Hopp til innhold

Listhaug: – Det har vore mykje skitkasting

Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) er glad for valresultatet, men syns det har vore ein valkamp med mykje skitkasting.

Men meiner det har vore mykje skitkasting

NOREGS BESTE FRP FYLKE: Sylvi Listhaug er strålande nøgd med valresultatet, men syne det har vore ein skiten valkamp.

NRK snakkar med Listhaug tidleg om morgonen i Ålesund. Ho er svært nøgd med valresultatet.

– Ikkje minst her i Møre og Romsdal, vi fekk over 22 %, vi er landets beste Fremskrittspartifylke, fortel Listhaug.

– Det er eg utruleg stolt over, og eg vil takke alle som har stemt på oss, og alle som har gitt oss denne tilliten.

Er du vaken no?

– Eg kjenner eg er sliten, det har vore ein hard valkamp, det har vore mykje reising, debattar og skitkasting.

Det blir snakka om «Listhaug-effekten», at du har markert deg noko voldsomt, og at du sjølv har bidrege til denne skitkastinga?

– Eg meiner at det er mange ting eg har sagt som er teke ut av sin samanheng, det syns eg er veldig synd fordi eg meiner alle skal bli likebehandla.

– Det gjeld tydelegvis eit sett reglar for meg og eit sett for andre, det syns eg er veldig synd. Også meiner eg at valet er gjort og at vi kan legge det bak oss.

– Vi såg jo at etter kvart som Arbeidarpartiet gjekk ned på målingane, vart meir og meir desperate, og slengde meir og meir skit.

– Tek fatt på ein stor jobb med å integrere

Sylvi Listhaug

NOREGS BESTE FRP FYLKE: Møre og Romsdal er Frp fylke nummer ein, fortel Sylvi Listhaug.

Foto: NRK

Listhaug fortel ho ser fram til å halde fram jobben som innvandrings- og integreringsminister. Det handlar om å integrere tusenvis av menneske som har kome til Noreg.

– Vi må skape skattebetalarar og personar som blir integrerte i lokalsamfunna sine, dette er ekstremt viktig. Vi må også halde kontroll på grensene, for talet på dei som skal bli integrert har mykje å seie om vi vil lukkast.

– Trur på eit godt regjeringssamarbeid

Høgre og Frp er avhengige av støtte frå Venstre og KrF.

Fylkesleiar i KrF Østfold, fortel til NRK at det er ei heil rekke saker som dei er usamde om.

– Det går på dei som trenger det aller mest her heime, og flyktningar. Ein snakkar om å hjelpe folk der dei er, så blir det kutta i bistandsbudsjettet. Ein skal ikkje få lov til å vere i Noreg meir enn so mange år, viss ein ikkje lærer seg norsk.

– Tvillingabort, rusproblematikken, sexkjøpslova, eg kan ramse opp mange ting fortel, Brynjar Høidebraaten til NRK.

Men han legg vekt på at dette ikkje først og fremst handlar om Sylvi Listhaug.

Listhaug sjølv ser optimistisk på eit framtidig borgarleg samarbeid.

– Eg er sikker på at vi skal finne gode løysingar på det, no har vi klart å dra i land eit ikkjesosialistisk fleirtal, det er heilt fantastisk, så skal vi finne eit godt samarbeid også framover.

AKTUELT NÅ