Toget mellom Oslo og Trondheim er eit godt døme på utviklinga:
– Toget brukar 50 minutt lengre tid på turen i dag enn for 22 år sidan, seier fagsjef Holger Schlaupitz i Noregs Naturvernforbund.
Han har studert køyretida for raskaste tog på fjerntogstrekningane i «Rutebok for Noreg» og samanlikna med dagens rutetabell.
– Tankekors
– Det er eit tankekors at medan det går raskare å køyre enn før og flytilbodet er blitt betre, så går det saktare å reise miljøvenleg, seier Schlaupitz.
Klokka er snart åtte om morgonen. Schlaupitz finn plassen sin om bord i toget som står klart på spor 16 på Oslo S. Schlaupitz vel toget så sant det er mogleg når han skal rundt om i landet.
08:02-toget til Trondheim er den raskaste avgangen på denne strekninga no, turen tar 6 timar og 37 minutt. Det er altså 50 minutt lengre enn i år 2000. Utviklinga har vore den same på alle fjerntogstrekningar i Sør-Noreg:
På turen frå Bodø til Trondheim på Nordlandsbanen brukar det raskaste toget 9 timar og 46 minutt. Det er 12 minutt kortare tid i dag enn for 22 år sidan. Det kan truleg forklarast med færre stopp og kortare opphald på kvar stasjon, ifølge Holger Schlaupitz.
– Kapasiteten er sprengt
Det er Bane Nor som har ansvaret for jernbanen i Noreg, og som set opp rutetabellane. Konserndirektør for kunde og marknad, Henning Scheel, seier det er blitt trongare om plassen på sporet.
– Enkelt sagt så er kapasiteten sprengt. Vi har stort sett enkeltspora jernbane med avgrensa høve til kryssing. Samtidig har vi hatt ein stor auke i lokal- og regiontrafikken, og ein sterk auke i godsvoluma som blir frakta på jernbanen, seier Scheel.
Han seier og at rutetidene i år 2000 kan ha vore for optimistiske med tanke på at toga skulle vere i rute.
– Dei seinare åra har vi fokusert meir på kvaliteten i reisa. Det gjer og at reisetida blir litt lengre.
– Punktlegheit viktigare enn reisetid
– Men det er vel ein kvalitet å kome raskt fram?
– Det er det, men punktlegheit og regularitet er vel så viktig for ei god reiseoppleving.
– Kva må til for at toga skal kome fortare fram på lange strekningar, eller er det ikkje så viktig at dei går fort?
– Vi skulle gjerne sett at toga gjekk endå fortare, men for å få til det så må det investerast meir i infrastrukturen.
– Men det er jo ikkje slik at det ikkje er investert i infrastrukturen dei siste 20 åra?
– Nei, og vil ligg an til veldig snart å få eit mykje betre togtilbod. Det vil bli kortare reisetid til Hamar, for eksempel, og på Vestfoldbanen. Og i desember så opnar vi Follobanen, der vi legg til rette for 11 minutt kortare reisetid, seier Scheel.
– Rimelege tiltak kan hjelpe
Det må ikkje vere dobbeltspor over alt for å få ned reisetida på dei lange strekningane, meiner Naturvernforbundets Hoger Schlaupitz.
– Rimelegare tiltak som å bygge fleire kryssingsspor kan få ned tida der eit tog står og ventar på møtande tog. Mange stader er det langt mellom kryssingsspora, og då blir det eit problem når det samtidig er stadig fleire tog på sporet, seier han.