Hopp til innhold

Mette-Marit fekk hjerneristing

Kronprinsesse Mette-Marit ramla under møte i Kiev i dag tidleg.

Kronprinsesse Mette-Marit kom søndag til Kiev i Ukraina

Kronprinsesse Mette-Marit kom sundag til Kiev i Ukraina.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Mette-Marit er på ei tredagars reise i Ukraina som spesialutsending for UNAIDS, FNs organisasjon for arbeid mot aids.

- No kan ikkje Mett-Marit delta på noko av det oppsette programmet i dag og i morgon, men kanskje deltek ho på avslutninga på onsdag, fortel NRK-korrespondent Morten Ruud etter samtaler med Slottet.

Lett hjerneristing

Dei fyrste opplysningane gjekk ut på at Mette-Marit hadde falle på hotellrommet.

Seinare vart dette korrigert til at ho hadde ramla under eit møte med organisasjonen All-Ukrainian Network. Etter planen skulle ho treffe hiv-positive.

Besøket blir avlyst, fortel NRK-korespondent Morten Ruud.

Både Slottet og Utanriksdepartementet opplyser at hendinga er udramatisk, og at hjerneristinga skal være lett.

Mette-Marit er blitt undersøkt av lege, og konklusjonen er at ho ikkje kan gjennomføre programmet i Ukraina som normalt.

Mykje på programmet

Den kongelege spesialutsendinga skal møte representantar frå styresmaktene i Ukraina.

På programmet elles står møte med sårbare grupper, ungdom og frivillige organisasjonar, i tillegg til feltbesøk til prosjekt som arbeider for å betre livssituasjonen til hivpositive og aidssjuke.

AKTUELT NÅ