Hopp til innhold

Listhaug om tale på islamkonferanse: – Eg har aldri vore så redd

Sylvi Listhaug (Frp) blir motivert av å hindre Jonas Gahr Støre (Ap) i å bli statsminister. Særleg fordi ho meiner han ikkje stod opp for ytringsfridomen og redaktør Vebjørn Selbekk i karikaturstriden.

Talte til muslimsk ungdom på leir mot ekstremisme.

Sylvi Listhaug gjekk hardt ut mot teologen Tahir-ul-Qadri, da ho talte for muslimske ungdommar om islamisme.

I fjor sommar var dåverande statsråd Sylvi Listhaug invitert til ein konferanse for muslimsk ungdom i Sarpsborg. Frå scena gjekk ho til åtak på islamisme og på hovudgjesten, ein pakistansk religiøs leiar, som har ytra at det bør vere dødsstraff for blasfemi.

– Eg har aldri vore så redd som eg var akkurat då, skriv Sylvi Listhaug i si nye bok «Der andre tier».

Men før den godt pressedekka talen blei heldt, måtte Listhaug diskutere med mannen kor langt ho skulle gå.

– Eg har barn og familie å ta omsyn til, så eg kan ikkje alltid nødvendigvis berre køyre på dersom det kan få store konsekvensar også for dei, fortel Listhaug.

– Støre svikta

I boka viser ho til korleis ho meiner redaktør Vebjørn Selbekk vart svikta av alt frå utanriksminister Jonas Gahr Støre til Kjell Magne Bondevik då Selbekk trykte Muhammed-karikaturar i den kristne avisa Magazinet i 2006.

Ap-leder Jonas Gahr Støre

STØRE-REFS: Listhaug refsar særleg Støre for ikkje å stå opp for ytringsfridomen når det trengst.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Selbekk måtte på eit tidspunkt gå i skjul, medan det norske flagget vart brent av illsinte demonstrantar i muslimske land.

Før ho bestemte seg for kva ho skulle seie, tenkte ho også på terroristane som gjekk til åtak på redaksjonslokala til Charlie Hebdo i Frankrike. Og på Ayaan Hirsi Ali, ei somalisk kvinne som har brote med islam og må følgjast av væpna vaktar.

– Som oftast tenker eg ikkje slik. Sjølv om eg har teke imot mange trugsmål, også drapstruslar, skriv ho.

Ville ikkje la meg skremme

Listhaug hadde også omfattande politivern som statsråd. No var ektemannen Espen redd for kva som kunne skje, dersom Listhaug skulle gå hardt ut mot ein internasjonal muslimsk leiar framfor eit stort publikum.

Dei vart samde om at ho måtte seie ifrå. Kven skulle elles gjere det?

– Eg klarte ikkje å akseptere at eg skulle la meg skremme til å teie.

Sarpsborg

Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug flankert av Pakistans ambassadør Riffat Masood (t.v.) og leder for trussamfunnet Minhaj-ul-Quran, Ejaz Ahmed Waraich, under opninga av ein muslimsk ungdomsleir mot ekstremisme i Sarpsborg sommaren 2017.

Foto: Gunnhild Hokholt Bjerve / NTB scanpix

Så ho gjekk på talarstolen og snakka om ekstremisme, islamisme som «dagens skrekkideologi» og utfordra hovudgjesten på vestlege verdiar. I ettertid vart det heile ein kraftig vekkar om at ein ikkje må ta ytringsfridomen for gitt, meiner ho.

Ho refsar særleg Støre for ikkje å stå opp for ytringsfridomen når det trengst.

– Eg meiner at vi ikkje kan ha statsleiarar som viser ettergjeving, eller bukkar under for krav frå islamistar som ønskjer å øydelegge vår vestlege sivilisasjon, skriv Listhaug.

Ønskjer nytt asylsystem

Kagge forlag gir ut boka som blir lansert tysdag. Med boka vil Listhaug seie noko om kven ho er og kva ho vil som politikar, med hennar eigne ord, skriv ho i forordet.

Eit viktig poeng for ho er at asylsystemet er grunnleggande urettferdig, og at ein ny, strengast mogleg flyktning- og innvandringspolitikk må på plass.

Tidligere justis- og beredskapsminister Sylvi Listhaug med nåværende Per-Willy Amundsen

Tidligere justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen (t.h.) og tidligere justis-, beredskaps- og innvandringsminister Sylvi Listhaug under åpen høring i Stortingets kontroll-og konstitusjonskomite i riksrevisjonens undersøkelse av oppfølging av objektsikring.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Vi må handle før det er for seint, skriv ho.

– Vi kan rett og slett ikkje la dei asylliberale diktere den politiske utviklinga om vi skal finne løysingar og utvegar på dagens flyktningkrise, skriv Listhaug.

Frp-nestleiaren er bekymra for muslimske konservative miljø, den sosiale kontrollen i somaliske miljø, for barn som sendt til Somalia for å bli omskore, og for barn som ber hijab på skulen. Ho avviser at rasisme er årsaka til at innvandrarar slit med å integrere seg, og peikar på at flyktningar sjølve må gjere ein innsats.

Vidare meiner ho at SVs kamp mot fattigdom blir motarbeida av deira eigen opne politikk for asylsøkjarar, fordi «fattigdom i Noreg nesten utelukkande dreier seg om innvandring».

– Menneskerettskonvensjonen er hovudproblemet

Frp-nestleiaren er kritisk til å gi meir makt over asylpolitikken til EU i Brussel, og peiker på den europeiske menneskerettskonvensjonen som hovudproblemet, særleg tolkinga og praktiseringa av den.

Også Den norske kyrkje får høyre det, fordi ho meiner at dei engasjerer seg for mykje på ei politisk side. Kjærleiken til barndomens kyrkjebygg i Ørskog, er den einaste grunnen til at ho framleis er medlem av kyrkja, skriv Listhaug.

– Eg har ingenting til overs for «politikarane» som styrer kyrkja, biskopane.

AKTUELT NÅ