Hopp til innhold

Utval om Kongsberg-drapa: Manglande samarbeid og lite ressursar

Avgrensa tilfang av ressursar var avgjerande for at gjerningspersonen ikkje vart stansa tidlegare, heiter det i evalueringa av Kongsberg-drapa.

Skyting med pil og bue i Kongsberg

Under politiets søk etter gjerningspersonen tok han livet av fem personar her i Hyttegata før han blei pågripen.

Foto: Cicilie S. Andersen / Cicilie S. Andersen

Rapporten om PSTs og politiet si handtering av Kongsberg-drapa gjennomført av Politihøgskolen og leia av politiinspektør Steinar Vee Henriksen vart lagt fram klokka 12 i dag.

– Vi mottar denne rapporten med alvorstyngd bakteppe, seier politidirektør Benedicte Bjørnland når ho opna pressekonferansen.

Politimeister i søraust politidistrikt Ole Bredrup Sæverud og konstituert PST-sjef Roger Berg er og til stades.

Alle dei tre etatane innrømmer at samarbeid mellom ulike etatar har stort potensial for forbetring.

– Det er meir å gå på når det gjeld å bli betre på samhandling mellom politi, PST, helsevesenet og andre etatar, seier politimeister i Sør-Øst politidistrikt, Ole B. Sæverud.

Dette er første gong ei Pågåande livstruande valdshending (PLIVO) vert evaluert. Det blir peika på fleire utfordringar i den rundt det som skjedde før gjerningspersonen vart arrestert.

4AxXVj9kbtE

Utvalsleiar Steinar Henriksen presenterer Politihøgskolens evaluering.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Ikkje nok mannskap til både å isolere og å konfrontere gjerningspersonen

Det var to politipatruljar med totalt tre tenestepersonar på Kongsberg då gjerningsmannen Espen Bråthen byrja å angripe folk.

– Det var politiet på Kongsberg som stort sett handterte det som skjedde, seier Henriksen.

Den første av patruljane konfronterte gjerningspersonen ved Coop Extra i Kongsberg cirka ein halvtime før han vart arrestert.

– Dei var på staden cirka fem minutt etter at politiet fekk melding om hendinga, seier Henriksen.

Utvalet meiner responsen på drapa i Kongsberg viser viktigheita av å skilje mellom responstid og responskvalitet.

«Det tok nokre få minutt før første patrulje var på staden og i konfrontasjon med gjerningspersonen. Det var likevel ikkje nok mannskap til både å isolere og å konfrontere gjerningspersonen, heiter det i rapporten.»

Espen Andersen Bråthen inne på Coop Extra i Kongsberg. Bildet fra overvåkningskameraet ble frigitt av politiet i dag.

Espen Andersen Bråthen inne på Coop Extra i Kongsberg. Bildet frå overvakingskamera vart frigitt av politiet i dag.

«Dei første patruljane leverte det ein kunne forvente, gjeve ressursane som var tilgjengeleg innleiingsvis. Avgrensa tilfang av ressursar var derfor avgjerande for at gjerningspersonen ikkje vart stansa tidlegare», heiter det i Politihøgskolen sin rapport om Kongsberg-drapa.

– Hadde det vore fleire ressursar til stades, så kunne ein i større grad følgt opp fleire av prioriteringane i PLIVO-prosedyren, seier utvalsleiar Stig Henriksen under pressekonferansen.

– Kunne det ha blitt eit anna utfall om ressursane var betre lokalt?

– Utvalet kan ikkje seie konkret om dette kunne ha endra utfallet i denne situasjonen, men det vi kan seie er at fleire arbeidsoppgåver kunne vore varetekne raskare, svarar Henriksen.

Politimann under arrestasjonen: – Du har prøvd å drepe oss, din jævel

Espen Andersen Bråthen inne på Coop Extra i Kongsberg.

– Tok ein uforholdsmessig stor risiko

Eit viktig tema i samband med hendingane i Kongsberg har vore at politiet gjekk inn i Coop-butikken utan verneutstyr.

Det var grunnen til at dei rygga ut igjen då dei vart skotne etter med pil og boge. I rapporten skriv utvalet at patruljane gjorde kvalifiserte vurderingar for bruk av verneutstyr.

Samtidig skriv utvalet at «første patrulje, etter å ha fått sambandsmeldinga om ein politimann som var skoten, og dei såg vedkommande med ei pil i ryggen, like fullt tok ein uforholdsmessig stor risiko ved ikkje å ta i bruk meir verneutstyr».

– Det gjorde at dei kom til staden fleire minutt raskare enn dei elles ville gjort, seier politiinspektør ved Politihøgskolen Steinar Vee Henriksen

Utvalet påpeikar at vala for bruk av verneutstyr kan ha hatt innverknad på oppdragsløysinga.

Etter evalueringsrapporten i dag, har politiet valt å dele ein ny video frå konfrontasjonen med Bråthen på Coop Extra i Kongsberg som du kan sjå om du klikkar på saka under.

Omstridde videoar frå Kongsberg: Politiet frigir nye videoar frå Kongsberg: Her ryggar politiet frå Bråthen

Svært avgrensa politiressursar

I mandatet er utvalet bede om å sjå tilbake til og vurdere læringspunkta i 22. juli-rapporten og Al-Noor-rapporten.

I Kongsberg-rapporten skriv utvalet at det var «svært avgrensa politiressursar på Kongsberg gjennom mesteparten av oppdraget», men at omfattande politiressursar kom til Kongsberg etter kvart.

Utvalet kjem med tilrådingar om at innsatsleiaren til politiet, som øvste leiar på taktisk nivå, blir øvd på store hendingar med helse, politi og andre etatar slik som denne.

Vidare skriv utvalet:

«Eksempelvis påpeika 22. juli kommisjonen eit behov for oppskalering og rett dimensjonering av operasjonssentralane, men utvalet kan ikkje sjå at taktisk leiarnivå har vorte vigd same merksemd.»

Utvalsleiar Steinar Vee Henriksen kommenterer arrestasjonen av Bråthen.

Politiet på bakken styrte i stor grad seg sjølve

Under arbeidet med å stoppe Bråthen hadde politiet utfordringar med samarbeid og kommunikasjon mellom operasjonssentralen og mannskapa som prøvde å stoppe gjerningsmannen.

Politipatruljane viste stor vilje til å aksjonere mot Bråthen, men viste ifølgje rapporten og manglande kommunikasjon og samarbeid med dei andre naudetatane.

Det medførte i praksis at innsatspersonellet til politiet i stor grad styrte sin eigen innsats, heiter det i rapporten.

Utvalet meiner politiet ikkje har øvd nok på dette.

– På bakgrunn i funn av denne evalueringa bør naudetatane trene meir på samhandling i PLIVO-hendingar, seier Henriksen.

Mangelfullt samarbeid

I den førebyggjande fasen peikar rapporten på manglande felles forståing av kven som har kva ansvar og kva oppgåver med å følgje opp gjerningspersonen når vedkommande fell inn under både Politiets tryggingsteneste (PST) sitt område og det vanlege politiet.

– Det var mangelfull samhandling mellom PST og politiet når det gjeld Bråthen i framkant av hendingane i Kongsberg i fjor, seier politiinspektør ved Politihøgskolen Steinar Vee Henriksen.

Krimkommentator i NRK Olav Rønneberg om kritikken i rapporten.

Ein kompliserande faktor er også informasjonsutveksling og samarbeid med helsevesenet, heiter det i rapporten.

Dei ulike etatane registrerer informasjon om gjerningspersonen i dei respektive systema sine, men utan å sikre ein nødvendig gjensidig informasjonsflyt. Samhandlinga ber preg av mangelfulle stadfestingar på at ein har ei felles forståing, heiter det i rapporten.

Utvalet peikar på at det er sentrale styresmakter som må ta standpunkt til eventuelle endringar som kan forbetre dette.

For eksempel kva slags teiepliktregime det skal vere i helse- og sosialstellet, kva heimlar politiet har til å førebyggje og kvar grensa går for PSTs interesseområde.

– Same kva svara blir på desse spørsmåla, må disse tre etatane finne ein betre måte å samhandle på, skriv utvalet i rapporten.

Sjå politidirektøren fortelje kva ho meiner gjekk gale på Kongsberg.

– Noko av det vanlegaste vi som samfunn står overfor

Etter Henriksen si framlegging tar politidirektør Benedicte Bjørnland igjen ordet.

– Eg merker meg at utvalet vurderer det slik at dei ikkje har avdekka konkrete forhold som vurderast å ville ha noko påverking på det tragiske utfallet.

Rapporten gjev like fullt viktig læring, meiner ho.

Bjørnland trekk særskilt fram problemstillingane knytt til førebyggjande innsats mot psykisk sjuke menneske som gjer valdshandlingar.

– Dette er noko av det vanlegaste vi som samfunn står overfor, noko denne hendinga illustrerer med full styrke, seier ho.

Bråthen hadde tidlegare vore i Politiets tryggingsteneste sitt søkelys for ekstrem islamisme og var og kjent for å kunne vere psykisk ustabil.

qchSCBkPEKw

Konstituert PST-sjef Roger Berg.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

De som skjedde i Kongsberg aktualiserte behovet for å styrkje samarbeidet mellom PST, politiet og helsevesenet, meiner konstituert PST-sjef Roger Berg.

– Det er ei vedvarande utfordring for PST at personar i PSTs søkjelys og kan ha alvorlege psykiske lidingar, seier han.

Rapporten vil vere sentral i PSTs arbeid framover med å lære av det som skjedde.

– Ei læring med mål om å hindre at noko liknande skjer igjen, noko PST og politiet neppe vil klare aleine, seier Berg.

Utvalsleiar Henriksen meiner det førebyggjande arbeidet er blant dei viktigaste perspektiva.

– Tverretatleg samarbeid for mest mogleg førebygging vil vere heilt sentralt, seier han.

Drapene i Kongsberg

Dette er saken
Hva

Espen Andersen Bråthen (37) er siktet for å ha drept fire kvinner og én mann og skadd to andre i Kongsberg. Politiet mener alle ble drept etter at politiet først hadde kontakt med gjerningspersonen.

Hvordan

Gjerningspersonen skal ha brukt pil og bue og andre våpen. Det er usikkert hva som er motivet.

Hvor

Kongsberg. Kart over området.

Dette har skjedd

Onsdag 18:12

Kongsberg 5 drept med pil og bue. Skyting

Coop bekrefter at deler av den alvorlige hendelsen på Kongsberg skjedde i en av kjedens butikker.

Foto: Cicilie Sigrid Andersen / NRK

Melding om skyting med pil og bue

Flere meldinger kommer inn til politiet om skyting med pil og bue i en Coop-butikk på Kongsberg. 

Det sendes umiddelbart en patrulje til stedet, og det blir besluttet bevæpning på oppdraget.

Umiddelbart etterpå sendes det ytterligere tre patruljer til adressen, ifølge politiet. 

– Det sto en politibil og en betjent ved butikken. En tilfeldig forbipasserende sa at det «visst er en som løper rundt med pil og bue», forteller Kari Smeby, som var rett ved Coop-butikken like før 18.30.

Onsdag kl 18:17

Oppdraget defineres som en PLIVO-hendelse

Operasjonssentralen beslutter at hendelsen er så alvorlig at den regnes som en PLIVO-hendelse, som står for «pågående livstruende vold.»

I den såkalte aksjonsfasen skal første politipatrulje på stedet «finne best egnet fremrykkingsfase», og de skal deretter «gå direkte i innsats uten å vente på andre enheter.»

«Politiet skal umiddelbart iverksette tiltak mot gjerningspersonen(e) for å nøytralisere disse raskest mulig», heter det i instruksen.

Ifølge prosedyren skal de prioritere å stoppe gjerningsmannen før «evakuering av skadde og uskyldig tredjepart fra innsatsområdet».

Onsdag kl 18:18

Alvorlig hendelse i Kongsberg

Foto: Kjetil Stormark

Første patrulje får øye på gjerningsmannen

Kl 18.18 får første patrulje øye på gjerningsmannen inne på Coop Extra i Myntgata på Kongsberg. Han anropes, men mistes av syne. Like etter er de i kontakt med mannen på nytt, og blir da beskutt av flere piler. 

Begge gangene politiet møter gjerningsmannen skjer inne på Coop Extra. Politiet er da bevæpnet, men kommer ikke i posisjon til å avfyre skudd. 

Da kommer gjerningsmannen seg ut av butikken. Foreløpig vet ikke politiet hvilken vei han tar.

Han kommer seg unna. I minuttene etter leter mange patruljer etter mannen, og politiet får tilbakemelding om observasjoner fra publikum. 

Politiet aksjonerte uten verneutstyr. Utstyret er standard i bilen, men patruljen var inne uten dette utstyret. De ventet på flere som hadde med utstyret. 

Ut fra det politiet nå vet fremstår det rimelig klart at noen av drapene skjedde etter at politiet hadde kontakt med mannen kl 18.18. 

Onsdag 18:28

Kongsberg 5 drept med pil og bue. Skyting

Foto: Cicilie Sigrid Andersen / NRK

«Politiet har ikke kontroll på personen»

Sørøst politidistrikt opplyser:

«Det pågår en aksjon i Kongsberg sentrum i forbindelse med person observert med pil og bue. Har skutt etter person med dette. Publikum bes om å holde seg innendørs. Politiet har ikke kontroll på personen».

Tirsdag 18:45

Kongsberg 5 drept med pil og bue. Skyting

Thomas Nilsen ble vitne til dramaet onsdag kveld.

Foto: Cicilie Sigrid Andersen / NRK

Hørte skjærende skrik

– Jeg hørte et skrik jeg aldri har hørt før. Jeg oppfattet det som et dødsskrik, sier Thomas Nilsen. Han bor i Hyttegata, og gikk ut for å se hva som skjedde.

Der ser han tungt bevæpnet politi ankomme i hopetall. Cirka 18.45 sender han denne meldingen til en kompis: «Nå er det Kabul her.»

– Jeg tenkte at det var krig. For det var så intenst.

Onsdag 18:47

Alvorlig hendelse i Kongsberg

Foto: Kjetil Stormark

Mann (37) blir pågrepet

Mannen forsøker å stikke av da han blir konfrontert av politiet. Det blir løsnet et varselskudd før mannen blir pågrepet og sendt til arresten i Drammen. 

Onsdag kl 19:24

Sørøst politidistrikt tvitrer:

«Det er pågrepet en gjerningsperson. Det er en alvorlig hendelse. Politiet kommer tilbake med mer informasjon».

Skjermdump politiet

Foto: skjermdump

Onsdag 20:30

Sykehus i beredeskap

Politiet bekrefter at flere er skadd og flere er døde. Ofrene blir funnet både inne  i bolighus og utendørs.
De opplyser også på en pressebrifing at Drammen sykehus og Ullevål sykehus er satt i beredskap.
Kongsberg kommune har opprettet krisestab for å bistå dem som måtte ha behov.

Onsdag 20:43

Justisdepartmentet tvitrer om situasjonen:

Twittermelding fra Justisdepartmentet

Onsdag 21:37

Midlertidig bevæpning

Politiet har besluttet midlertidig bevæpning etter den alvorlige hendelsen på Kongsberg.

Onsdag kl 22.00

Vurderer om det er terror

Øyvind Aas, leder i driftsenheten i Buskerud-politiet, sier på en pressebrief at det er naturlig å vurdere om hendelsen på Kongsberg er en terrorhandling. 

Onsdag 22:45

Erna Solberg: – Hendelsen er rystende

Statsministeren: Hendelsen ryster oss

Avtroppende statsminister Erna Solberg sier at det er en svært dramatisk situasjon som har funnet sted i Kongsberg. Også påtroppende statsminister Jonas Gahr Støre uttaler seg. – En grusom og brutal handling, sier han.

– Meldingane som kommer fra Kongsberg er grufulle. Hendelsen ryster oss, og det er mange som er redde. Derfor er det viktig å understreke at politiet har kontroll, sier Solberg. 

Onsdag 23:17

Bekrefter fem døde

Politiet bekrefter at fem personer er døde og to er skadd i angrepet.

De to skadde er innlagt på sykehus uten livstruende skader.

Torsdag 02:00

– Verserer mange rykter i sosiale medier

Politiet melder at den siktede er en mann i 30-årene, som er dansk statsborger og bosatt i Kongsberg. De forteller at de går ut med informasjon «fordi det verserer mange rykter i sosiale medier om mulige gjerningspersoner som ikke kan knyttes til de alvorlige handlingene».

Torsdag 05:11

Politiet gjør undersøkelser i Kongsberg sentrum etter at fem personer er funnet drept.

Politiet jobber på åstedene. Samtidig sitter siktede i avhør.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samarbeidsvillig i avhør

Politiet melder at siktede samarbeider med politiet i avhør. 

Gjerningsmannen skal være i 30-årene og med dansk bakgrunn.

Torsdag 08:00

Kongsberg 5 drept med pil og bue. Skyting

Det var mye politi i Kongsberg sentrum torsdag morgen.

Foto: Cicilie Sigrid Andersen / NRK

Siktede erkjenner forholdene:

Mannen i 30-årene, som er siktet for å ha drept frem personer og skadd to, erkjenner forholdene.

Politiadvokat Ann Irén Svane Mathiassen sier at han er en kjenning av politiet. Mannen skal også ha vært i kontakt med norsk helsevesen flere ganger.

Torsdag 08:19

Brukte også andre våpen

Politiet bekrefter at siktede brukte andre våpen i tillegg til pil og bue. De vil ikke gå ut med hva slags type våpen av hensyn til etterforskningen.

Kongsberg 5 drept med pil og bue. Skyting

Det gjenstår mye etterforskning for politiet. Avhør av vitner og andre involverte fortsetter utover dagen, og de skal også gjøre seg ferdig med åstedene og de krimtekniske undersøkelsene.

Foto: Cicilie Sigrid Andersen / NRK

Torsdag 08:47

Teknikere og begravelsesbyrå i Hyttegata.

Teknikere og begravelsesbyrå i Kongsberg i morgentimene torsdag.

Foto: CICILIE ANDERSEN / NRK

Begravelsesbyrå ankommer

Et begravelsesbyrå kommer med bårebil til Hyttegata.

Torsdag kl 10:00

Politiet beskutt med piler

Politiet mener alle ble drept etter at politiet først hadde kontakt med gjerningspersonen.

Det opplyser politimester Ole Bredrup Sæverud på en pressekonferanse. To ble skadd.

Sæverud sier politiet ble beskutt med piler.

Torsdag kl 10:00

Politiet: Siktet mann er konvertitt til islam

Det opplyser politimester Bredrup Sæverud på en pressekonferanse torsdag. 

– Politiet har tidligere vært i kontakt med mannen, herunder at det har vært bekymring knyttet til radikalisering, sier Sæverud.

– Vi har ikke registrert meldinger på ham i 2021, sier han. 

Torsdag 10:30

Bamser, blomster og lys i Kongsberg sentrum

Folk markerer sorgen ved enden av brua i Kongsberg sentrum, i nærheten av der angrepet skjedde.

Foto: Vilde Jagland

Kongsberg i sorg

Bamser, blomster og lys er satt opp i nærheten av der angrepet skjedde. Folk er i Kongsberg er i sjokk og sorg etter det brutale angrepet. 

Kirken åpner dørene for å gi folk som trenger det et tilbud.

Torsdag kl 11:00

Politiet sender ut redegjørelse for hendelsen

Like etter klokken 11 torsdag, sendte politiet ut en redegjørelse for hendelsen. Der bekrefter politiet at alle drapene trolig fant sted etter at politiet hadde kontakt med mannen kl. 18.18.

– Ut fra det politiet nå vet fremstår det rimelig klart at noen av drapene skjedde etter at politiet hadde kontakt med mannen kl 18.18, og det er mulig at alle drapene skjedde etter dette tidspunktet, skriver de. 

Torsdag 11:15

De drepte er i alderen 50 til 70 år

Politiet bekrefter at de drepte er fire kvinner og en mann. Alle er i alderen 50 til 70 år.

Torsdag kl 11:36

Skal vurdere tilregnelighet

Politiadvokat Ann Irén Svane Mathiassen bekrefter til NRK at den siktede mannen skal vurderes av rettspsykiatriske sakkyndige. Det skal gjennomføres en prejudisiell vurdering. Ifølge politiadvokaten starter dette arbeidet i dag.

Den pågrepne mannen er dømt flere ganger. Han ble i fjor dømt til seks måneders besøksforbud mot to nære familiemedlemmer etter at han truet med å drepe en av dem.

Torsdag kl 13:30

Framstår som en terrorhandling

Politiets sikkerhetstjeneste mener voldshandlingene på Kongsberg fremstår som en terrorhandling.

Etterforskningen vil avklare nærmere hva hendelsene var motivert av. Trusselnivået i Norge vurderes fremdeles som moderat, skriver Politiets sikkerhetstjeneste (PST) i en pressemelding.

Fredag kl 14:00

– Teorien om at bakgrunnen er sykdom er styrket

Politiet holdt fredag ettermiddag en presseoppdatering om drapene som har rystet Kongsberg. 

Espen Andersen Bråthen, som er siktet for Kongsberg-drapene er overført til helsevesenet. Politiet sier den siktede mannen erkjenner de faktiske forhold, men ikke straffskyld.

Politiet har sagt til NRK at det ikke er noe i etterforskningen som tyder på at siktede Espen Andersen Bråthen hadde planlagt onsdagens drap.

Fredag 16:00

PST fikk første varsel om drapssiktede i 2015

Politiet lokalt gjennomførte en bekymringssamtale med siktede to dager etter at han la ut videoen på nett i desember 2017.

Politiet varslet helsevesenet om ham på nyåret i 2018.

PST vurderte da at han ikke var drevet av religion eller ideologi, men var alvorlig psykisk syk. Den vurderingen står de fortsatt på.

– Vi ble kjent med ham i 2015, den gangen med tips om en sårbar person som kanskje var i ferd med å radikaliseres. Han hadde konvertert til islam, det var første tipset vi fikk, sier kontraterrorsjef i PST, Arne Christian Haugstøyl til NRK. 

– Hva gjorde dere med det?

– Vi gjør en vurdering av hvilken grad vedkommende er i ferd med å bli radikalisert og om det er noe voldspotensiale, en intensjon eller en kapasitet til å begå vold. Videre ble det en dialog med politiet. Vi visste av historikken hans fra andre områder at han hadde en lav terskel for å utøve vold, men det var ikke noe i historikken som tilsa at dette var politisk eller ideologisk motivert, sier Haugstøyl. 

Dette er gjerningsmannen

Espen Andersen Bråthen er siktet for drapene i Kongsberg

Espen Andersen Bråthen (37) er siktet for drapene i Kongsberg. Han ble i fjor dømt til seks måneders besøksforbud mot to nære familiemedlemmer etter at han truet med å drepe en av dem. Politiet ønsker å vurdere om mannen var tilregnelig.

– Politiet har tidligere vært i kontakt med mannen, herunder som følge at det tidligere har vært bekymring rundt ham med tanke på radikalisering. Vi har ikke registrert meldinger på ham i 2021, men tidligere. De har vært fulgt opp, sier politimester Ole Bredrup Sæverud.

Ifølge politiet skal mannen ha konvertert til islam. Politiet jobber fortsatt med å avklare om angrepet er et terrorangrep eller ikke.

De drepte på Kongsberg

AKTUELT NÅ