Hopp til innhold

Kvoteflyktningar er forhandlingsnøtta

Frp starta budsjettforhandlingane med å krevje store kutt i KrF-hjartesakene bistand og kvoteflyktningar. Dragkampen i forhandlingsrommet er no i ferd med å bli hardast om flyktningane.

Bilde frå flyktningleiren Al Zaatari utanfor Amman i Jordan, januar 2015.

NÆROMRÅDA: Frp vil hente færre flyktningar og gje mindre i bistand. KrF protesterer. Bildet er frå ein FN-driven flyktningleir i Jordan i 2015.

Foto: Khalil Mazraawi / AFP

Regjeringspartia Høgre, KrF og Venstre har site i forhandlingar med Frp sidan 9. november om koronakriseordningar og neste års statsbudsjett.

NRK får stadfesta frå fleire kjelder med innblikk i forhandlingane at spørsmålet om talet på kvoteflyktningar framstår som ei svært vrien nøtt, mens det kan vere mogleg å finne fram til eit kompromiss i bistandspolitikken.

Står på Granavolden

Då Erna Solbergs regjering la fram sitt forslag til statsbudsjett 7. oktober, foreslo ho blant anna dette:

Dette er politikk partia på høgresida vart einige om å føre då regjeringsplattformen for fireparti-regjeringa vart forhandla fram på Granavolden i januar 2019.

Tøffe krav frå frigjort Frp

Så lenge Frp sat i regjering måtte partiet noko motvillig gå med på å stille seg bak ein slik bistands- og flykntingpolitikk. Men i januar i år forlét Siv Jensens mannskap regjeringa.

Då endra tonen seg.

Erna Solbergs regjering er no samansett av Høgre, KrF og Venstre. Men når politikarane skal vedta statsbudsjett har Frp fortsatt mykje makt. For det er Stortinget som vedtek statsbudsjettet, og der har ikkje dei tre regjeringspartia fleirtal åleine. Dei må forhandle.

Frps delegasjon i forhandlingene om statsbudsjettet 2021.

FORHANDLAR: Sivert Bjørnstad (nærmast), Sylvi Listhaug og Hans Andreas Limi frå Frp møter regjeringa i forhandlingar om statsbudsjettet.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Erna Solberg har lova at ho skal forhandle med Frp først. Og Frp er blitt svært tydelege på sine krav etter at dei gjekk ut av regjering.

Like før dei sette seg ned for å forhandle, presenterte Frp sine krav i sitt alternative budsjett. Mellom forslaga var særleg to krav nærmast som skapt for å provosere KrF.

  • Spare ca 8 milliardar på å redusere bistandsbudsjettet til 0,7 prosent av BNI
  • Null kvoteflyktningar neste år

Forslaga vart omtalte som «typisk Frp» av KrFs forhandlar Tore Storehaug som sa til NRK at «det kom til å bli gode diskusjonar» om bistanden.

Kvoteflyktningar vrient

NRK veit ut frå samtalar med ulike partar i forhandlingane at diskusjonen om kvoteflyktningar no er eitt av dei vanskelegaste områda i forhandlingane. Det er fleire grunnar til det.

  • Frp må ha eit betydeleg gjennomslag på kvoteflyktning-kravet, og ifølgje kjelder tett på prosessen prioriterer partiet dette høgare enn kravet om kutt i bistand.
  • KrF står på at dei umogleg kan gå med på å redusere talet på kvoteflyktningar.
  • Statsministeren støttar KrF og Venstre når dei peikar på at talet på kvoteflyktningar er fastsatt i regjeringsplattformen.

– Vi har sett talet på kvoteflyktningar ned til null i vårt alternative budsjett. Eg trur det blir veldig vanskeleg å få til ein avtale viss ikkje regjeringspartia flyttar seg på det standpunktet, seier Frps Sivert Bjørnstad som er ein av politikarane som forhandlar om statsbudsjettet.

Diskusjonen om kor mange Noreg skal ta imot er altså ein diskusjon der regjeringa vanskeleg kan gje etter, mens Frp må kunne vise fram ein reduksjon til sine partimedlemmer.

Begge delar går ikkje samtidig.

Tore Storehaug, finanspolitisk talsperson KrF.

RIKTIG: KrFs Tore Storehaug vil ikkje endre kvoteflyktning-talet.

Foto: Torstein Bøe / Torstein Boe

Vi har lagt fram eit statsbudsjett som står på 3000 kvoteflyktningar. Dette har vi forhandla om tidlegare. Det er eit tal som vi har forhandla oss fram til, og som vi meiner er riktig, seier Tore Storehaug som forhandlar for KrF.

Fleire kjelder sentralt i KrF peikar til NRK på at det er umogleg å gje etter på Frp-krava om å ta imot færre kvoteflyktningar og å redusere bistanden til 0,7 prosent.

Mogleg bistandskompromiss

Likevel. På bistandsområdet meiner fleire av forhandlingspartane at det kan vere mogleg å finne eit kompromiss.

Regjeringa har ikkje tenkt å gå med på å redusere bistanden frå 1 prosent.

Det blir mellom anna argumentert med at bistanden allereie er redusert i budsjettforslaget fordi 1 prosent av den samla verdiskapinga i år er mindre enn i fjor. Grunnen til det er at koronakrisa har slanka den norske økonomien.

Men Frp er ikkje berre oppteken av det totale bistandsbudsjettet. Partiet vil også endre på kven som får bistand. I sitt budsjettalternativ peikar dei på å dreie bistanden til meir hjelp til flyktningar i nærområda, FNs høgkommisær for flyktningar og meir støtte til årets nobelprisvinnar WFP (Verdas matvareprogram).

KrF, som styrer bistandspolitikken i Utanriksdepartementet, er etter det NRK forstår langt meir opne for å sjå på kven som får bistanden enn å redusere i ytingane.

Partiet reknar med at det kjem til å bli gjort omprioriteringar i bistandsbudsjettet og har ikkje tenkt å sette seg på bakbeina så lenge prosentmålet overlever.

AKTUELT NÅ