Hopp til innhold

Kvinne går til retten for å sleppe verje

Ei 23 år gamal kvinne har gått til sak mot Fylkesmannen i Oslo og Akershus for å sleppe å ha verje. For første gong skal domstolen avgjere om det er mogleg.

23 år gamal kvinne og advokat Kari Sandvand

Advokaten til 23-åringen, Kari Sandvand (t.h.), meiner ordninga med verjer blir brukt feil. Ho meiner det må vere mogleg for ein person å seie opp verja utan å måtte gå til domstolen.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

Kvinna kom til Noreg frå eit krigsområde saman med mora og to søsken. Ho fekk ein diagnose som lettare psykisk utviklingshemma. Difor fekk ho verje. Men ho var ikkje nøgd, og bad til slutt NAV om å setje pengar rett inn på brukskontoen hennar og ikkje på verjekontoen.

Men ho klarte ikkje å betale rekningane sine. Fylkesmannen i Oslo og Akershus gjekk til tingretten for å ta frå henne den rettslege handleevna i økonomiske og personlege forhold. Det vil seie at dei ville pålegge henne å ha verje.

Fylkesmannen tapte saka, men retten meinte kvinna likevel trong nokon som kunne hjelpe henne med det økonomiske. Verjemålet blei difor vidareført. Det er anken av denne avgjerda Borgarting lagmannsrett no skal ta stilling til.

Ønsker å seie opp verje

Kvinna seier til NRK at ho opplever det som vanskeleg å ha verje, og at ho ønsker meir kontroll over sitt eige liv.

– Denne saka viser at ein bruker verjemålsordninga feil. Det må vere mogleg å seie frå seg ei vanleg verje utan å måtte gå til domstolen om ein ønsker det, seier advokaten til kvinna, Kari Sandvand.

Ho seier 23-åringen har hatt dårlege erfaringar med å ha verje.

– Det har vore tilfelle der verja systematisk har overført for lite pengar til henne, eller har gløymt å overføre pengar. Ho har opplevd å stå i butikken utan pengar til mat, seier Sandvand.

NRK har vore i kontakt med ei tidlegare verje for kvinna, som seier ho ikkje ønsker å kommentere påstandane Sandvand kjem med. Fylkesmannen i Oslo og Akershus seier dei ikkje kjenner seg igjen i framstillinga.

– Saka er ei belastning

Sandvand meiner verjemålet til klienten må bli oppheva. Ho viser til at tingretten ikkje fann grunn til å tvinge henne til å ha verje. Justisdepartementet kom tidlegare i år kom også med ei fråsegn om at ein ikkje kan pålegge nokon verje utan samtykke.

– Det at vi no må gå til retten for å få oppheva avgjerda til Fylkesmannen, meiner eg er ei unødvendig påkjenning for klienten min.

Avdelingsdirektør Eldbjørg Sande i Vergemålsavdelingen ved Fylkesmannen i Oslo og Akershus seier dei ikkje vil fjerne den noverande verja så lenge dette er ei sak i domstolane.

– Det er avgjerda i tingretten som no er anka til lagmannsretten. Då vil det vere underleg om vi skulle gripe inn i denne prosessen.

Men ho seier ho forstår at det kan vere ei påkjenning for kvinna å gå gjennom ei rettssak.

– Det er ingen tvil om at det kan vere ei påkjenning for dei som blir utsett for slikt. Samtidig er det bra at dess sakene også kan bli behandla i retten, og ikkje berre i forvaltninga.

Prinsippsak

Avgjerda i lagmannsretten kan få mykje å seie for andre personar med funksjonshemming. Generalsekretær i Norsk forbund for utviklingshemmede, Hedvig Ekberg, seier dei har fått mange klager frå folk som føler dei blir pålagd å få verjer.

– Du kan ikkje dømmast til å ha ei frivillig verjeordning. Det seier seg sjølv at ei pålagd ordning ikkje kan vere frivillig.

Hedvig Ekberg, assisterende generalsekretær NUF

Generalsekretær Hedvig Ekberg i Norsk forbund for utviklingshemmede er spent på utfallet i saka der ei kvinne ønsker å seie frå seg verjemålet sitt.

Foto: NUF

I fjor fekk NFU rundt 100 meldingar frå folk som meinte dei blei fråtekne retten til å bestemme sjølve. Ekberg meiner ordninga blir brukt feil.

– Det hadde vore bra om vi kunne sett at verjene blei brukt som hjelparar, og ikkje som ein som bestemmer over ein annan person.

Avgjerda til lagmannsretten kan få mykje å seie for andre som er i liknande situasjonar. Ekberg er difor spent på utfallet, men tør ikkje spå korleis det går.

– Eg ser det som sjølvsagt at ingen skal påleggast å ha ei frivillig verjeordning. Men eg er ikkje sikker. Det er haldningar som sit i hos mange som er så sterke at dei kan bli avgjerande når resultatet skal skrivast.

AKTUELT NÅ