- Hamneområdet i Vågen i Stavanger blei laurdag kveld heilt stengt for trafikk på grunn av høg vasstand og kraftige vindkast
- E16 Filefjell er den einaste fjellovergangen mellom aust og vest i Sør-Noreg som ikkje er stengd.
- Fleire tusen bustader er utan straum.
Folk i Stavanger vart oppfordra til å halde seg unna området ved Vågen i går kveld og i natt.
Ein yrkesbåt frå selskapet Multiconsult stod i fare for å slite seg og fare på land. Det vart gjort forsøk på å sikre båten, men ved 04-tida sokk ho til botn.
Båten «Bore Cat» sokk til botn av Vågen i Stavanger i natt.
Foto: Torkel Schibevaag / NRK– Båten sokk i natt. Dei forsøkte lenge å redde den, men det var ikkje mogleg, seier operasjonsleiar Kurt Løklingholm i Sør-Vest politidistrikt til Aftenbladet.
Båten «Bore Cat» er Multiconsults spesialbåt for grunnundersøkingar i sjøen. Båten var ny i 2013, og ifølgje Avisa Sør-Trøndelag var han verdt over 20 millionar kroner.
GÅ TA BANEN: Fotballbana i Vaksdal i Hordaland etter at eit røyr sprakk og førte til ein under-banisk bekk. Uvêret har kome med store nedbørsmengder.
Foto: Jonny Falkanger / Vaksdal ILBer folk halde seg inne
Både politiet og Bergen kommune ber folk ikkje gå ut i uveret. Det er fare for å bli treft av ting som fell frå hus og tak i den kraftige vinden, skriv politiet på Twitter.
Bergen kommune har sendt ut ein SMS til sine innbyggjarar med oppmoding om å halde seg heime.
Kunstgrasbana på Vaksdal aust for Bergen kollapsa av regnet. Årsaka var at eit røyr som leia ein bekk under bana sprakk.
– Eg fekk ei melding frå ein nabo. Då eg kom fram såg eg eit søkkehol som er 5 meter breitt. 15 meter langt og om lag 2 meter djupt, seier Jonny Falkanger i Vaksdal IL til NRK.
– Hadde du trudd noko slikt kan skje?
– Nei, eg vil nok seie tvert nei til det. Eg har vore leiar i fotballgruppa i 13 år, og denne bana kjennest litt som mi eiga stove. Eg har det veldig tung no. Det er forferdeleg trasig.
Den høgt trafikkerte ferjestrekninga Anda-Lote på E39 er stengt på grunn av uvêret. Dei elektriske ferjene får ikkje lagt til kaia eller ladestasjonane. Foto: Steinar Lote/NRK
Utan str.aum
Søndag føremiddag er rundt 1000 kundar utan straum i BKK sitt område i Vestland.
Det er vanskeleg å seia når straumen vil vere tilbake igjen. BKK melder at dei har avslutta arbeidet med feilretting av omsyn til tryggleik.
– Tidlegaste tidspunkt for innkopling av straum blir vurdert til klokka 12 søndag, skriv selskapet.
I Agder er rundt 300 av Agder Energi sine kundar utan straum.
Lasteskip fekk problem utanfor Jæren
Eit lasteskip med eit mannskap på seks fekk natt til søndag såkalla blackout og dreiv mot land på Jæren. Skipet fekk tilbake motorkrafta og tek seg ut frå land.
Ifølgje VG fekk Hovudredningssentralen Sør-Noreg melding om saka klokka 1.37. Skipet dreiv då mot land i 10 meter høge bølgjer og vind på 50 knop. Det hadde motorstans, kjent som blackout, og hadde mista straumen.
Foto: Hovedredningssentralen
Eit redningshelikopter vart sendt ut for å rettleie skipet.
Tidleg søndag morgon blir skipet slept til Karmøy av slepebåt.
