsidetrussel, seier Grønhaug til Teknisk Ukeblad.

Dei kan lett få tilgang på informasjon om dei viktigaste verdiane i kraftsektoren, som kan utnyttast av Russland, ifølge Grønhaug.

– Det er den store risikoen, legg ho til.

Kristian Markegård, ansvarleg for tryggleik i kraftforsyninga i NVE, meiner på den andre sida at Noreg har ei robust kraftforsyning, som mange vil misunne oss.

– Det finst ikkje éin brytar som tek ut kraftsystemet vårt, heller ikkje delar av det, seier han.

Han forklarar vidare at dei har eit godt nett og god beredskap. NVE har også bemanna driftssentralar som vil oppdage om noko ikkje stemmer, seier Markegård.

Presisering: Ein tidlegare versjon av saka kunne gi inntrykk av at planane om å slå ut kraftnettet var avslørt nyleg, men NSM presiserer at det er snakk om avsløringar opp igjennom historia.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger