Hopp til innhold

Mykje regn og vanskelege køyreforhold på Austlandet

Kraftige regnbyer i morgontimane fører til vanskelege køyreforhold med mykje vatn på vegen. Politiet oppmodar folk til å tilpasse farta og køyre forsiktig.

Regn

FAREVARSEL: Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel om mykje regn på Austlandet søndag. I morgontimane blir det meldt om vanskelege køyreforhold fleire stader i området.

Grafikk: Meteorologisk institutt

Meteorologisk institutt sende laurdag ut farevarsel om at det kunne kome mykje regn over store delar av Austlandet søndag morgon og formiddag. byene har også ført med seg lyn og tore i morgontimane.

Laster Twitter-innhold

I Sverige har det også vore fleire straumbrot i områda inn mot den norske grensa på grunn av uveret, melder Sveriges Radio.

Vegtrafikksentralen melder om mykje vatn på vegane fleire stader i Østfold, Akershus og Oslo, og ber folk som skal ut å køyre om å tilpasse seg dei vanskelege forholda.

Laster Twitter-innhold
Fredrikstad etter regn

Vatnet står høgt i gatene i Fredrikstad sentrum etter uveret søndag morgon.

Foto: Merete Aarøy

Politiet melder også om at fleire bilar har fått motorstans i Fredrikstad på grunn av dei store vassmengdene. Dei skriv på Twitter at dei også har fått mange meldingar om vatn i kjellarar. Men dette er noko politiet ikkje har kapasitet til å hjelpe til med, og ber folk i staden ta kontakt med med andre for å få hjelp.

Laster Twitter-innhold

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger