Hopp til innhold

Konsekvensane etter «Hans» er store: Slik er togtrafikken i landet råka no

Jernbanebrua på Dovrebanen i Ringebu er rast saman. Det gir store konsekvensar for trafikken mellom Austlandet og Trøndelag. Gjøvikbanen er også stengd.

I denne saka kan du lesa om:

To togbanar stengde

To togbanar er framleis stengde etter ekstremvêret «Hans», opplyser Bane Nor.

Dovrebanen og Gjøvikbanen er begge stengde for trafikk.

Også på andre toglinjer må ein rekna med at toget kan bruka lengre tid enn normalt. På blant anna Sørlandsbanen er det punkt med saktekøyringar grunna ekstremvêret. Det same gjeld for Bergensbanen.

Ved Eidsvoll stasjon har ekstremvêret ført til at det berre er avstigingar for gjennomgåande tog. Det er ikkje avstiging for andre tog.

Dovrebanen, som bind Trondheim og Oslo saman, er stengd mellom Dombås og Hunderfossen.

Flaumen etter ekstremvêret «Hans» førte til at jernbanebrua i Ringebu blei øydelagd.

Rørosbanen mellom Hamar og Trondheim er open, men kan berre ta unna noko av trafikken som vanlegvis ville gått på Dovrebanen.

I tillegg er Gjøvikbanen mellom Oslo og Gjøvik framleis stengd.

Ingen plan for opning av Dovrebanen

Måndag raste jernbrua i Ringebu saman. Det er også fleire andre skadepunkt på Dovrebanen som er under utbetring. Banen er difor stengd mellom Lillehammer og Dombås.

– Det er for tidleg å seia kor lang tid det vil ta å gjenoppretta bruforbindelsen ved Ringebu og kor mykje det vil kosta, seier pressevakt Olav Nordli i Bane Nor.

– Me kan ikkje inspisera skadane på brua og fundamenta ute i elva medan vasstanden enno er høg, legg han til.

Det ligger jord over jernbaneskinnene på Dovrebanen.

Jord over jernbaneskinnene på Dovrebanen.

Foto: Jøte Toftaker

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) kan heller ikkje svara på når brua kan opnast att.

– Eg trur det vil ta meir tid enn det me ynskjer oss. Dette må gjerast grundig, seier han.

Han peiker på at det gir konsekvensar både for persontrafikken og godstrafikken på strekninga.

Godstrafikken: Rørosbanen er ikkje dimensjonert

Dovrebanen er ei svært viktig åre for godstrafikken i landet.

Stenginga på Dovrebanen påverkar også togtransporten som skal vidare nordover til Bodø. Det har også konsekvensar for godstransporten på Raumabanen då dette er tog som går mellom Oslo og Åndalsnes.

Godstransport

Nesten halvparten av all godset som blir frakta mellom Oslo og Trondheim går via jernbane.

Foto: Hallgeir Aunan / NRK

– Nær 50 prosent av godset som blir frakta mellom Oslo-regionen og Trøndelag går med jernbanetransport, seier forskingsleiar ved Transportøkonomisk institutt (TØI), Inger Beate Hovi.

Bane Nor opplyser at det ordinert går åtte kontainertog i kvar retning på Dovrebanen, samt eitt til to tømmertog.

– Rørosbanen har ikkje elektrisk drift, og det er dårlegare kryssingsmoglegheiter enn på Dovrebanen. Det er i utgangspunktet ikkje plass til å overføra godstrafikken frå Dovrebanen i sin heilskap, seier Nordli i Bane Nor.

Hovi ved TØI seier at stenginga av Dovrebanen både gir kostnader for dei som driv godstransport på jernbane og dei som kjøper transporttenester på jernbane.

– I tillegg kjem den samfunnsøkonomiske kostnaden. Det er den kostnaden som transportøren påfører samfunnet.

Det kan vera ulukkeskostnader, kostnader knytt til støy og kostnader knytt til kø.

jernbanebru-kollapset-ringebu

Det vil ta lang tid før jernbanebrua i Ringerike vil fungera att.

Foto: Lars Skjeggestad Kleven / NRK

Det kan også vera kostnader knytt til slitasje på infrastruktur. Statens vegvesen peiker på at det blir meir trafikk på vegane no når Dovrebanen er stengd.

– Statens vegvesen har anbefalt at tungtransport går via riksveg 3, Østerdalen, i staden for E6. Dette på grunn av skadane som «Hans» har påført europavegen, seier Lars Olve Hesjedal i SVV.

Persontrafikken: Buss for tog

SJ Noreg køyrer framleis tog mellom Oslo S og Lillehammer. Mellom Lillehammer og Trondheim går det buss for tog.

Frå og med i dag vil alle persontog gå som normalt på Raumabanen. På Rørosbanen blir det sett inn ein ekstra togavgang direkte mellom Trondheim og Oslo.

Også Vy opplyser at det er buss for tog mellom Lillehammer og Dombås på dei to avgangane i døgnet dei køyrer på denne strekninga.

Dovrebanen mellom Moelv og Brumunddal er stengt på grunn av jordras

Buss for tog. Bildet er frå april i år då Dovrebanen var stengd grunna ras.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Hovi i TØI meiner at den viktigaste prioriteringa er å få godset på jernbane.

– Dei reisande må akseptera at det er buss for tog på deler av strekninga. Jernbanetransport er generelt meir miljøvenleg enn lastebiltransport, sjølv om toget er dieseldrive, seier

Gjøvikbanen stengd til 26. august

Også Gjøvikbanen er stengd for trafikk. Først blei strekninga stengd grunna planlagt arbeid. Så førte ekstremvêret til skadar fleire stader.

– Blant anna har me ein stor jobb med flaumskadar på Jaren stasjon. I tillegg måtte me utsetja fleire av arbeida som var planlagde. Stengeperioden er difor forlenga fram til og med 25. august, seier Nordli i Bane Nor.

Erik med arbeid Gjøvikbanen

Arbeid på Gjøvikbanen. Bildet er frå juli i år.

Foto: Erik André Bjerke / NRK

Dette betyr buss for tog for persontrafikken på heile strekninga mellom Oslo S og Gjøvik.

Godstrafikken som vanlegvis går i nedre del av Gjøvikbanen og Roa-Hønefossbanen til Bergen, må i staden køyra via Oslo og Drammen.

Må sko seg for meir ekstremvêr

Då ekstremvêret stod på som verst, var Bergensbanen, Rørosbanen, Dovrebanen, Gardermobanen, Hovudbanen og Kongsvingerbanen stengde.

Banedirektør Eivind Bjurstrøm seier at «Hans» er ei viktig påminning for Bane Nor når dei no ser kva dei kan venta seg i framtida.

– Mykje tyder på at me kan få hyppigare flaumar og større flaumar i framtida. Det er noko Bane Nor må tenkje på når me legg strategiane våre framover, seier han.

Les også Regjeringa ga tre nei til møte om flaumsikring

Gårdsbruket til Borgny Sletten og mannen

AKTUELT NÅ