Hopp til innhold

Litauisk transportselskap kan bli kasta ut av Noreg

Statens vegvesen har meldt det litauiske transportselskapet Vlantana Norge til politiet. Årsaka er blant anna alvorlege brot på køyre- og kviletidsreglane og manipulering av timelister.

Ein lastebil frå det litauiske selskapet Vlantrana.

Vlantana Norge har tre veker på seg til å leggje fram bevis på at dei følgjer norske lover og reglar.

Foto: NRK

Vegvesenet har saman med Skatteetaten og Arbeidstilsynet gjennomført ein føretakskontroll av Vlantana. I rapporten heiter det at dei etter grundig vurdering har kome fram til at Vlantana Norge AS ikkje oppfyller vilkåra for å drive transportverksemd i Noreg.

Jon Molnes er leiar for krimeininga i Statens vegvesen.

– Vlantana har tre veker på seg, seier leiar for krimeininga i Statens vegvesen, Jon Molnes.

Foto: NRK

– Vi har bede selskapet om å dokumentere verksemda si Noreg innan tre veker, elles kan Vlantana misse transportløyvet her i landet. Vi har funne ulike brot på regelverket som vi har funne naudsynt å melde til politiet, seier Jon Molnes, leiar for krimseksjonen til Statens vegvesen til NRK.

Han fortel at det har vore vanskeleg å få ut informasjon frå selskapet som skal fortelje om dei oppfyller krava til selskap som er etablerte her i landet.

– Det er viktig for oss å ta omsyn til ein sunn arbeidsmarknad, ei sunn transportnæring, at det er like konkurransevilkår og ikkje minst, trafikktryggleiken, seier Molnes.

Fant tom spritflaske og spy på rattet: – Bare flaks at det gikk bra

Mot køyreretninga

Traileren som vart stoppa på E6 i Stange i Hedmark fredag, etter å ha køyrt ni kilometer mot køyreretninga på motorvegen, høyrer til det litauiske selskapet.

Marie og Erik fikk en skremmende opplevelse på vei til hytta fredag. På E6 i Stokke møtte de et vogntog i feil kjøreretning.

Skremmande oppleving for Marie og Erik på veg til hytta fredag. På E6 i Stange møtte de eit vogntog i feil køyreretning.

– Konstruert for å jukse

Etter det NRK kjenner til har sjåførane jobba 100 prosent, men dei har hatt kontraktar som tilsette i 50 prosents stilling. Betalinga skal også ha vore ut frå at dei har jobba 50 prosent.

Generalsekretær Geir A. Mo i Norsk Lastebileier-Forbund er ikkje overraska over funna til Statens vegvesen.

– Dette er forferdeleg alvorleg, selskapet ser ut til å vere konstruert for å jukse og å kome seg unna lover og reglar. Alt tyder på at dei systematisk har brote køyre- og kviletidslovene, fjerna dokumentasjon, manipulert timelister og underbetalt sjåførane sine, seier Mo til NRK.

Geir A. Mo er direktør i Norsk Lastebileier-Forbund.

Direktør Geir A. Mo i Norsk Lastebileier-Forbund meiner det er naudsynt med eit transportpoliti.

Foto: NRK

Han meiner Vlantana i realiteten har vore eit postkasseselskap, og at slike avsløringar fullstendig øydelegg renommeet til utanlandske transportselskap som opererer her i landet.

Vil ha transportpoliti

– Vi i Lastebileigarforbundet har foreslått eit eige transportpoliti, ei permanent eining som sjekkar slike selskap. Vi er ofte ute og dokumenterer ting. Til dømes at utanlandske selskap brukar døgnkvileplassar til rein terminalverksemd, vi ser rasteplassar der sjåførar bur i vekevis og månadsvis. Eg meiner vi ikkje kan kalle det noko anna enn organisert kriminalitet, seier Geir Mo.

Ifølgje Lastebil.no har selskapet vedgått å ha brote norske lover og reglar. Tidlegare denne veka heldt Vlantana eit pressemøte der dei svarte på spørsmål frå media.

– Vi vedgår desse feila, spesielt med tanke på feilregistrering av arbeidstimar. Arbeidstilsynet meiner at denne feilregistreringa har danna grunnlaget for eit lønnsnivå som ikkje er i tråd med norske lover og reglar, sa operasjonsdirektør Thoms Stonys ifølgje Lasteebil.no

Artur hedret for å ha stoppet lastebil med skrekk-dekk

Seks utfordringer med «dødstrailerne» på norske veier – og hva løsningen kan være

– Manglande kunnskap

Thomas Stonys skulda på manglande kunnskap om det norske regelverket. Han avviste likevel at underbetalinga har vore systematisk og bevisst, sjølv om Arbeidstilsynet peikar på nettopp det.

Latebil.no melder også at store transportselskap som Schenker, Asko og Post Norge har avslutta samarbeidet sitt med Vlantana Norge.

Vlantana Norge ynskjer ikkje å kommentere saka overfor NRK søndag.

Ønsker flere kontroller: – Farlige trailere må vekk fra veiene

AKTUELT NÅ