Hopp til innhold

Meiner Senterpartiet har rett om regjeringskvartalet

Tidlegare statsråd Ola Elvestuen (V) gir Sp rett i at det er milliardar å spare på det nye regjeringskvartalet. Elvestuen angrip samstundes eiga regjering, og meiner kommunalminister Nikolai Astrup (H) tek feil.

Ola Elvestuen (V)

UEINIG: Ola Elvestuen (V) er usamd med eiga regjering og meiner Senterpartiet sine forslag om nedskalering av regjeringskvartalet er gode.

Foto: Vidar Ruud / NT

– Eg er einig med Vedum i at vi må nedskalere regjeringskvartalet, og det er viktig for Oslo at vi gjer det, seier Ola Elvestuen til NRK.

Den tidlegare klima- og miljøministeren for Venstre går dermed mot regjeringa som hans eige parti sit i. Og han gjer noko såpass sjeldan frå Venstre-hald som å støtte eit Senterparti-forslag.

Store kostnader

Det er terroren 22. juli 2011 som gjer at regjeringskvartalet må byggast opp att. Etter bombeangrepet måtte fleire av departementa finne andre midlertidige lokale andre stader i Oslo.

Planlegginga av oppbygginga har pågått i årevis. Stortinget har no vedteke byggetrinn 1 som har ei kostnadsramme på 20,5 milliardar kroner.

Prislappen på heile det nye regjeringskvartalet med byggetrinn 2 og 3 er anslått til å ligge på mellom 26 og 36 milliardar.

Senterpartiet har lenge vore kritisk til dei høge kostnadane ved prosjektet. Og på valturné i Nord-Noreg førre veke sa Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum til NRK at han ville spare milliardar på regjeringskvartalet og heller bruke pengane i nord. Partiet vil nedskalere byggetrinn 1 som allereie er i gang, og droppe byggetrinn 2 og 3.

Sp-forslaget vil innebere at fleire av departementa ikkje flyttar til det nye regjeringskvartalet, men held fram med kontorlokale andre stader i Oslo.

Vedum sende brev til statsminister Erna Solberg og ba henne om å ikkje inngå nye kontraktar eller gjere vedtak som aukar kostnadane før eit nytt storting er på plass.

Milliardsprik

Men Sp og Høgres syn på reknestykket kjem frå to planetar:

  • Senterpartiet meiner det er mogleg å spare opp mot 15 milliardar kroner.
  • Kommunalminister Nikolai Astrup meiner tvert imot at Sps forslag vil gjere prosjektet rundt 25 milliardar dyrare.

Astrup har omtalt Senterpartiets påstand om at det er milliardar å spare som «populistisk vås».

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).

VÅS: Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) meiner Sps forslag blir langt dyrare, men får no motbør frå Venstre.

Foto: Wilhelm Sverdvik / NRK

Som argument for at Sp-forslaget er dyrare, har han vist til at det må gjerast store sikringstiltak andre stader i Oslo dersom departementa ikkje skal vere samla i det nye regjeringskvartalet. Han seier staten då må kjøpe kontorbygningar dei i dag leiger, og at ein må kjøpe opp nabobygningar for å sikre departementa godt nok.

Venstres Elvestuen er ueinig i at dette er naudsynt.

– Det er alltid fleire måtar å tenke tryggleik på. Vi må sjå på korleis vi kan sikre Oslo sentrum betre, ikkje berre tenke betongtryggleik der vi kjøper opp nye eigedomar. Kvar skal ein slik tankegang ende? Kva gjer vi med Stortinget? Skal vi kjøpe opp alle bygningar rundt, spør Elvestuen retorisk.

Han konkluderer med at argumenta frå kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) om at Senterpartiets løysing blir dyrare, ikkje held vatn. Mens Astrup på si side viser til at kostnadsanslaga er utarbeidd på fagleg grunnlag.

Er du heilt sikker, Elvestuen, på at ein kan spare store milliardar på å nedskalere planane?

– Eg er iallfall heilt sikker på at det ikkje blir dyrare enn dei byggeplanane som ligg der no. Det er mogleg å nedskalere regjeringskvartalet og også spare pengar på det.

Sikkerheitslova

– Eg er einig med Elvestuen i at vi ikkje skal sikre meir enn naudsynt, men vi må sikre til eit forsvarleg nivå, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup til NRK. Han meiner sikkerheitslova pålegg staten å kjøpe opp bygningar rundt departementa dersom ein skulle gjere det på den måten Senterpartiet foreslår.

– Men krev lova faktisk at ein kjøper opp bygningar rundt eit departement?

– Lova krev at vi skal ha tilstrekkeleg sikring av grunnleggande nasjonale funksjonar. Departementsbygningane der vi sit midlertidig, er kloss oppe i andre bygningar som gjer oss utsett. Dei nasjonale tryggingsmaktene er tydelege på at det enklaste, beste og sikraste er å trygge eitt kvartal og ikkje ti lokasjonar rundt om i byen.

Det nye regjeringskvartalet

SAMLA: Det nye regjeringskvartalet skal etter planen kome der det gamle låg, i Oslo sentrum.

Illustrasjon: Statsbygg /Nordic Office of Architecture /Haptic

For Oslo

Elvestuen er stortingskandidat for Venstre i Oslo i valet også til hausten. Han har lenge meint at det planlagte regjeringskvartalet blir for stort og høgt. Han gjekk også hardt mot riving av Y-blokka med kunst av Pablo Picasso og Carl Nesjar, men synspunktet vann ikkje fram i regjeringa. Elvestuen håpar fortsatt å påverke korleis dei endelege kontorbygningane for departementa blir.

– Vi kan nedskalere regjeringskvartalet, og vi nedskalere det. Dette er for stort og dominerande for Oslo, så det er ei viktig sak for Oslo, seier han til NRK.

– Det er ikkje så ofte Senterpartiet og Venstre er einige?

– Nei, men her handlar det om sak, og her er vi einige.

AKTUELT NÅ