Statsminister Erna Solberg presenterte søndag ein pakke med nye, strenge tiltak for å slå ned smitten i Noreg.
Tiltaka kjem til å påverke «alle dei planlagde aktivitetane i kyrkja», opplyser direktør Ingrid Vad Nilsen i Kyrkjerådet.
– Gravferder med maks 50 deltakarar kan framleis gjennomførast, seier ho.
Nilsen opplyser at det òg unntaksvis gjeld for små einskildsamlingar eller seremoniar med inntil 10 deltakarar, når ein lokalt vurderer at det er nødvendig.
Unntak for små seremoniar
Det gjeld mindre forsamlingar eller seremoniar med opp til 10 deltakarar, som til dømes dåp, vigsel og innspeling av digital gudsteneste.
– Utover det tilrår vi at planlagde gudstenester og aktivitetar vert gjennomførte digitalt eller blir avlyste dei neste to vekene, seier ho i ei pressemelding.
Kyrkjerådet tilrår at utandørs arrangement vert avlyste sjølv om regjeringa ikkje har innført strengare reglar for slike arrangement.
Diakonalt arbeid held fram
Nilsen seier kyrkjas diakonale arbeid ikkje tek pause, og at kontakt med einskildmenneske er ein viktig del av oppgåvene til kyrkja i ei krisetid.
Dei nye reglane for kyrkja gjeld frå 4. januar.