Hopp til innhold

KrF kan no ekskludere medlemar

Haustens aksjonar for å «kuppe» KrFs retningsval fører til at partiet endrar reglar om stemmerett. Også ein ekskluderingsparagraf ser dagens lys.

Krf landsmøte

KrF har lenge unngått å innføre ein ekskluderingsparagraf.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

Det var under hausten prosess for retningsval at Kristeleg Folkeparti oppdaga noko i partireglane sine:

Ingenting hindra utanforståande i å melde seg inn og få umiddelbar stemmerett på KrFs årsmøte og møte som vel delegatar i partiet.

Les også: Folk fra Resett og Alliansen melder seg inn i KrF: – Veldig uheldig og ufint

I tillegg mangla dei ein måte å ekskludere medlemar på, noko dei har diskutert fleire gongar, men metoo-debatt og retningsval fekk fart i saka att.

Laurdag ettermiddag tok KrFs landsmøte stilling til å innføre begge delar i lovane sine.

– I kjølvatnet av metoo fann ein at vi treng den mest strenge sanksjonsmoglegheita som finst, i partiet. Og vi opplevde i haust at menneske som var medlem av andre parti, melde seg inn i KrF. Då hadde vi ikkje noko høve til å ekskludere dei, seier generalsekretær Hilde Frafjord Johnson.

– Er det ikkje litt ukristeleg å skulle kaste folk ut av partiet?

– Nei, det er det ikkje om det er handlingar som er så sterkt i strid med dei etiske retningslinjene og omdømmet til partiet, då det er det ein nødvendig reaksjon, seier ho.

Skepsis til eksklusjon

Mange KrF-arar har vore skeptiske til å innføre ein ekskluderingsparagraf, særleg fordi dei første utkasta til ein paragraf har vore for lite avgrensa og kunne bli vanskelege å handheve.

Johnson seier at forslaget som no ligg på bordet er ein veldig streng ekskluderingsparagraf.

– Det er lite truleg vil at den bli brukt i mange tilfelle, seier generalsekretæren.

Fleirtalet av landsstyret har derfor gått inn for å sende ei formulering til landsmøtet, og skeptikarar seier til NRK at dei er opne for å vurdere det nye forslaget.

Ein av dei er Espen Andreas Hasle, fylkesleiar i Oslo.

– Forslaget er stramma veldig inn og er absolutt leveleg. Men eg er usikker på kva eg skal stemme. Eg reknar med at det blir vedteke, seier Hasle før voteringa.

Fylkesleiar Oddny Helen Turøy i Rogaland KrF kallar det ein «føre var»-paragraf.

Vil kaste ut etter hatefulle ytringar

Slik er den nye formuleringa i KrFs lovar: Eksklusjon kan bli vedteke av sentralstyret med 2/3-fleirtal, når medlemen:

  • er medlem av eit anna politisk parti.
  • er tillitsvald, folkevald eller arbeider for eit anna politisk parti.
  • har sett fram hatefulle ytringar eller truslar.
  • er dømt for seksuelle overgrep eller annan grov kriminalitet.

Både sentrale organ og loka- og fylkeslag kan foreslå å ekskludere medlemar i sitt lag. Sentralstyret vedtek nærare prosedyre.

– Det vil bli laga svært strenge prosedyrar, seier Johnson.

Set krav til medlemstid

Vidare har landsmøtet vedteke at medlemar må ha betalt kontingenten og ha vore medlem i éin månad for å kunne tale, komme med forslag, gi frå seg stemme og vere valbare på årsmøte og andre møte som vel utsendingar.

Dette vart nødvendig etter «kuppforsøk frå ulike hald», ifølgje fylkesleiar Hasle.

AKTUELT NÅ