På avstand kan det sjå ut som ein altfor stor golfball, men kuppelen er ein såkalla radom, som har som oppgåve å verne antenna mot ver og vind. Det kan vere svært verhardt her oppe på Platåfjellet, men i dag er det strålande ver, og nesten heilt stille på Isfjorden, som vi ser i bakgrunnen.
KSAT byggjer no ei ny antenne for å ta imot data frå Sentinel-satellittane. Den første er allereie på plass, og i full drift. Det er i alt 44 antenner her påSvalSat.
– Denne antenna har vi bygd for å ta imot data frå Sentinel-satellittane, fortel driftsleiar på SvalSat, Torgeir Prytz.
Austfonna på Svalbard, fotografert frå Sentinel-1. Ved hjelp av satellitt-foto kan forskarane bl.a. følgje med på korleis breen flytter på seg.
– Sentinel-satellittane og Copernicus-programmet representerer eit kvantesprang når det gjeld det å forstå miljøet, seier Copernicus-sjef Simon Jutz.