Hopp til innhold

Lege: – Det kunne i prinsippet ha blitt eit stort smitteutbrot her

Legen Benedicte Sjøflot reagerer sterkt på at ho og medpassasjerane fekk gå igjennom taxfree- og bagasjeområdet før dei blei testa ved ankomst på Gardermoen.

Benedicte Sjøflot på Gardermoen.

TESTSENTER: Ein del av avgangshallen som er under ombygging blir brukt som testsenter på Gardermoen. Lege Benedicte Sjøflot reagerer på at folk ikkje blir testa rett etter ankomst.

Foto: Privat

– Dersom omikron er så smittsam som det blir sagt, kunne det i prinsippet ha blitt eit stort smitteutbrot her.

Natt til fredag blei innreisereglane skjerpa, og alle som kjem til Noreg må teste seg på grensa innan 24 timar.

På Gardermoen har dei teke i bruk ein del av avgangshallen som er under ombygging til testsenter. Der må dei som har testa seg også vente til dei har fått svar på hurtigtesten før dei kan reise vidare.

Men mange av dei som har kome til flyplassen frå utlandet dei siste dagane har reagert på at dei må stå tett saman medan dei ventar på å bli testa.

Reagerer på lange køar

Legen Benedicte Sjøflot kom frå London laurdag formiddag. Ho var budd på at ho måtte teste seg på flyplassen, men blei overraska over at dei måtte gjennom både taxfree og henting av bagasje før dei fekk teste seg.

– Eg hadde trudd vi skulle bli testa rett etter passkontrollen for å avgrense smittefaren. Men i staden fekk vi beskjed om at vi måtte gjennom taxfree-området og opp i avgangshallen for å bli testa, fortel ho til NRK.

Ho reagerer særleg på at dei blei ståande veldig tett i kø medan dei venta på å bli testa, og at mange tok av seg munnbind og flytta på stolar i området der ein ventar på svar på testen.

Vannflasker

I testsenteret fekk folk tilbod om ei flaske vatn medan dei venta på å få testa seg. Det førte til at mange tok av seg munnbindet for å drikke, seier Sjøflot.

Foto: Benedicte Sjøflot

Ho understrekar at dei som jobbar på testsenteret gjer ein god jobb, men meiner ting kunne ha vore organisert annleis.

– Rett nok er testinga eit tiltak for å avgrense importsmitte, og ikkje fordi ein trur nokon er positiv. Men eg meiner det kunne vore gjort på ein betre måte.

Har prøvd å finne den beste løysinga

Det er Ullensaker kommune som har ansvaret for å drifte testsenteret på Gardermoen. I vår og i sommar var det fleire som reagerte på lange køar i grensekontrollen og testsenteret, som då låg i bagasjehallen.

– Vi kjempa bokstaveleg talt om plassen med utleveringa av bagasje. Det var ikkje ei haldbar løysing, seier Roger Sandum i Ullensaker kommune.

Les også: Ber folk teste seg for omikron-varianten

I samband med innstrammingane denne veka har kommunen i saman med Avinor prøvd å finne den beste løysinga for å unngå køar og trengsel.

– Sjølv om Oslo lufthamn kan verke stor, er det ganske trongt der. Det er ikkje så mange store område, og dette er det største området som er tilgjengeleg for å unngå at folk stimlar saman, seier han.

Når det gjeld fare for spreiing av omikron-viruset, seier han at dei som kjem frå land som blir definert som høgrisikoområde blir slusa utanom det vanlege testsenteret, og må stå i ei eiga kø.

Les også: Tre omikron-scenarioer for vinteren

AKTUELT NÅ