Hopp til innhold

KrF-toppar sår tvil om samarbeidet med Frp

Fleire sentrale KrF`arar ber Frp vurdera endringar i partileiinga etter gårsdagens kraftsalve frå nestleiar Per Sandberg.

Hans Olav Syversen og Per Sandberg (innfelt)

Parlamentarisk nestleiar Hans Olav Syversen og fleire andre i KrF meiner at samarbeidet med Frp heng i ein tynn tråd etter at nestleiar Per Sandberg i går sa at KrF er ansvarlege for rekruttering til terror.

Foto: Simon Solheim / Tor Erik Schrøder / NRK / NTB Scanpix

– Eg vil tilrå at dei vel eit anna leiarskap dersom dei vil ha eit betre forhold til KrF, seier gruppeleiar for KrF i Trondheim Geir Lykke til NRK.

Han er ein av fleire KrF`arar som stiller seg tvilande til å samarbeida med Frp etter at nestleiar Per Sandberg i går uttala at KrF har eit stort ansvar for at nordmenn vervar seg til terrororganisasjonar og «massakrerer born og kvinner».

– Sandberg forsurar samarbeidsklimaet

Høgre og Frp er heilt avhengige av støtte frå samarbeidspartia KrF og Venstre for å ha fleirtal i Stortinget.

Sjølv om Sandberg i etterkant bad om orsaking for dei alvorlege skuldingane, er det no skepsis i KrF til vidare samarbeid dersom Sandberg blir sitjande i partileiinga til Frp.

– Frp må også sjølv vurdera om dei er tente med å ha ein nestleiar som verkar forsurande på samarbeidsklimaet, seier gruppeleiar for KrF i oslo bystyre, Erik Lunde.

Meiner alle partia må ta ansvar

Også parlamentarisk nestleiar i KrF Hans Olav Syversen skildrar eit samarbeidsklima på frysepunktet.

– Dersom denne typen utspel held fram, veit Frp svært godt at ein gravlegg moglegheita for eit samarbeid med KrF, seier Syversen.

Frp-leiar Siv Jensen meiner det er på tide å roa ned etter gårsdagens oppheita debatt mellom Frp og KrF og ønskjer å ta vare på regjeringssamarbeidet.

– Eg meiner det er mykje godt i samarbeidet mellom dei fire partia som me skal ta vare på. Det har me alle fire eit ansvar for å gjera, seier Jensen.

AKTUELT NÅ