Kraftig prishopp på bustadsjekk

Frå nyttår kan det bli 20.000 kroner dyrare å selje bustaden sin. Ein obligatorisk bustadsalsrapport blir innført for einebustader, tomannsbustader og rekkehus.

Takstmann Lasse Evensen.

Takstmann Lasse Evensen vurderer eit kjøkken på ein bustad på Jar i Bærum.

Det er bransjen sjølv gjennom Eiendom Norge som innfører den nye og grundigare bustadsjekken for å få ned talet på konfliktar mellom seljarar og kjøparar. Den nye rapporten blir obligatorisk frå 1. januar 2015.

Fleire takstmenn NRK har snakka med seier at dei kjem til å ta mellom 15.000 og 20.000 kroner pluss moms for ein slik takst. Det er altfor mykje, meiner fleire mange eigedomsmeklarar.

Grundig gjennomgang

Takstmann Lasse Evensen.

Takstmann Lasse Evensen fortel om ein langt meir detaljert gjennomgang av bustader med den nye ordninga.

Foto: NRK

Den nye og langt grundigare rapporten vil blant anna innebere at det blir bora hol i veggane for å sjekke tilstanden ved mistanke om fukt. Norges Takseringsforbund meiner at det vil ta 10–12 timar å gi ein skikkeleg takst på eit normalt hus, men kortare tid for mindre husvære.

Takstmann Lasse Evensen opplyser at han i dag tek 5000 kroner for ein verdi- og lånetakst for ein einebustad. Frå neste år må han sjekke eigedomane langt grundigare, og då blir det også dyrare for kunden. Han reknar med at det vil ta to dagar å lage ein slik rapport for ein einebustad.

Han fortel at det blir fleire hundre nye punkt på sjekklista når han skal vurdere ein bustad. Ved sidan av å bore hol i veggen blir det snakk om å opne sluk, krype opp på loft for å sjekke tilstanden der og mange andre detaljar

– Kan bli for dyrt

Direktør Dag Hegerstrøm i Privatmegleren.

Direktør Dag Hegerstrøm i Privatmegleren fryktar at den nye bustadrapporten skal bli for dyr.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

Direktør i Privatmegleren, Dag Hegerstrøm, fortel at meklarbransjen har etterlyst ein grundigare tilstandsrapport lenge. Han meiner likevel at 15-20.000 blir for dyrt for bustadseljaren. Han meiner at den naturlege prisen bør vere mellom 7000 og 10.000 kroner, slik prisen er der det er liknande ordningar i dag.

Han fryktar at rapporten skal bli så dyr at seljar heller vel å ikkje bruke eigedomsmeklar ved sal av huset, og at dei vil prøve å ordne det sjølve.

Administrerande direktør Are Andenæs Huser i Norges Takseringsforbund trur at prisane vil bli pressa ned etter kvart. Han meiner det uansett er ei billeg forsikring for kunden med ein så grundig rapport før huset blir selt.

LES OGSÅ: Boligprisene steg som normalt i august

LES OGSÅ: Du kan ha «tapt» en halv million på boligen

LES OGSÅ: Rekordstor tro på egen økonomi

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger