Det norske statsbesøket i Jordan starta måndag, og med i følgjet har kongeparet fleire av Noregs fremste ekspertar og bedrifter innan solcelleteknologi. I løpet av opphaldet skal dei diskutere om dei kan finne partnarar i Jordan, eit land som ønsker å auke satsinga på fornybar energi.
Sjølv har kongeparet lenge vurdert å gjere som svenskekongen, som har installert 1000 kvadratmeter med solcellepanel på taket av slottet i Stockholm for å forsyne det med straum.
Tar etter Carl Gustaf
Svenskekongen fekk solcelleanlegget i gåve til 70-årsdagen av svenske statsbygg i 2018.
Dei 600 solcellepanela dekker ei flate på 1000 kvadratmeter. Anlegget leverer 10–12 prosent av straumen på slottet.
Solcelleanlegget på Stockholm slott er ikkje synleg frå gata.
Foto: Lise Åserud / NTB ScanpixTesta sidan 2018
Sommaren 2018 vart eit mindre testanlegg installert på taket av slottet i Oslo, og no blir prøveprosjektet evaluert for å sjå om det skal utvidast.
– Vi har behov for å gjere utgreiingar basert på dei erfaringane frå prøveperioden. Det vil nok ta noko tid før vi konkluderer, seier kommunikasjonssjef Guri Varpe på slottet til NTB.
Pilotprosjektet held fram under evalueringa.
Statsbygg har publisert bilde av solcelleanlegget på si nettside.
Statsbesøket i Jordan varer fram til onsdag. Første punkt på programmet er offisiell velkomstseremoni i hovudstaden Amman måndag morgon, der det norske kongeparet blir tatt imot av kong Abdullah og dronning Rania.
Les også:
Solceller på taket av nytt bygg
I planane om eit nytt logistikkbygg i Slottsparken ligg det inne at taket skal bli dekka av solcellepanel og planter. Det såkalla «logistikkbygget» skal ta imot all post og leveransar til slottet, og kontrollere dei før dei blir frakta inn i sjølve slottsbygningen.
Dette bygget skal bli eit «nær nullenergihus», det vil seie at det ikkje skal bruke meir energi enn det skaper sjølv.
Dersom det vidare arbeidet viser at det er mogleg, vil ambisjonen bli oppjustert til plusshus: ein bygning som faktisk produserer meir energi enn han forbruker, opplyser Slottet på sine nettsider.