Hopp til innhold

Mange vil stå på venteliste hos fastlegar

Fleire tusen nordmenn har sett seg opp på dei nye digitale ventelistene hos populære fastlegar, sidan det vart mogleg tidlegare denne veka.

Blodtrykksmåling

No er det mogleg å setje seg på venteliste hos fastlegar med fulle pasientlister.

Mange fastlegar har fulle pasientlister, medan andre har mange ledige plassar.

Jørgen Skavlan

Jørgen Skavlan er ein av dei mest populære fastlegane her i landet og har fleire på venteliste.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

300.000 av oss byter fastlege kvart år, og fleire tusen har sett seg opp på venteliste etter at det vart mogleg på nettsida helsenorge.no tidlegare denne veka. Når legen får ledig plass, skjer bytet automatisk.

Meir informasjon

Det er bra med venteliste hos populære legar, men helsedirektoratet burde leggje inn meir informasjon om fastlegane enn namn, alder og kjønn, meiner fagdirektør Anne Kristin Vie i Forbrukarrådet.

Ho etterlyser blant anna informasjon som hjelpe oss å finne ut om legen passar for oss, ein presentasjon på nettet der ein kan få eit betre inntrykk av vedkomande.

Fagdirektør Anne Kristine Vie i Forbrukarrådet.

Fagdirektør Anne Kristine Vie i Forbrukarrådet vil ha meir informasjon om kvar enkelt lege.

Foto: Tom Ingebrigtsen / NRK

– Det vi ser i pasientundersøkinga vi nettopp har gjennomført er at sjølv om ein del pasientar er svært misnøgde, så skiftar dei ikkje fastlege likevel. Dette fordi dei er redde for alternativet, fordi dei har for liten informasjon, seier Anne Kristin Vie.

Fleire pasientar klagar på fastlegen sin

Vurdering av fastlegar

I dag finst det private nettsider som legelisten.no, der pasientar skriv om sine erfaringar med namngitte fastlegar. Avdelingsdirektør Steinar Mathisen i Helsedirektoratet seier det ikkje er aktuelt å innføre noko slikt.

Avdelingsdirektør i Helsedirektoratet Steinar Mathisen.

Tilbodet har vorte svært populært, seier avdelingsdirektør Steinar Mathisen i Helsedirektoratet.

Foto: Tom Ingebrigtsen / NRK

Han avviser likevel ikkje at det kan kome fleire opplysningar inn på sidene deira etter kvart.

Mathisen fortel at den nye nettsida raskt vart populær.

– Då dette tilbodet kom på lufta måndag denne veka, så hadde rundt 4000 sett seg på venteliste hos fastlegar med fulle pasientlister. Etter to dagar var vi oppe i 6500, så dette har vore eit svært etterspurt tilbod, seier avdelingsdirektøren til NRK.

59 mindre kommunar stod utan fastlege eller legevaktlege

AKTUELT NÅ