Lønsopprøret

Alt blir dyrare. Det er på tide å få betalt, krev dei på golvet. Lønsoppgjeret i år blir ein thriller av dei sjeldne.

Pandemi og permitteringar. Stigande renter og straumpris. Matprisar på veg opp. Mørke, økonomiske skyer gjer at mange håpar at det er deira tur til å kome godt ut av lønsoppgjeret.

Men har nokon grunn til å tru på lønsvekst som monnar i år?

INDUSTRIARBEIDAREN

Egil Aarseth (41) er industrimekanikar. Han har yrkesfagleg utdanning frå vidaregåande og to fagbrev. Dei to barna hans bur annakvar veke hos han. Han køyrer 8 mil til og frå jobb i dieselbil.

Årsløn: 453.000 kroner. Lån: «Meir enn nok».

Aarseth i arbeid

Kjøpekrafta må opp for oss med dårlegast råd.

Industriarbeider Egil Aarseth

– Kvar dag når eg står ved dieselpumpa, er Egils skildring av når han merkar dei økonomiske bekymringane i kvardagen.

Han jobbar som industrimekanikar og er verneombod hos Kongsberg Maritime i Ulsteinvik på Sunnmøre. Han håpar lønsoppgjeret gjer at han får betre råd.

Det er klart du merkar godt det med dieselprisane når ein pendlar åtte mil kvar dag. Gjeld har eg også nok av. At renta gjekk opp kjem eg til å merke ganske greitt ja. Og verre skal det jo bli.

Det kan vere store skilnader mellom lønsnivå i ulike industribedrifter. Egil jobbar dessutan på dagtid kvardagar. Skiftarbeid kan dra opp løna ein del.

Snittet for dei som jobbar som anleggsmaskin- og industrimekanikar er om lag 534.000 kroner ifølgje tal frå SSB.

Det er kvardagen til desse det blir forhandla om når representantar for arbeidsgjevarane og arbeidstakarane i industrien sit hos Riksmeklaren no.

Natt til fredag er fristen for å bli einige.

Forhandlingane starta med eit handtrykk 9. mars.

Tariffoppgjøret 2022
Foto: Terje Pedersen / NTB

Auka kjøpekraft var eitt av dei sentrale krava frå leiaren i Fellesforbundet, Jørn Eggum, då krava vart overleverte til arbeidsgjevarrepresentanten Stein Lier-Hansen i Norsk Industri.

Skal ein arbeidstakar få betre råd, må løna sjølvsagt opp.

Men sjølv om løna til Egil vil auke litt i år også, er det ikkje gitt at han får betre råd.

Når den raude grafen er på det høgaste, har gjennomsnittsnordmannen hatt eit godt lønsoppgjer med høg prosentvis lønsauke samanlikna med året før. Som for eksempel i 1975 då årslønsveksten var på heile 17,4 prosent.

Men den blå linja er den som viser kor mykje betre råd vi har fått.

Den viser nemleg reallønsveksten. Også omtalt som kjøpekraftutviklinga.

Når den blå grafen er under null, betyr det at prisane har stige meir enn løna. I 2016 var det slik. I fjor var prisstiging og lønsutvikling i gjennomsnitt lik. Då hamna den blå grafen på null.

Egil forventar kjøpekraftsauke.

– Lønsoppgjeret må sjølvsagt spegle prisoppgangen for tida. Klart eg ønskjer reell auke i kjøpekraft.

Dei som bør kome best ut av lønsoppgjeret er dei som er lågt løna frå før. Det er slike som meg. Folk som er nyetablerte, som har dårleg råd, lang pendlarveg, som ikkje har høve til å køyre elbil.

Men arbeidsplassen må vere trygg

Nasjonal veileder for kommunene om lokale karanteneregler

USIKKERT: NHO-sjef Ole Erik Almlid.

Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg Solum

For arbeidsgjevarane i industrien er også stigande prisar krevjande. For også bedrifter har lån. Og utgifter til straum og drivstoff. Og dei ser ein krig som skaper ein usikker marknad i Europa.

– Det er usikre tider, understreka NHO i forkant av at årets forhandlingar starta.

– I ein slik situasjon er det ekstra viktig å sikre konkurranseevna til bedriftene, sa administrerande direktør Ole Erik Almlid.

Mange norske industribedrifter eksporterer varene sine til andre land. Men Noreg er eit høgkostland. Det vil seie at bedriftene har høge utgifter for å produsere her i landet. Sjølv om Egils løn er låg etter norske forhold, brukar bedriftene store pengar på løn.

Ligg den raude, norske grafen altfor høgt, vil bedriftene slite med å vere konkurransedyktige.

Eller med andre ord: Det blir vanskelegare å få selt varene fordi dei blir for dyre.

I verste fall går bedriftene dukken, og industriarbeidaren har ikkje lengre jobb.

Håpet om eit lønsmirakel

Boka «Mirakel» er dagens tema i sjuande klasse på Hommelvik skole i Trøndelag.

– No har dokker lese den på engelsk, lese utdrag på norsk og sett filmen. Kva tenker dokker om forskjellane? spør lærar Thea elevane.

Men læraren trur ikkje på noko «Mirakel» i lønsoppgjeret.

LÆRAREN

Kontaktlærar Thea Flønæs Hojem (39). Fireårig lærarutdanning og 14 år ansiennitet. Sambuar og to barn.

Lærer Thea Flønæs Hojem

Årsløn før skatt: 566.100 kroner. Huslån og studielån i overkant av 3 millionar kroner.

Lærer Thea Flønes Hojem

Renta aukar og matprisar og alle andre prisar aukar. Men min lønsvekst heng ikkje med på det. Vi må byrje å tenke på kva vi skal bruke pengane våre på.

