Hopp til innhold

Må leve med porøse fjell

Også tidlegare har store steinblokker losna frå fjellet Aksla. Ålesund kommune har gjort omfattande sikringsarbeid.

Boligblokk Ålesund

RAS FRÅ AKSLA: Boligblokka i Ålesund kollapsa då det raste frå byfjellet.

Foto: Terje Reite / NRK

Men utfallet har ikkje vore så alvorleg som det som hende med bustadblokka i Fjelltunvegen tidleg onsdag morgon.

Gymsal vart ramma

I 1997 fekk gymsalen til Nørvøy skole store steinblokker i veggen, og etter dette har kommunen gjort eit omfattande sikringsarbeid av fjellet, fortel oppsynsmann Steinar Engvik.

- Det skal faktisk vere sikkert no, det som ligg utanpå grunnfjellet,

Steinar Engvik

Steinar Engvik er oppsynsmann i Ålesund kommune.

Foto: Janne-Marit Myklebust / NRK

seier Engvik.

Kjent fenomen i Ålesund

Porøse fjell rundt Ålesund er eit kjent fenomen for kommunen. I 1997 kunne det gått gale då store steinblokker frå fjellet Aksla raste inn i veggen på gymsalen til Nørvøy skole.

- Etter det hadde vi folk ute med både netting og boltar og fekk sikra heile sida, og også på nordsida, seier Steinar Engvik.

Men ulukker som den som ramma bustadblokka i Fjelltunvegen tidlegare i veka er umulege å forutsjå meiner Engvik.

- Det går ikkje. Det går viss det heng ei blokk på utsida, men inni fjellet går det ikkje an å kontrollere, seier Steinar Engvik.

Aksla har gått gjennom både tunnelbygging og mykje sprengingsarbeid. Men Engvik har ikkje tru på at det verkar negativt inn.

- Det trur eg ikkje. Det har vore sikra etter at tunnelane vart laga, fortel Engvik.

- Ikkje farleg

Jamnleg sjekkar kommunen at fjellet ikkje har forandra seg, og at det er sikra godt nok. Aksla er eit såkalla sleppefjell der store steinblokker må sikrast for å ikkje gli ut. Slik er det med fleire fjell rundt Ålesund.

- Stort sett er fjellet porøst, det ser vi på skråningane på nedsia av fjella. Der ligg det mykje stein.Det har vore ras gjennom alle år, fortel oppsynsmannen.

Steinar Engvik meiner at folk berre må finne seg i porøse fjell i Ålesund, men at det ikkje er farleg, så lenge fjella er kontrollerte og sikra..

- Så langt vi kan har vi full kontroll, seier Engvik.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger