Hopp til innhold

Momsforkjempar tener stort på taxfree

Ein av dei mektigaste forretningsmennene her i landet, Olav Nils Sunde, kjempar mot ein auke av momsgrensa til 500 kroner for netthandel. Eigaren av både Gresvig og Color Line har sjølv tent ei formue på selje varer momsfritt.

Innslag i Dagsrevyen om konkurranse og taxfreesalg.

VIDEO: Sjå innslaget frå Dagsrevyen.

Olav Nils Sunde teikna eit dystert bilete av framtida for sportsbransjen då han snakka i Stortinget sist veke om regjeringa sitt forslag om å auke momsgrensa for Internett-sal til 500 kroner.

Han sa blant anna at halvparten av sportsforretningane her i landet vil forsvinne og at 6000 arbeidsplassar i sportsbransjen vil gå dukken, om dette forslaget blir vedteke.

– Liv eller død

Olav Nils Sunde.

Olav Nils Sunde eig både sportskjeda G-sport og ferjeselskapet Color Line.

Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK

– Det norske samfunn slik vi kjenner det i dag vil bli øydelagt. Det er snakk om liv eller død, sa Olav Nils Sunde i den dramatiske appellen til stortingspolitikarane.

Samstundes blir kundane i G-sportsbutikkane, som handlar for meir enn 1500 kroner, tilbode eit gratis cruise med Color Line, selskapet til Olav Nils Sunde. Og kva gjer ein på cruise? Ein handlar i taxfree-butikken, som er ein svært viktig del av inntektsgrunnlaget til Olav Nils Sunde og Color Line.

– Vi er først og fremst opptekne av konkurranse på like vilkår. Det er viktig at norsk varehandel blir behandla likt i forhold til konkurrentane. Det ville vere urimeleg om utanlandske selskap skulle få selje varer i Noreg utan moms. Det gir eit konkurransefortrinn på 25 prosent, seier Olav Nils Sunde til NRK.

LES OGSÅ: – Vi blir presset ut av Norge

– To ulike marknader

Han poengterer at innanlandsmarknaden i Noreg og taxfree-salet på blant anna passasjerskip og flyplassar er to heilt ulike marknader, og at det viktige er at konkurransevilkåra er like mellom dei ulike aktørane.

Finn Rasmussen i Kosmetikkbransjens landsforening.

Toppsjef Finn Rasmussen i KLF meiner taxfreesalet øydelegg for kosmetikkbransjen.

Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK

Sunde viser også til dei spesielle vilkåra som gjeld for taxfreesal, som at ordninga gjeld berre for dei som oppheld seg utanfor landet i minst 24 timar.

To aktørar som tapar store pengar på det stadig aukande taxfree-salet er kosmetikkbransjen og Vinmonopolet. Administrerande direktør i Kosmetikkleverandørenes forening (KLF), Finn Rasmussen, meiner ordninga med taxfree-sal av kosmetikk er øydeleggjande for næringa.

Han viser fram ein grafikk som viser at salet av kosmetikk i taxfree-butikkar har auka med 164 prosent dei siste ni åra. Det utgjer ein milliard kroner.

– Like konkurransevilkår

– Vi i KLF er opptekne av like konkurransevilkår, anten konkurransen kjem frå taxfree eller frå Internett. Det er veldig spesielt når meir enn 50 prosent av ein del produkt blir selde utan moms, seier Finn Rasmussen.

KLF-sjefen er klar på at både taxfree-salet og det momsfrie salet på internett bør fjernast. Det ville gitt like konkurransevilkår, og det ville gitt fleire tilsette og fleire butikkar, ikkje minst i distrikta.

Komunikasjonssjef Halvor Bing Lorentzen i Vinmonopolet.

Halvor Bing Lorentzen meiner at taxfreesalet svekkjer Vinmonopolet.

Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK

– Det er ingen tvil om at taxfreesalet har ført til butikkdød, seier Finn Rasmussen.

– Får ikkje utvikle oss

Også Vinmonopolet merkar den sterke konkurransen frå det avgiftsfrie salet. I tredje kvartal merkar statsmonopolet ein nedgang i salet, medan taxfreesalet har ein auke.

– Nordmenn drikk ikkje mindre, så det er tydeleg at dei får tak i varene ein annan stad enn på Polet. Redusert sal over tid kan bety at vi ikkje kan opne dei butikkane vi vil, at vi ikkje får utvikle oss slik vi vil, seier kommunikasjonsdirektør Halvor Bing Lorentzen i Vinmonopolet.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger