Hopp til innhold

Mange legevakttilsette utsette for vald på jobben

Kvar tredje tilsett ved dei kommunale legevaktene i landet er blitt utsett for vald frå pasientar og besøkande på jobben, viser ei undersøking.

Legevakta i Kristiansund
Foto: Roar Halten / NRK

Trass i at så mange vert utsette for vald, er mange framleis åleine på jobb, skriv Dagsavisen.

– Dette gjer at mange sjukepleiarar, legar og andre risikerer truslar og vald på arbeidstaden, seier Tone Morken, nestleiar ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin.

Morken meiner at ein aldri bør vere åleine på jobb, når det kan oppstå situasjonar som kan vere farlege for eigen tryggleik.

– Kommunane er ansvarlege for legevaktene og det er dei som må dimensjonere dei ut i frå behov og folkemengd. I dag er det mange kommunar som samarbeider om legevakttenestane. Det er ei fornuftig løysing som sikrar god kompetanse ved legevaktene, seier Lisbeth Normann i Helse- og omsorgsdepartementet til avisa.

Per dags dato er det 191 kommunale legevakter i Noreg. Både med tanke på tryggleiken til dei tilsette, og tilbodet til pasientane, bør talet verte redusert til mellom 80 og 90, meiner kompetansesenteret.

Helse- og omsorgsdepartementet trur at kommunereforma som vil innebere samanslåing av kommunar, kan gjere det enklare å sjå kor mange legevakter ein vil ha.

AKTUELT NÅ