Lærer Thea Flønæs Hojem

Thea er lokal tillitsvald på skulen for Utdanningsforbundet som snart skal forhandle løn for landets lærarar med kommuneorganisasjonen KS.

Ho elskar jobben sin.

Men ho meiner betalinga er for låg. Ho avslutta fireårig lærarutdanning og byrja i yrket i 2010. No kjem yngre lærarstudentar med mastergrad ut i yrket og startar på ei løn som er nesten lik hennar.

– Dei nyutdanna fortener den løna dei får, men det må vere fokus på å løfte adjunktløna, seier ho til NRK. Den noverande årsløna hennar inkluderer eit tillegg for å vere kontaktlærar.

Ho meiner lærarane bør vere prioritert i årets oppgjer, og at ei påskjøning etter ei lang pandemi-økt hadde vore på sin plass.

Når andre yrkesgrupper dreg frå, følest det urettferdig.

Kva forventningar har du til lønsoppgjeret?

Eg har kanskje ikkje så store forventningar, men eg har store forhåpningar.

Ho har to barn og ein sambuar som jobbar som snikkar. No ser ho at utgiftene skal stige.

Ein kan jo bli litt bekymra når ein høyrer at det skal vere sju rentehevingar i løpet av kort tid og straumprisane varierer såpass som dei gjer. Og ikkje minst bensinprisane. Vi er avhengige av bil, både for å kome oss på jobb og elles.

Både Egils og Theas uro er at prisane kan stige meir enn løna i år.

Det er nemleg ingen tvil om at prisane stig.

Grafen viser korleis mellom anna energiprisar drog prisane kraftig opp mot slutten av 2021.

Også dei siste månadane har prisane vore i rask utvikling. Like før lønsoppgjeret kom det ein ekstra TBU-rapport som viser at prisane vil stige meir enn ein trudde tidlegare i år. Slike rapportar er talgrunnlaget for lønsoppgjera. Konsumprisveksten kjem til å vere 3,3 prosent i 2022, blir det anslått. Altså må løna stige minst med 3,3 prosent om kjøpekrafta skal auke. Men med krig og energikrise er anslaget for prisvekst svært usikkert no.

Tor Arne Gangsø, KS.

FORSTÅR: Tor Arne Gangsø er lønsforhandlar for kommunane.

Foto: Henriette Hoel / NRK

Og prisstiging påverkar også arbeidsgjevarane.

Eg har stor forståing for at folk er bekymra for sin eigen økonomi. Det er noko vi alle er og bør vere. Eg ser at forventningane er store, seier forhandlingsleiar i KS, Tor Arne Gangsø. Han representerer kommunane som arbeidsgjevar i lønsforhandlingane. KS forhandlar om Theas løn, og om løna for mange helsearbeidarar i kommunane.

Prisveksten og renteutviklinga råkar jo kommunane på same måte som det råkar oss som enkeltindivid. Får vi ein kraftig renteauke vil det slå hardt inn på kommunebudsjetta, seier han.

Han åtvarar mot å løyse prisstiginga med lønsfest.

Renteutviklinga løper løpsk viss vi aukar kjøpekrafta betydeleg.

HELSEFAGARBEIDAREN

Solveig Nissen (62). Barnepleiar gjennom 38 år. Jobbar på barnesenteret på Oslo Universitetssykehus, Ullevål.

Barnepleier Solveig Nissen

80 % jobb og 20 % pensjon gir til saman fast årsinntekt på 462.000 kroner. Med kvelds- og helgejobbing tente ho brutto litt over 600.000 i fjor. Solveig eig ikkje eigen bustad og har ikkje bustadlån.

Barnepleier Solveig Nissen 4

Ofte ser eg på bustadmarknaden og tenker: Den leilegheita kunne eg tenkt meg. Men det er ikkje snakk om.

Barnepleier Solveig Nissen 4

Kvar einaste dag blir det passa nyfødde barn ved Ullevål sykehus i Oslo. Med trente auge går helsefagarbeidarane med spesialutdanning innan barsel- og barnepleie rundt ved kuvøsene og følgjer nøye med på dei små.

Er babyane slappe, er dei stive? Er pusten slik han bør vere? Har noko endra seg sidan sist? Og korleis har foreldra det no?

Utdanningsnivået hennar er det som i dag heiter helsefagarbeidar og tidlegare hjelpepleiar. Det betyr helsefagleg utdanning på vidaregåande nivå, men ikkje høgskuleutdanning slik sjukepleiarane har.

Barnepleiaren Solveig Nissen (62) skildrar sine eige forventningar til årets lønsoppgjer som «ikkje veldig store».

– Eg trur ikkje vi blir veldig prioritert, helsefagarbeidarar som vi er.

I fjor fekk ho og kollegaene ein lønsauke på 24.000 kroner. Barnepleiaren var eigentleg godt nøgd.

– Men borte vart det, fordi straumen auka, husleiga gjekk opp. Alt auka. Det blei jo ikkje noko meir igjen.

Ho legg til:

– Eg kan ikkje hugse at eg har fått ei så bra lønsauke nokon gong. Men det hjelpte jo ingenting.

På eit tidspunkt tidlegare i livet vart ho ståande utanfor bustadmarknaden. No kjem ho ikkje inn att, fortel ho.

– Sjølv om eg bur i ei lita leilegheit, går mykje av løna til det. Eg vil ikkje seie at eg har det dårleg, men eg har det ikkje «feitt» heller.

Eg får ikkje spart til å kjøpe meg ny leilegheit, fordi eg har så høg husleige.

– I eit lønnsoppgjer er det mange yrkesgrupper som ønskjer høgare løn. Meiner du di gruppe bør bli prioritert?

– Ja, det synest eg jo. Men alle bør jo på ein måte dele kaka.