Hopp til innhold

Meiner lærarane har betre løn enn dei hevdar

Lærarar og helsepersonell i kommunane har slett ikkje så dårleg lønsutvikling som dei gir inntrykk av, meiner arbeidsgjevarorganisasjonen KS. Krangelen om tala dreg seg til før lønsoppgjeret.

Lærer Thea Flønæs Hojem

TALSTRID: Det er snart lønsoppgjer og partane er ueinige om korleis lønsutviklinga til lærarane eigentleg er.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Vi ser heilt openbart at lærarar og sjukepleiarar, kanskje spesielt sjukepleiarar, vart prioriterte i kommuneoppgjeret i fjor, seier Tor Arne Gangsø som er forhandlingsleiar for den kommunale arbeidsgjevarorganisasjonen KS.

Lønsforhandlingar er alltid ein kamp om å skildre verda på sin måte.

Det finst ei mengd med tal, statistikkar og rapportar som ligg til grunn. Arbeidstakarsida og arbeidsgjevarsida vil alltid legge vekt på ulike poeng frå statistikken.

Strid om lærartal

Tor Arne Gangsø, KS.

FORKLARING: Tor Arne Gangsø i KS meiner dei svake lærarlønstala har ei forklaring.

Foto: Henriette Hoel / NRK

Det er først og fremst for lønsutviklinga i skulen at KS no teiknar eit veldig annleis bilde enn vi kjenner frå før.

Lærarane har tidlegare i vår peika på at deira yrkegruppe har vore lønstaparar det siste året. Undervisningspersonell fekk ein lønsvekst på 2,3 prosent i fjor, viste tal frå teknisk berekningsutval, som er «talbibelen» før lønsoppgjeret.

Dette er langt under den gjennomsnittlege lønsveksten i samfunnet som var på 3,4 prosent. Tilsette i kommunar og stat fekk under 3 prosent vekst samla sett.

Desse tala blir særleg brukt av Unio til å argumentere for auka løn i offentleg sektor i år. Unio organiserer grupper som sjukepleiarar, lærarar og politi.

– Offentleg sektor må ha ei høgare ramme i år for å ta igjen det vi har tapt i pandemi-åra, har Unio-leiar Ragnhild Lied sagt med utgangspunkt i tala.

Men spørsmålet er om talet fortel heile sanninga. Og særleg i skulen meiner KS altså at kvar enkelt arbeidstakar har hatt større lønsvekst enn februartala tilseier.

Pandemiforklaringa

KS er ikkje ueinig i at tala faktisk viser at undervisningspersonell samla sett hadde dårleg lønsutvikling.

Men dei meiner det finst ei forklaring som nyanserer bildet.

  • Grunna pandemien var det mange ufaglærte vikarar inne i skulen i fjor. Det gjer at snittløna ser lågare ut enn den i realiteten er for utdanna lærarar.
  • Streik i skulen i fjor gjorde at lærarane fekk lønsauken sin seinare.
  • Sjukepleiarar fekk meir i lokale forhandlingar enn lærarar.

KS meiner realiteten dermed er at lærarar si lønsutvikling ligg på rundt 4 prosent lønsvekst i fjor, altså godt over snittet i samfunnet. Sjukepleiarane i kommunane kom ut med ein vekst på 4,3 prosent, ifølgje KS.

Er det feil når utdanningsgruppene framstiller seg som taparar?

Det er ikkje direkte feil, men det kjem an på kva du måler. Ser du på lønsutviklinga til den enkelte lærar, så har ikkje denne læraren hatt ei dårlegare utvikling enn snittet, seier Tor Arne Gangsø, forhandlingsleiar i KS.

– Dei har ingen grunn til å klage?

Eg vil ikkje legge meg bort i kven som klagar.

Bortforklaring

KS sine tal er henta frå ein rapport som partane i kommuneforhandlingane samarbeidar om.

– KS presenterer tala på sin måte. Dette er usikre tal. Dei offisielle tala viser at lærarane var lønstaparar i fjor. Eg synest KS skal prøve å leite etter løysingar i staden for å bortforklare faktum, seier Steffen Handal til NRK.

Steffen Handal, leder i Utdanningsforbundet

KRITISK: Steffen Handal er ikkje einig i KS si forklaring av statistikk.

Foto: Halldor Asvall / NRK

Handal er leiar i Utdanningsforbundet og forhandlingsleiar når Unio sine ulike yrkesgrupper skal forhandle med KS.

– Kan det ikkje stemme at den store vikarbruken i pandemien gjer at lærarlønsveksten ser lågare ut enn den i realiteten er?

– Det kan hende, men vi veit ikkje dette heilt. Dei offisielle tala er heilt klare. Lærarane var lønstaparar i fjor slik dei har vore i fleire år.

AKTUELT NÅ