Hopp til innhold

Lærarar krev pengar for ekstra koronaarbeid

Norske lærarar står klare til å kombinere undervising i fysiske og digitale klasserom. Men slikt krev ekstra innsats. Norsk Lektorlag frykter utbrente lærarar.

Karoline Torkildsen underviser ein norskklasse ved Ullern videregående skole

Lektor Karoline Torkildsen kunne jobbe opp mot 12 timar kvar dag i vår. No fryktar ho eit nytt semester med mykje ekstraarbeid.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

– Me må bli kompenserte for den ekstrajobben me gjer, seier Karoline Torkildsen, som er lektor i norsk og historie ved Ullern videregående skole.

Ho har nettopp avslutta ein norsktime der elevane har lært meir om korleis dei best kan uttrykke meiningane sine i eit lesarinnlegg. No er det lektor Torkildsen sin tur til å uttrykke meininga si.

– Guri Melby må høyre på oss. Det er eit meirarbeid å føre både undervising i klasserommet og digitalt, seier den unge lektoren og rettar skytset mot Venstres kunnskapsminister.

2lMENhYpWVc

Guri Melby har sagt at skulane kan undervise digitalt om det vert for vanskeleg å følge smitteverntiltak. Norsk Lektorlag meiner det må følge pengar med ei slik løysing.

Foto: Håkon Mosvold Larsen

60 prosent jobba meir enn vanleg

Norsk Lektorlag har spurt Torkildsen og 1585 andre medlem i fagrørsla om korleis dei opplevde koronavåren. Resultata viser at 60 prosent seier at dei jobba meir enn vanleg då pandemien starta i mars og april.

Berre 9,6 prosent jobba mindre enn vanleg.

11 prosent svarte at dei jobba heile 12 timar meir enn vanleg per veke gjennom mars og april. No frykter Norsk Lektorlag eit nytt semester med altfor mykje arbeid, og dei vil at regjeringa stiller opp med pengar til overtidsbetaling.

Torkildsen på Ullern vgs fortel om ein kvardag der det går mykje tid til å få ungdommane til å vaske hender og halde avstand. Det har vist seg å vere vanskeleg å følge alle smitteverntiltak.

– Det er et stort rom på videregående til å finne løysingar som gjør at du reduserer talet på elevar som er på skulen samtidig. Det er ikkje slik at alle må møte opp der. Det går an å ha heimeundervising, eller endre på dagrytmen slik at ikkje alle er ute samtidig, sa Guri Melby då ho besøkte Politisk Kvarter den 17. august.

Men det er utsegn som dette som fører til at Norsk Lektorlag fryktar mykje overtidsarbeid. Det å ha digital heimeundervising betyr også ekstra arbeidsmengde for læraren, hevder dei.

Karoline Torkildsen

Det er trongt mellom elevane på Ullern vgs. Her underviser norsklektor Karoline Torkildsen i det å skrive eit lesarinnlegg.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Uromeldingar frå tillitsvalde

Ifølge Norsk Lektorlag var det fleire lærarar som ikkje fekk overtidsbetaling i vår. Den vanlege arbeidsavtalen for lærarar gjev rom for fleksibilitet og kveldsarbeid, men lektorlaget meiner det ikkje er nok til å dekke behova som koronapandemien har ført til.

Rita Helgesen

Styreleiar i Norsk Lektorlag meiner det trengst meir pengar om lærarar skal undervise både digitalt og i klasserom.

Foto: Norsk Lektorlag

– Kommunar og fylkeskommunar har budsjett dei skal halde seg til, og desse budsjetta har langt på veg ikkje teke høgde for den auka arbeidsmengda som kjem med digital undervising, seier Rita Helgesen, styreleiar i Norsk Lektorlag.

Lektorlaget meiner det kan vere behov for ekstra overføringar over statsbudsjettet, men i tillegg ber dei også skuleleiarar rundt om i landet planlegge hausten betre.

– Me får uromeldingar frå våre fylkesleiarar og tillitsvalde på at ein berre durar vidare utan å evaluere og planlegge slik at den ekstra belastninga ikkje held fram som i vår, seier Helgesen.

Ingen pengelovnader frå regjeringa

I Kunnskapsdepartementets korridorar gjev Lektorlagets oppmoding lite gjenklang.

– Det er skuleeigarane som må hjelpe skulane og dei tilsette med å finne dei gode løysingane. Frå departementet si side er me sikre på at dei tilsette får god støtte frå skuleeigarane, seier statssekretær Anja Johansen (V).

Illustrasjonsfoto: Lærer

Mange lærarar og lektorar fryktar meirarbeid om dei må førebu digital undervising i tillegg til vanleg undervising. Dette biletet er eit illustrasjonsbilete frå ein norsk skuleklasse.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Ho understrekar at skuleeigarane er pålagt eit ansvar for å gje elevane den undervisinga dei har krav på, men at ho også forstår at situasjonen er ekstra krevjande.

– Me må ta høgde for at me er i ein annan situasjon enn kva me er vant til, og den kan endre seg raskt. Det er klokt å planlegge for at ein ikkje alltid kan ha alle elevane samla i det gamaldagse fysiske klasserommet, seier Johansen.

Utspelet frå Norsk Lektorlag kjem samtidig som statsbudsjettet vert laga og årets lønnsoppgjer for lærarane held på.

AKTUELT NÅ