Hopp til innhold

Kraftig auke i bestilling av utanlandsreiser

Turoperatørane merka auka pågang frå reiselystne nordmenn då regjeringa varsla endringar i reiseråda i sommar. Tui melder om 106 prosent auke i salet på eitt døgn.

Solsenger og parasoller står klare på stranda på Kreta

Hellas er ein av vinnarane når nordmenn skal ut i verda igjen. På Kreta står solsengene og parasollane klare til å ta i mot turistane i sommar.

Foto: LOUISA GOULIAMAKI / AFP

Fredag varsla regjeringa endringar i reiseråda til utlandet frå 5. juli. Gjennom store delar av pandemien har UD rådd nordmenn frå å reise til utlandet dersom ikkje reisa er strengt nødvendig.

Men sjølv om reiseråda blir endra, kan ein framleis kome i karantene dersom ein kjem frå land med høg smitte.

Nora Aspengren, kommunikasjonssjef i TUI

Kommunikasjonssjef Nora Aspengren i Tui seier dei merka at mange nordmenn er lystne på ei reise i sommar.

Foto: TUI

Dette ser likevel ikkje ut til å skremme reiselystne nordmenn.

Kort tid etter offentleggjeringa av dei komande endringane, merka både Ving, Apollo og Tui ein merkbar auke i etterspurnaden etter feriereiser.

– Då pressekonferansen starta merka vi ei tredobling på nettsidene våre og ein auke i salet på 106 prosent, samanlikna med dagen før, seier kommunikasjonssjef Nora Aspengren i Tui.

Kjente reisemål

Dei fleste av dei som bestiller reiser no, skal reise først til hausten og vinteren. Men stadig fleire bestiller også ferieturar for juli og august.

Og det er dei gamle, kjende reisemåla som går igjen når nordmenn skal ut i verda igjen.

– Hellas er den store vinnaren med Kreta, Rhodos og Samos i sommar. Til vinteren er det Kanariøyane som gjeld, seier Aspengren.

Tenerife

Kanariøyane er eit populært reisemål for nordmenn. Her frå ei badestrand på Tenerife i 2015.

Foto: DESIREE MARTIN / Afp

I tillegg melder enkelte reiseselskap at også meir eksotiske reisemål som Thailand og Mexico er på veg tilbake på reisekartet til nordmenn.

Les også: Vil du reise? Nå kan forsikringen dekke røde land

Ting kan endre seg

Men sjølv om ein kanskje begynner å sjå ein ende på pandemien, veit vi at ting kan snu fort. Styresmaktene har difor åtvara mot at reiseråd og innreisereglar til Noreg kan bli endra medan ein er i utlandet.

Testing og karantenehotell, plakat på Gardermoen

Sjølv om reiseråda blir endra frå 5. juli, må ein teste seg og i karantene dersom ein kjem frå land med høg smitte.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Les også: Norgesferie eller europaferie? Dette er reglene

Aspengren meiner det ikkje er grunn for dei reisande å uroe seg.

– Vi sel pakkereiser, og er ansvarlege for kundane våre uansett. Så skulle noko skje, skal vi sørge for at dei kjem seg trygt heim. Og skulle reisa bli kansellert, får dei pengane tilbake.

Les også: Kan fortsatt bli ferietrøbbel med koronapass

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger