Hopp til innhold

59 mindre kommunar stod utan fastlege eller legevaktlege

Ei ny undersøking viser at mange norske kommunar har stått heilt utan fastlege i lengre periodar. – Me fryktar for distrikta, seier Nasjonalt senter for distriktsmedisin.

Steinar Jacobsen

HØGT PRESS: Kommunelege i Odda, Steinar Jacobsen, meiner fastlegeordninga i kommunen skrantar. – Me har ikkje nok legar til alle innbyggarane våre, og er avhengige av vikarar for å fylla fastlegestillingane.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Mange innbyggarar i distrikta får ikkje ein fast lege å forholda til seg. Det er ikkje bra for pasientbehandlinga, seier Helen Brandstorp.

Ho er leiar for Nasjonalt senter for distriktsmedisin, som har kartlagt korleis det står til med legedekninga i dei mindre kommunane i landet.

Det var Dagens Medisin som omtala saka først.

359 kommunar med under 20.000 innbyggarar var med i undersøkinga,

42 av desse hadde stått utan fastlege i tre månadar eller meir. 17 kommunar var utan lege i kommunal legevakt. Talet på kommunar fordeler seg ulikt mellom fylka i Noreg:

Fylker med fastlegemangel

Får konsekvensar for distrikta

– Me fryktar vikarstafettar og eit urettferdig helsesystem, der distrikta har eit dårlegare helsesystem enn dei større stadene, seier Brandstorp.

Det er vanskeleg å rekruttera til stillingane, og å få legane til å bli.

– Unge lege byrjar gjerne i jobben, men dei blir ikkje verande. Pasientane må gå til vikarar som ofte kjem frå utlandet, og som ikkje kjenner lokale forhold og språk så godt, seier Brandstorp.

– Ordninga skranglar

I Odda kommune i Hordaland er dei godt kjent med legemangelen. I lengre periodar det siste året har alle dei åtte fastlegestillingane vore avhengig av vikarar.

– Me har hatt problem heilt sidan fastlegeordninga starta i 2001. Me har ikkje nok listeplassar til å dekka innbyggarane våre, så nokon har måtte søka legehjelp i andre kommunar, seier kommunelege Steinar Jacobsen til NRK.

Arbeidsmengda er stor, fortel han.

– Det blir ein vond sirkel, mange unge legar trivst her inne, men dei bukkar gjerne under for høgt arbeidspress.

Han seier ordninga skrantar i kommunen.

– Pasientane har rett og slett ikkje ei reell fastlegeordning. Dei har heller ikkje eit reelt val mellom legar, fordi det ikkje finst ledige plassar på andre lister, seier Jacobsen.

Helen Brandstorp

MÅ LEGGA OM: – Me kan få eit A- og B-lag av legar, at dei som ikkje får seg jobb andre stader må ta seg jobb i distrikta, seier Helen Brandstorp, leiar i Nasjonalt senter for distriktsmedisin. Ho meiner utdanningsløpet må desentraliserast, for å få legestudentane ut i distrikta.

Foto: Privat

– Eit problem over heile verda

Brandstorp seier mangelen på legar i distrikta er ei global utfordring.

– Legar vert utdanna sjukehusbasert på universitetssjukehus i store byar, og dei vil gjerne bli verande der.

Ho meiner løysinga er å endra utdanningsløpet.

– Utdanninga av legar må desentralisert i større grad. Meir av grunnopplæring må skje utanfor universitetssjukehusa, og ute i distrikta.

I andre land har dei gode erfaringar me dette, ifølge Brandstorp.

– Studentane oppdagar at medisinen utanfor byane er vel så spennande, og vel så utviklande. Me treng eit skifte i korleis me tenker om legeutdanning.

Odda prøver no å rekruttera legar frå område, som gjerne vil bli i bygda.

– Me kjem ikkje unna at me ligg eit stykke frå dei større byane. Men me meiner sjølv at me har mykje å by på, seier Jacobsen.