Kronprins Haakon og Erna Solberg tek følgje til Johannesburg for å delta i minneseremonien tysdag 10. desember. Det opplyser slottet.
Verken Solberg eller kronprinsen vil dermed delta på utdelinga av Nobels fredspris, som skal skje i Oslo same dag. Kong Harald og dronning Sonja skal delta på prisutdelinga.
Stor stadionmarkering
Minnemarkeringa skal gå føre seg på det enorme fotballstadionet Soccer City i Johannesburg. Mandela viste seg for siste gong i offentlegheita der under fotball-VM i 2010.
Stadionet har vanlegvis ein kapasitet på ensten 95.000 tilskodarar.
Fleire store utanlandske stats- og regjeringssjefar og kongelege er venta å reise til Sør-Afrika for å delta på minneseremonien.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: Folk strømmer til Mandelas hjem
Mellom anna får Solberg og kronprinsen selskap av fleire tidlegare amerikanske presidentar, som George W. Bush, Bill Clinton og Jimmy Carter.
Kortesje i tre dagar
Sjølve gravferda skal skje 15. desember og i framkant av denne skal Mandela si båre fraktast i kortesje gjennom gatene i hovudstaden Pretoria i tre dagar på rad.
Minnestunda for Sør-Afrika sin første svarte president, frigjeringshelten og fredsprisvinnaren Mandela er venta å bli ein av dei største i verda, og landet står overfor ei stor tryggleiksutfordring.
- LES OGSÅ:
Styresmaktene i landet jobbar døgnet rundt for å førebu seremonien i eit land framleis prega av stor ulikskap, fattigdom og korrupsjon.