Uvêret roar seg søndag
Ifølge meteorologen vil vinden roe seg utover søndagen.
– I kveld og natt så blir det kraftig uvêr og det er særleg Sørvestlandet og dei indre stroka av Austlandet. Der er det oransje farevarsel for kraftig vind. seier statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl til NRK.
Han varslar om at vêret vil få konsekvensar med stengde bruer, innstilte ferjeavgangar og stengde fjellovergangar.
– Det blir betre utover søndag morgon, men det blir nok redusert framkomst på fjellovergangane utover morgondagen, seier Løvdahl.
Måtte halde seg inne
Ein av dei som har kjend vindkasta på kroppen, er jærbuen Einar Egeland. Han meiner at det ikkje har vore ein så kraftig storm sidan 1981.
– Det bles så kraftig her no at eg ikkje torer å gå ut av huset, seier Egeland.
Han var ute laurdag i ettermiddag og fekk fanga stormen på kamera.
– Det var mange som søkte ned mot hamna for å sjå på dei mektige kreftene, seier Egeland.
Frå Sørlandskysten, vestover og nordover tar vinden tak og kraftige bølger skyl inn mot land.
Ein av dei lokale vegane som no er stengt er Haukalivegen i Forsand. Der har det gått eit 50–60 meter breitt skred.
– Vegen blir ikkje opna før det har vore ein geolog og sett på staden, seier vaktleiar i Rogaland brann- og redning, Tor Magne Auestad.
To ungdomar får merke krafta til bølgene i Åkrehamn på Karmøy.
Foto: Kjell BuaEvakuerte etter ras
Den kraftige vinden og nedbøren har fått konsekvensar fleire stader. På Osterøy i Hordaland er om lag 30 personar evakuerte etter at stein rasa ned fjellsida og knuste eit uthus.
– Det er naturleg at kommunen i lag med geologen vurderer dei sikkerheitstiltaka som er der i dag etter ei sånn hending, seier ordførar Lars Fjeldstad (Sp).
Det er ikkje klart når dei evakuerte får flytta heim igjen.
I Bergen rasa fleire steinblokker ned frå ein fjellskrent og trefte ei bustadblokk på Hop i Bergen.
Etter å ha vurdert situasjonen, har naudetatane sperra av ein gangveg som går bak blokka.
Brannvesenet var tilkalla då ein torvbod kom susande.
Foto: Seline Larsen / Fjordenes TidendeTorvbod i vinden
I Måløy i Nordfjord kom plutseleg ein torvbod susande ved ein restaurant. Elise Marie Nygård ved restauranten Havfruen fortel:
– Eg var på jobb og såg hendinga. Restauranten var full av gjestar som såg hendinga gjennom glasbygget mot torget. Brannvesenet kom etter kvart og sikra den. Det blæs temmeleg heftig her, seier ho.
Kunne ikkje landa på Gardermoen
Flyet med fleire av landslagsspelarane i handball kunne ikkje lande på Gardermoen på grunn av vinden. Derfor måtte dei tilbake til München, skriv VG.
Flyet skulle ha landa på Gardermoen laurdag ettermiddag. Men det let seg ikkje gjere, og flyet måtte reise tilbake til utgangspunktet.
Dermed må dei overnatte i München og prøve igjen søndag.
Mange vegar stengde
Status for fjellovergangane klokka 05.41 søndag:
- E16 over Filefjell er open for kolonnekøyring, men kan bli stengd.
- Rv 7 Hardangervidda stengd for all trafikk.
- Rv 15 Strynefjellet: Stengd.
- Fv 50 Hol-Aurland: Kolonnekøyring.
- Fv 51 Tyin-Årdal: Stengd.
- Rv 52 Hemsedalsfjellet: Open for normal trafikk
- E134 Haukelifjell: Open
- Rv 9 Hovden-Haukeli: Kolonne
- Rv 13 Vikafjellet: Stengd
- E6 Dovrefjell: Open