Hopp til innhold

Minuttane som endra Noreg

Det er no gått ei veke sidan marerittet spelte seg ut i Oslo. Her kan du gjenoppleve dei dramatiske minuttane.

Ein tilsynelatande fredfull fredagsettermiddag i Karl Johans gate vert snudd opp ned. Denne amatørvideoen viser augneblinka då butikkvindauga knuste.

Video Dramatisk amatørvideo fra bomben i Oslo

Dramatisk amatørvideo fra bomben i Oslo

Overvakingsbilete frå elektronikkbutikken Digital Impuls viser at panikken braut laus etter eksplosjonen. Dører og vindauge vert most av det enorme trykket frå eksplosjonen – sjølv om fronten av butikken i Møllergata er vendt bort frå der bomba var plassert.

Video Her knuses butikken

Her knuses butikken

Dette klippet gir eit innblikk i omfanget av den kraftige bomba. Overvakingsbileta er frå ein Vita-butikken i Storgata som ligg ein halv kilometer unna. Varene spratt ut av hyllene, og kundane er livredde .

– Ei jernplate som flaug gjennom butikken kunne teke livet av ein av oss dersom me hadde stått på feil stad, fortalde butikkmedarbeidar Iselin Myrbostad.

Video Terror: Overvåkningsvideo fra Vita-butikk

Overvåkningsvideo fra Vita-butikk

Johan Christian Tandberg tok opp kameraet like etter smellet, og tek seg inn i eit av regjeringsbygga på jakt etter skadde. Undervegs kommenterer han det han ser.

Video Her går han inn i Regjeringsbygget

Her går han inn i Regjeringsbygget

Det låg skadde i gatene rundt Regjeringskvartalet. Denne videoen viser dei kaotiske scenene utanfor VG-bygget i Akersgata.

Video Skadde ved VG-huset

Skadde ved VG-huset

Høyblokka sett fra R5, like etter eksplosjonen

Dette biletet er teke sekundar etter eksplosjonen som kosta 8 menneskeliv. Fotograf Joachim Schøyen var på jobb i bygget overfor høgblokka.

Foto: Joachim

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger