Hopp til innhold

Million-julegåve til domstolane

Regjeringspartia er samde med KrF og Venstre om å leggja fleire millionar under juletreet til domstolane for å få bort køane av saker i rettsstellet.

Medlemmer i justiskomiteen; Gulati (FrP), Ropstad (KrF), Raja (V) og Frølich (H).

SAMDE: Desse fire er samde om å auka løyvingane til domstolane neste år. Frå venstre: Himanshu Gulati (Frp), Kjell Ingolf Ropstad (KrF), Abid Raja (V) og Peter Frølich (H).

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

– Desse køane har bekymra oss, og det er grunnen til at vi har funne 15 millionar kroner ekstra til domstolane, seier Peter Frølich, justispolitisk talsmann i Høgre, til NRK.

– Dette vil gi i alle fall ti nye dommarar, kanskje endå fleire, som kan gå inn og ta unna den store mengda av saker som ligg i køen, seier han.

Men 15 millionar kroner blir til knappe ti når effektiviseringsreforma i staten også skal gjennomførast i domstolane.

Fastset saker til hausten 2019

Ved fleire lagmannsrettar er ventetida lang frå ei sak kjem inn til ho blir behandla. Og situasjonen har berre forverra seg dei seinaste åra.

Mari Fjærtoft Trondsen er direktør i Borgarting, den største lagmannsretten som omfattar det sentrale austlandsområdet. Ho er glad for auken i budsjettet, men understrekar at situasjonen er alvorleg.

Direktør i Borgarting lagmansrett, Mari Fjærtoft Trondsen

ALVORLEG: Direktør i Borgarting lagmannsrett, Mari Fjærtoft Trondsen, er glad for auken i budsjettet, men understrekar at situasjonen er alvorleg.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

– I fjor tok det under sju månader frå ei sak kom inn til ho blei behandla. No fastset vi saker etter sommaren 2019.

Dette betyr at domstolane bryt lova som set klare fristar for kor lang tid det kan ta før ei sak skal opp for domstolen etter stemning i sivile saker eller tiltale i straffesaker.

– Det er ikkje greitt, sjølvsagt! Men det er Stortinget som løyver pengar, og vi har ikkje fleire årsverk enn det vi har, seier Trondsen.

– Heilt nødvendig

I helga bestemte regjeringspartia, KrF og Venstre sine medlemer i justiskomiteen at dei aukar budsjettet til domstolane.

– Dette er eit godt løft for domstolane, og det er nødvendig for å sikra rettstryggleiken, seier Kjell Ingolf Ropstad i KrF til NRK.

Direktør i Domstoladministrasjonen, Sven Marius Urke, er svært nøgd med komiteen sitt arbeid, men tør ikkje sei kor desse midlane skal brukast.

Ei svale gjer ingen sommar, og 10 millionar fjernar ikkje domstolskøane, men Abid Raja (V) er optimist.

– Vi aukar domstolsbudsjettet først og fremst for befolkninga, for det er folk som ventar.

– Må satsa over heila fjøla

– Er dette eit signal om meir pengar i åra framover for å styrka domstolane, for køane forsvinn ikkje etter eitt år?

– Det er viktig at vi får ned køane over tid, og når vi styrker politiet som får gjennom fleire saker, så må ikkje domstolane bli den store proppen. Vi må satsa over heila fjøla, seier Raja.

Framstegspartiet har vore stolt av politisatsinga til regjeringa. No innser Frp-politikar Himanshu Gulati konsekvensane av denne satsinga.

– Vi må sjå heile straffesakskjeda som eitt, for når vi gir meir pengar til politiet for å ta røvarar, så hjelper ikkje det dersom ikkje domstolane får meir pengar til å auka kapasiteten.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger