Hopp til innhold

Politiet frigir nye videoar frå Kongsberg: Her går politimannen med pil i ryggen

Politiet har tidlegare ikkje ønskt å gå ut med videoane. Etter evalueringsrapporten i dag, har dei likevel bestemt å gå ut med dei.

Politimannen Rigoberto Villarroel var ein av dei første som blei angripe av Espen Andersen Bråthen.

Ola B. Sæverud, politimeister i Sør-Øst politidistrikt, seier at dei frigir videoane først no, då dei har venta på evalueringsrapporten.

– Når den no er lagt fram, så har vi ikkje noko argument for å ikkje frigjera dei. Vi forstår at det er offentleg interesse rundt akkurat den delen av aksjonen, seier han.

I videoen fra inngangspartiet ser man at det avfyres to skudd med pil og bue mot tjenestemennene.

I videoen frå inngangspartiet ser ein at det blir fyrt av to skot med pil og boge mot tenestemennene.

Overvakingsvideoane er frå då den første politipatruljen kom til Coop-butikken i Kongsberg der Espen Andersen Bråthen skaut rundt seg med pil og boge.

Videoane er tekne på omtrent same tidspunkt, men frå to ulike overvakingskamera inne i butikken. Politiet presiserer at videoane ikkje er synkrone, då dei er nokre få sekunds tidsforskyving på videoane.

Den eine videoen, er frå inne i butikken. I videoen kan ein høyra brannalarmen. Det var Bråthen som utløyste denne frå lageret i butikken.

Bråthen skyt mot politimennene

Eit viktig tema i samband med hendingane i Kongsberg har vore at politiet gjekk inn i Coop-butikken utan verneutstyr.

Det var grunnen til at dei rygga ut igjen då dei vart skotne etter med pil og boge. I videoen frå inngangspartiet, ser ein at det blir fyrte av to skot med pil og boge mot tenestemennene.

– Det siste skotet blir fyrt av ca. 3 minutt og 57 sekund etter starten av filmen. Om lag 32 sekund seinare forlèt gjerningsmannen butikken frå ein naudutgang, skriv politiet i pressemeldinga der dei frigav videoane.

Dei to politimennene som kom først til butikken, hadde fått beskjed om at kollegaen Rigoberto Villarroel var blitt skoten og hadde ei pil i ryggen.

– Det er denne personen ein ser inne på butikken på dei opptaka som no blir frigitte, skriv politiet.

Villarroel var tilfeldigvis på butikken og var ein av dei første som blei angripe av gjerningspersonen.

Dei skriv vidare at det har gått va seks minutt frå han blei treft av ei pil til ein ser Villarroel på videoane.

Les også – Pappa, er du skutt?

Politimann Rigoberto Villarroel i Buskerud tingrett før hans forklaring i rettssaken mot Espen Andersen Bråthen.

Publiserte evalueringsrapport

Politihøgskolen har i dag publisert ein rapport om Kongsberg-hendingane. I rapporten skriv utvalet at patruljane gjorde kvalifiserte vurderingar for bruk av verneutstyr.

Samtidig skriv utvalet at «første patrulje, etter å ha fått sambandsmeldinga om ein politimann som var skoten, og dei såg vedkommande med ei pil i ryggen, like fullt tok ein uforholdsmessig stor risiko ved ikkje å ta i bruk meir verneutstyr».

– Det gjorde at dei kom til staden fleire minutt raskare enn dei elles ville gjort, seier politiinspektør ved Politihøgskolen Steinar Vee Henriksen

Utvalet påpeikar at vala for bruk av verneutstyr kan ha hatt innverknad på oppdragsløysinga.

Les også Utval om Kongsberg-drapa: Manglande samarbeid og lite ressursar

Skyting med pil og bue i Kongsberg

Politimeister i Sør-Øst politidistrikt, Ola B. Sæverud, opplever spørsmålet om politimennene burde tatt på seg verneutstyr som eit dilemma.

– Om dei hadde gjort det, ville dei ha kome nokre minutt seinare fram. Då hadde dei moglegvis har høgare operativ evne, men kunne ha vore for seint framme, seier han.

– Ved å ikkje gjera det så er ein framme på butikken nokre minutt tidlegare, men med lågare operativ evne. Det er eit dilemma dei stor overfor der og då, legg han til.

Politiet forklarte seg i retten

Politiet forklarte seg i retten om vurderinga dei kom til Coop-butikken.

Politimannen som gjekk først inn i butikken seier at dei vurderte situasjonen så kritisk at dei måtte ta seg raskt inn i bygget.

– Det er opp til den einskilde patrulje å ta på fullt verneutstyr. Vi vurderte det slik her at vi måtte få kontroll raskt over gjerningspersonen, sa han i retten.

Les også Politimann under pågripelsen: – Du har prøvd å drepe oss, din jævel

Espen Andersen Bråthen inne på Coop Extra i Kongsberg.

AKTUELT NÅ